Fylkesarkivet i Vestland

Fylkesarkivet i Vestland tek vare på og formidlar arkiv- og kjeldemateriale frå Vestland fylke. Arkivet samarbeider tett med kommunar og har ulike fysiske og digitale publikumstenester. Frå 1.1.2020 vart Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane slått saman med Hordaland fylkesarkiv og danna Fylkesarkivet i Vestland. Seksjon for arkiv ligg under avdeling for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylke.

Foto: Silje Engeland/ Fylkesarkivet i Vestland.

Organisasjon

Arnt Ola Fidjestøl er leiar for dei tilsette.

Arbeidsområde

Kommunale arkiv

Fylkesarkivet er sentraldepot for eldre og avslutta arkiv for Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar, og kommunane i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. I tillegg tek vi hand om personregistermateriale og rettsdokumentasjon.

Private arkiv

Fylkesarkivet arbeider med innsamling, vern og formidling av privatarkiv i Vestland. Ein kan søke i privatarkiv på arkivportalen.

Stadnamn

Fylkesarkivet arbeider med innsamling, vern og formidling av stadnamn i Vestland. Ein kan søke i register eller sjå stadnamna på kart.

Musikk

Musikkarkivet arbeider med innsamling, vern og formidling av musikk- og dansetradisjonar frå Vestland.

Digital kulturformidling

Pågåande prosjekt:

Foto

31.01.2020 var det publisert ei ny løysing for fotoarkivet. I tillegg kan ein finne bilder som har falle i det fri på Flickr.

Kjelder