Furumo (Bykle gnr 2/51)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 21. okt. 2014 kl. 13:18 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: {{Infoboks gard | målform = nn | bgfarge = | navn = Furumo | bilde = | bildetekst = | altnavn = | førstnevnt = | ryddet = | utskil...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Furumo
Utskilt: 1962
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 51
Type: Bustads- og næringseigedom

Furumo er ein bustads- og næringseigedom i Hovden i Bykle kommune. Huset vart oppsett av Kjetil Sveinsson Hovden (sjå bnr 1) til posthus og kafe i 1946. Dottera Åshild overtok det i 1962. Åshild Kjetilsdtr. Hovden, f 1913, d 2000

g 1940 m Såve T. Lidtveit, f 1902, d 1958. Born:
  • Torbjørn, f 1940, militær g m Else Marie Torp, Ås, busett Andebu, Vestfold. Born:
  • Bente Irene, f 1965
  • Stein Erik, f 1968
  • Kjetil, f 1946, g m Birgit B. Breive, sjå Nordbø, bnr 334

Såve Lidtveit var frå Åraksbø, og son åt Torbjørn Lidtveit. I 1954 flutte han og familien til Åmli, der han var prestegardsforpaktar. Etter at han døydde, flutte Åshild og borna oppatt til Hovden. Ho dreiv kafeen her, og dei budde også i det same huset.

Sonen Kjetil overtok huset frå Åshild. Han leiger det ut, og i perioden 1986-1996 var her sportsforretning. Sidan 1996 har her atter vore kafedrift.


0941 Bykle komm.png Furumo (Bykle gnr 2/51) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder