Halvor Arntzen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 14. mai 2012 kl. 06:40 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Mellomlagring)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Halvor Arntzen (fødd i Grue 27. september 1756, død i Christiania 19. oktober 1832) var utdanna teolog. Han var kapellan fleire stader før han vart sokneprest fyrst i Lårdal så i Lom.


Familie

Foreldra var proprietær og krigsråd Ole Arntzen (1731-1811) på storgarden Grinder i Grue og hans fyrste kone Karen Pedersdotter Vøyen (1733-1769). Båe foreldra kom frå bondefamiliar, men Ole Arntzens krigsrådstittel vitnar om at dei sjølve hadde avansert sosialt inn i dei kondisjonerte rekkjer.

Halvor hadde 11 sysken som voks opp, og fem halvsysken frå farens andre ekteskap med Marthe Hansdotter Gjerdrum. Syskenflokken, iallfall gutane, fekk uvanleg god utdanning. Foreldra heldt huslærarar som gav dei grunnutdanninga. To av brørne/halvbrørne til Halvor vart teologar som han sjølv, fem vart juristar, ein filolog og tre offiserar. Ein av halvbrørne var høgsterettsassesor, stortingsmann og statsråd Andreas Gjerdrum Arntzen (Grue-boka II:586)

Halvor Arntzen var gift med Birgitta Juel. Dei hadde så vidt vi veit ikkje born, men skal ha teke til seg ei fosterdotter.

Utdanning og embetskarriere Halvor Arntzen kom som tok philosophicum (førebuande universitetsstudium før fagstudiet) i 1773, og teologisk embetseksamen i 1777. Han var deretter fyrst i to år hjå ein sokneprest Monrad. Etter det flytta Arntzen heim til Grue, der han hjelpte den aldrande og helsesvekka sokneprest Hans Gjerdrum i kallet, og vart utnemnd til kapellan for han i 1782, same året som Gjerdrum døydde. Gjerdrum var far til Halvor Arntzen si stemor. Inntil den nye presten tok til i Grue i desember 1783, var det Arntzen som styrte det vakante presteembetet etter Gjerdrum. I 1784 vart Arntzen utnemnd til personellkapellan for sokneprest Mentz Rynning i nabokallet Vinger. I bygdeboka for Lårdal er det notert at Arntzen var kapellan i fire år i Tynset, etter to år i Grue og to år i Vinger.(Lårdalsoga side 87.)

Det fyrste soknekallet sitt fekk Halvor Arntzen i Lårdal i Øvre Telemark (i nåverande Tokke kommune) frå 1789. Der var han til 1800, da han vart utnemnd til sokneprest i Lom i Gudbrandsdalen.

I folketeljinga 1801 er Arntzen registrert på prestegarden i Lom saman med kona og tre tenestefolk. http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=3&filnamn=f18010514&gardpostnr=233&personpostnr=3405&merk=3405#ovre På det tidspunktet var prestegarden framleis driven av enkja etter den førre presten der, i hennar nådens år. Ho har 10 tenestefolk til hjelp og ni underliggjande husmannsplassar. Ein kan rekne med at Arntzen fekk denne arbeidsstokken til sin disposisjon når den tid kom. Lom prestegjeld var eit rikt kall. http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=3&filnamn=f18010514&gardpostnr=1#nedre

Om lag på same tid som Arntzen kom til bygda, hadde det oppstått eit aktivt haugiansk miljø i prestegjeldet, særleg i annekssoknet Skjåk Saman med sin kapellan Hans Hagerup Gyldenpalm engasjerte Arntzen seg for å stogge denne rørsla, og medverka til at tre av aktivistane vart arresterte, blant dei Syver Hyrve (far til Sylvester Sivertsson)..

Samfunnsinnsats elles Under krigen i 1808 organiserte sokneprest Arntzen innsamling og sending av forsyningar til avdelingane som kjempa i Kongsvinger-traktene. Det dreia seg mellom anna 360 tønner rug som han fekk bygdefolket til å levere vederlagsfritt. I dette arbeidet hadde Arntzen heilt sikkert god hjelp av si lokale tilknytning til stroka der kampane stod som hardast.

I 1814 var sokneprest Arntzen ein av to valmenn frå prestegjeldet som valde amtets representantar til Riksforsamlinga på Eidsvoll.

Halvor Arntzen søkte og fekk avskil frå embetet i 1825. Dei siste åra hadde han tilhald hjå fosterdottera si i Christiania. Ho var gift med Christian Schou.

Kjelder og litteratur