Hals (Aure): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 15: Linje 15:
| postnr        = 6590
| postnr        = 6590
}}
}}
{{Garder|Aure|tittel=Gardar i Aure}}
<onlyinclude>{{thumb høyre|2392 Hals paa Tustna.jpg|Hals sett frå vegen rett innanfor [[Stabben på Stabblandet|Stabben]] på [[Stabblandet]]. Vi ser korleis halvøya har form av ein «hals».|Olve Utne}}
<onlyinclude>{{thumb høyre|2392 Hals paa Tustna.jpg|Hals sett frå vegen rett innanfor [[Stabben på Stabblandet|Stabben]] på [[Stabblandet]]. Vi ser korleis halvøya har form av ein «hals».|Olve Utne}}
'''[[Hals (Aure)|Hals]]''' ([[IPA]] [hɑ:ʂ]) er ein [[matrikkelgard]] på [[Tustna]] i [[Aure kommune]] på [[Nordmøre]] i [[Møre og Romsdal]]. </onlyinclude>
'''[[Hals (Aure)|Hals]]''' ([[IPA]] [hɑ:ʂ]) er ein [[matrikkelgard]] på [[Tustna]] i [[Aure kommune]] på [[Nordmøre]] i [[Møre og Romsdal]]. </onlyinclude>
Linje 21: Linje 20:
<onlyinclude>Garden omfattar [[Halsnesset ved Sålåsundet|Halsnesset]] og vidare nordetter [[Sålåsundet]] til omlag midt i gardsbruket Slettet under matrikkelgarden [[Innersetra på Tustna|Innersetra]]. I sørvest grensar garden mot [[Ersvika på Tustna|Ersvika]]. </onlyinclude>
<onlyinclude>Garden omfattar [[Halsnesset ved Sålåsundet|Halsnesset]] og vidare nordetter [[Sålåsundet]] til omlag midt i gardsbruket Slettet under matrikkelgarden [[Innersetra på Tustna|Innersetra]]. I sørvest grensar garden mot [[Ersvika på Tustna|Ersvika]]. </onlyinclude>


<googlemap version="0.9" lat="63.15775" lon="8.17599" zoom="15">63.15775, 8.17599, Hals</googlemap>
== Gardsbruk ==
== Gardsbruk ==



Sideversjonen fra 18. jul. 2013 kl. 22:53

For andre stader med namnet «Hals» eller «Halsen», sjå Hals.

Mal:Infoboks matrikkelgård Mal:Thumb høyre Hals (IPA [hɑ:ʂ]) er ein matrikkelgardTustna i Aure kommuneNordmøre i Møre og Romsdal.

Garden omfattar Halsnesset og vidare nordetter Sålåsundet til omlag midt i gardsbruket Slettet under matrikkelgarden Innersetra. I sørvest grensar garden mot Ersvika.

<googlemap version="0.9" lat="63.15775" lon="8.17599" zoom="15">63.15775, 8.17599, Hals</googlemap>

Gardsbruk

Bnr. 1: Oppistua

Oppistua sett frå Sålåsundet.
Foto: Olve Utne

Mal:Infoboks gardsbruk I Skattematrikkelen 1647 står Michell Hals nemnt med 3 rdr. skatt. Som eigar og bygslar står kongen med 1 spd. skyld.

Bnr. 2: Bukta

Mal:Infoboks gardsbruk

Bnr. 3: Halsbogen

Sjølve Halsbogen er ei lita bukt med eit smalt nes utanom.
Foto: Olve Utne

Mal:Infoboks gardsbruk

Halsbogen søndag den 26. april 1931. Kvinna som sitt på stolen er Johanna H. Halsbog, f. Enge (1877–1955). Dei som står attom er, frå venstre mot høgre, Johan (f. 1916), Ågot (f. 1908), Peder (f. 1913), Anna Stokke (frå Valsøyfjorden?) og Aslaug (f. 1911).

Første gongen vi veit at det budde folk i Halsbogen var i 1836, da Erik E. Vågland (1808–18??) frå Ytre Vågland i Halsa byksla bruket som husmannsplass. Han og kona, Ildri Johannesdt. Korsnes (1816–1870), hadde ni born saman, men berre fem av dei voks opp. I folketeljinga i 1865 står Halsbogen registrert med tre kyr, 16 sauer og ein gris. Det vart sådd 2 tynner havre og sett ei tynne potetar.

