Ole Arntzen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Inngangsparti i hovudbygningen på Grinder. Ole Arntzens initialar finst saman med årstalet over døra.
Foto: Ukjent

Ole Arntzen (fødd i Grue 23. april 1731, død same stad 7. mars 1811) var gardbrukar og krigsråd. Han var fødd inn i bondestanden. Rangtittelen krigsråd vart tildelt han av kong Christian VII i 1774, og innebar at Arntzen definitivt tok steget frå bondestanden og inn i dei kondisjonerte sirklar. Det er såleis meir dekkande å kalle han proprietær enn bonde. Sin nye standsposisjon hadde han oppnådd i kraft av materiell velstand, danningsnivå og livsstil, sosial omgangskrets og slektsrelasjonar. Arntzen dreiv storgarden Grinder, som han hadde overteke etter foreldra. Han åtte mykje skog og jordegods, han dreiv sagbruk og teglverk og omfattande utlånsverksemd. Ein periode i ungdomen var han lensmann i bygda.


Familie

Foreldra var gardbrukarar på Grinder, Arne Olsen (1697-1748) og Berte Nilsdotter (1708-1747). Arne var oppvaksen på Oppset på andre sida av elva for Grinder. Men Grinder tilhøyrde også familien, og Arne overtok drifta der i 1720. Berte var frå storgarden Hol, Nes på Hedmarken. Arne Olsen var underoffiser med graden capitaine des armes, og dessutan bygdelensmann i Grue. Han er også omtala som «studiosus», noko som kan innebere at han hadde studert i København. Arne og Berte heldt huslærar til borna. Ole Arntzens sosiale avansement kan såleis seiast å ha vore godt førebudd.

Berte Nilsdotter tilhøyrde bondearistokratiet på Hedmarken. Ho var grandtante til bondeføraren Halvor Hoel og stortingsmann Jacob Hoel.

Ole Arntzen var den fjerde i rekka av ein syskenflokk på seks. Også syskena oppnådde gode, til dels kondisjonerte sosiale posisjonar:

Ole Arntzen var gift to gonger og fekk 21 born.

Fyrste ekteskapet var med Karen Persdotter Vøyen frå Bærum (1733-1769). Dei gifta seg i 1752. Karen var syster til Sven Vøyen som var gift med Oles syster Johanne. Ole og Karen fekk 11 søner og fem døtre. Fire av desse døydde som born. Dei som voks opp var:

  • Arne (1752-1781). Studerte i København.
  • Peder
  • Birgitte Truine, gift med sokneprest i Frogn Egedius Sem.
  • Halvor(1756-1835), sokneprest Lårdal og Lom
  • Johanne, fyrste gong gift med Johan Lund, andre ekteskap med Ulrik Frederik Hals.
  • Kristian, prest, fyrst i Hardanger, så i Danmark. Gift med Anne Sofie Ravn.
  • Ole, prest i Danmark.
  • Malene, gift med offiseren Frederik Wilhelm Lützow.
  • Karen, gift med offiseren Hans de Place.
  • Nils, oberst i russisk teneste og gift i Russland.
  • Sven, bonde i Grue.
  • Engebret, bonde på Sjælland.

Sønene i dette ekteskapet tok familienamnet Arntzen.

Ole Arntzen gifta seg andre gongen i 1772 med Marthe Hansdotter Gjerdrum (1747-1797), dotter til soknepresten i Grue. Dei fekk fem søner, som til dels brukte familienamnet Gjerdrum, anten som det einaste eller i kombinasjon med Arntzen:

  • Hans
  • Ole, offiser. Eigar av Tjura spikerbruk.[1]
  • Karelius.
  • Andreas Arntzen, magistratspresident, høgsterettsassesor, stortingsmann og statsråd. I likskap med broren Ole åtte han eit tid Tjura spikarverk.[2]
  • Arne (1782-1846) sorenskrivar i Solør og Odalen 1824-1846.[3]

(Familiens vita er i hovudsak henta frå Grueboka, supplert mellom anna med Ovenstads militærbiografiar. Det er ein del som ikkje stemmer overeins mellom dei to kjeldene. Fyrst og fremst gjeld det at det hos Ovenstad ser ut til å ha skjedd ei samanblanding av vita for Andreas og Arne Arntzen.)

