Gunnar Berg (1863–1893)

Gunnar Berg (18631893) var kjent som ein av lofotmålarane. Han vart fødd i 1863 i Svolvær i Lofoten som son av væreigar Lars Todal Walnum Berg (1830–1901) og Louise Johnsen (1841–1921) og vaks opp der. Berg var opprinneleg etla for handelskarriere, og etter læretida i forretninga til familien drog han til Bergen for å begynna på handelsutdanninga i 1882. Her vart han oppfordra til å utnytte kunsttalentet sitt, og i 18831885 studerte han målarkunst i Düsseldorf. Etter studia reiste Berg heim til Lofoten der han med hjelp frå foreldra bygde seg eit atelier på Svinøya i Svolvær. Atelieret er modernisert og bevart.

Gunnar Berg (1863–1893)
Fotografi frå Svolvær teke av Gunnar Berg
«Frå Svolvær hamn».

Gunnar Berg pendla mellom Tyskland og Lofoten. Om somrane i Lofoten hadde han eit eige lag med tilreisande. Han både selde kunsten og gav gjestene ei oppleving av staden, landsdelen og kunsten.

I 1893 fekk han kreft og laut amputere det eine beinet. Likevel reiste han til Berlin, der han dødde same vinteren. Gunnar Berg vart gravlagt i gravkapellet til familien på Gunnarholmen i Svolvær. Der vart reist ei byste av honom i 1994.

Gunnar Berg blir i dag rekna som den største målaren frå Nord-Noreg og som ein av dei viktigaste i Noreg innanfor sin genre. Blant dei viktigaste måleria hans må nemnast Fra Svolvær havn og Trollfjordslaget; — det siste viser ein faktisk kampepisode frå Lofotfisket 1890.

Hanv ar også amatørfotograf og tok ei rekke fotografi frå Nord-Noreg frå omkring 1880 til 1893, truleg for å samle skisser til seinare arbeid i utlandet. Ein del av hans glassplater er teke vare på av John Berg i L. Bergs Sønner A/S, Svolvær.

Lenkjer

Litteratur