Halsbogen vart frådelt Oppistua (bnr. 1) ved skylddeling den 20. september 1873. Kjøparen vart geitbåtbyggjaren Martinus P. Lystad (1840-1901) frå Ljustad på Tustna. Han og kona, Anne Johansdt. Vaagen (1836–1924), fekk fire born saman. Sonen Albert M. Halsbog (1870–1936) tok over garden i 1901. Han og kona, Johanna H. Enge (1877–1955) frå Engjan i Valsøyfjorden, fekk seks born saman. I tillegg til gardsdrifta dreiv dei med noko kleppfisktørking, og nokre få år dreiv dei òg handel, men med lite inntekt. Dei overdrog Halsbogen til sonen Peder, som i sin tur selde til bror sin Halvard i 1938. Halvard A. Halsbog (1904–1983) gifta seg med Gudrun Danielsdt. Hagerup (1904–1979), dotter av bildehoggaren Daniel Hagerup, i 1939. Dei fekk to born, og etterslekta deira eig framleis garden.

Bnr. 4: Halsmyra (òg kalla Haugen)

Mal:Infoboks gardsbruk

Bnr. 5: Stranda

Stranda.
Foto: Olve Utne

Mal:Infoboks gardsbruk

Bnr. 6: Søstua

Søstua sett frå Sålåsundet.
Foto: Olve Utne

Mal:Infoboks gardsbruk

Bnr. 7: Bortistua

Bortistua med Stamparhaugen og Tuvå i bakgrunnen.
Foto: Olve Utne

Mal:Infoboks gardsbruk

Bnr. 8: Nesset

Mal:Infoboks gardsbruk

Bnr. 9: Dalan (Dalen)

Dalan (dial. ["dɑɽaɲ:] (Mal:NA), ["dɑɽɔ] (Mal:D)) vart bygsla den 27. desember 1847, og den 8. september 1866 vart plassen frådelt b.nr. 6 (Søstua) som sjølveigande bruk. Mal:Infoboks gardsbruk

Bnr. 10: Slettet

Slettet (dial. ['ʃlet:ɛ] dativ ["ʃlet:a]), som opphavleg hørte til b.nr. 6 (Søstua), vart tidleg slege saman med b.nr. 4 (Steinteigen) under g.nr. 24 (Innersetra). Innanfor den halvparten av bruket som hørte til Søstua vart det òg bygd skule i 1890-åra. Denne skulen vart nedlagt i 1972, men skulehuset står framleis der og blir bruka som skulemuseum. Mal:Infoboks gardsbruk

Bnr. 11: Haugen (Sollien)

Marie Isaksdt. Kalland.

Bruket «Sollien», oftast kalla «Haugen» (uttale: [hʌ:’n] (Mal:NA), ['hʌ:ja] (Mal:D)) vart frådelt bnr. 1 (Oppistua) ved skylddeling i 1899, men skøytet vart først gjeve i 1918. Kjøparen, som òg bygde husa her, var Edvard Andersson frå Vullum i Halsa. Han og kona, Marie Isaksdt. Kalland (f. 1856) selde bruket i 1923 og flytta til Gullstein. Mal:Infoboks gardsbruk Peder A. Ersvik (18911977) frå Ersvika kjøpte bruket i oktober 1923. Han var gift med Gurå Olsdt. Brakstad (1896– * ). Slekta deira eig framleis gardsbruket.

Bnr. 12: Bjørkheim

Mal:Infoboks gardsbruk

Bnr. 14: Glemmen

Huset i Glemmen. Butikken låg i sokkeletasjen.
Foto: Olve Utne

Marit K. Halsnes (1916200?) frå Stranda (bnr. 5) og Einar A. Widding (19162008) fekk frådelt denne eigedommen frå Stranda og bygde hus med butikk i sokkeletasjen her. Dei flytta inn i 1952. Butikken, Soleimsund handel, dreiv dei fram til 1. mai 1982. Mal:Infoboks gardsbruk

Bruk utan bruksnummer

  • Tåa
  • Iverteigen

Kjelder

Mal:Portal