Guro Tråstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 21. mar. 2012 kl. 16:34 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Litteratur)
Hopp til navigering Hopp til søk
Guro Tråstad. Fograf ukjent.

Guro Tråstad (fødd i Skjåk 28. februar 1891, død på Lom Helseheim 14. mai 1967) var organist og aktiv innan kulturvern og ungdomslagsarbeid. Ho var ei av seks kvinner i Skjåk som stilte som kandidatar på ei rein kvinneliste ved kommunevalet i 1928.

Foreldra var Jon Kristensen Tråstad (f. 1842) og ektefelle Rønnaug Iversdotter Kummen (fødd 1850). Dei var gardbrukarar på Nedre Tråstad i Reppen i Skjåk.[1]

I tillegg til folkeskulen i Skjåk og truleg framhaldsskule i Skjåk eller Lom, hadde Guro gått på Voss folkehøgskule hjå Lars Eskeland. Det var vinteren 1911-1912. Ho gjekk også ved Musikkonservatoriet i Kristiania. På folketeljingstidspunktet 1910 er ho registrert som «skolelev» buande hjå systera Marit i Marlo skule, der Marit hadde telefonsentralen og samstundes var vaktmeister.[2] Det framgår ikkje kva skule ho var elev på ved det tidspunktet.

Frå 1917 og i nær 40 år deretter verka ho som organist ved Skjåk kyrkje. Ho spela også langleik. Ho var oppglødd for historie og kulturvern, og arbeidde i fleire år som omvisar på Norsk folkemuseum og på Maihaugen.

Særleg var ho ivrig i frilynt ungdomslagsarbeid. Ho var med i styret for UL Fram i heimbygda seinast frå 1916 og fram til 1928. Ho var leiar 1916-1917 og 1919-1921, og var elles ein trufast støttespelar så lenge ho hadde helse til det. Ho var æresmedlem i laget.

Guro Tråstad var litterært interessert, og skreiv mellom anna små skodespel til framføring i ungdomslaget. Eit av desse var «Truverdige ektefolk» framført 1940, eit anna var «Eit møte på vegen», framført i 1941. Ho instruerte sine eigne stykke, og vart truleg nytta som instruktør også for andre oppsetningar. Ho skreiv også dikt, og var også ein mykje brukt prologskrivar ved festlege samkomer og høgtider i bygda.

Fråsett den tida ho var utanbygds på skule eller i arbeid, budde Guro Tråstad stort sett på heimegarden Nedre Tråstad, som den nemnde systera Marit overtok etter foreldra og dreiv saman med mannen Jo Slettom. Iallfall i seinare år, etter at nevøen Jonas og familien hadde overteke garden, hadde ho ei stove for seg sjølv på garden. Guro Tråstad levde ugift heile livet.


Referansar

Kjelder og litteratur

  • Folketeljinga 1900
  • Folketeljinga 1910
  • Nekrolog i Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg, juni 1967.
  • Omtale på 50-årsdagen i Laagen 24.2.1941.
  • Ættebok for Skjåk bd. I, side 174, spalte 1
  • UL Fram 100 år 1898-1998 (hefte utgjeve av laget)