Fron historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. mai 2012 kl. 10:54 av Kallrustad (samtale | bidrag) (artikkelstart)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyreFron historielag dekker kommunane Nord- og Sør-Fron, altså det gamle Fron prestegjeld. Laget vart stifta 19. august 1928, med Jon Harildstad som formann. Kristofer Fliflet i Gudbrandsdal historielag og historieskrivaren Ivar Kleiven var òg involverte i skipinga av laget. I 1930 ga historielaget ut bygdeboka Fronsbygdin, med Kleiven som forfattar.

Seinare har Fron historielag gitt ut fleire bøker, mellom anna Gardar og slekter i Fron (bind 1 og 2) av Einar Hovdhaugen og Historia om Fron (bind 1 og 2) av Ragnar Øvrelid. Laget har sett opp eit bygdatun på bruket Milsteinstugu i Sødorp, i tillegg til fleire andre hus. Historielaget har eit eige arkiv på Opplandsarkivets Maihaugen-avdeling og arrangerer dessutan historiske vandringar.

Styreleiar i 2008 var Pål Kjorstad.