Lensmann

Ole Arntzen fekk som 17-åring overta lensmannsombodet etter faren. Den utnemninga skal etter seiande ha kosta 100 riksdalar og ein hest til futen. Korleis det enn var med dei faktiske forholda rundt dette, kan det ha gjort sitt til Arntzen sa frå seg ombodet seks år seinare.

Garden

Hovudbygningen på Grinder frå 1769.
Foto: Ukjent

Ole Arntzen overtok Grinder ved skiftet etter faren i 1749. I 1765 kjøpte han nabogarden Vestgarden Hveberg og la den attåt Grinder.

Han dreiv den utvida garden som eit mønsterbruk. Eit prov på det er at han fekk sølvmedalje for god høyavling frå Det kongelige danske landhusholdningsselskab. Han bygde eit steinfjøs med plass til 74 krøtter. På byrjinga av 1800-talet vart garden omtala som det største jorbruket i futedømmet.[4] Garden hadde da 10 hestar, 60 kyr, 40 småfe og ein utsånad på 74 tønner.

Det låg betydeleg skog til garden. Særleg verdifulle var skogstrekningane som låg til dei to setrene som høyrde til Grinder.

I følgje folketeljinga 1801 budde det da 23 personar på sjølve garden. Det var eigarfamilien inklusive ein del nære slektningar, 15 tenestefolk og ein losjerande skomakar. Det låg seks husmannsplassar til med i alt 29 menneske. Den eine husmannsfamilien ser det rett nok ut til sjølv hadde to tenestefolk. Ein annan stad er det nemnt at det låg 9-10 plassar til garden.[5].

Ole Arntzen fekk reist ein ny, standsmessig hovudbygning på Grinder. Den stod ferdig i 1769. Den var i rokokkostil, og i fyrste og andre etasjen var det til saman 20 rom. I tillegg kom ein kjellaretasje under heile bygningen, som romma bryggerhus og oppbevaringsrom.

Det vart anlagt hage, og Arntzen hadde fast tilsett gartnar (urtegårdsmann Erik Eriksen nemnd 1779 og 1791.[6]

Verksdrift

I tillegg til gardsdrifta hadde Arntzen kvernbruk i elva Tjura, og sagbruk (bygdesager) i Tjura og Agnåa. På saga i Tjura vart det i 1777 skore litt over 5000 bord, så den var ikkje ubetydeleg. Men produksjonen var til innanbygds bruk.

I 1766 bygde Arntzen opp eit teglverk på garden Nes. Arntzen åtte sjølv halvparten av den garden. Ein annan del av teglverket låg på Vestgarden Hveberg, som Arntzen altså hadde lagt til hovudgarden Grinder. Teglverket var i drift til langt inn på 1800-talet. Etter tid og stad var det ei betydeleg produksjonsverksemd. Omkring 1790 arbeidde det 12 mann med seks hestar der sommarstid. Om vinteren dreiv to mann fast i den pottemakarverkstaden som Arntzen også fekk i stand i tilknytning til teglverket. Produksjonen i 1790 var 15000 murstein og om lag like mange takstein.[7] Arntzen fekk medalje frå Det kongelige danske landhusholdningsselskab også for teglverksdrifta, som han tidlegare hadde fått det for jordbruket.

Godseigar og pengeutlånar

På Ole Arntzens tid gjekk mange av skoggardane i distriktet over til nye eigarar blant trelasthandlarane i Christiania og Fredrikstad. Ole Arntzen var eit døme på at også ein innanbygds mann kunne byggje seg opp eit jordegods i konkurranse med borgarskapet. Arntzen hadde venteleg det same føremålet med godsdanninga som byborgarane, nemleg tømmer- og trelastavsetnad. Ole Arntzen hadde 51 gardar og gardpartar i jordeboka si.

Nær samanheng med dette hadde den verksemda han dreiv som pengeutlånar i bygda.

Ole Arntzen vart ein rik mann. Ved skiftet etter han i 1811 vart buet registrert med ein nettoformue på 250 000 riksdalar.[8] Det var ein formidabel sum, jamvel om ein har i minnet at inflasjonen under Napoleons-krigane hadde forringa pengeverdien på det tidspunktet. Familietradisjonen fortel at krigsrådstittelen skal ha kosta Ole Arntzen 10 000 riksdalar i 1774.[9]Det er uvisst kor realistisk det talet er.

Referansar

  1. Hveberg, H. 1949:474.
  2. Kraft 1820:496-497.
  3. Næss, H,E. (red.) 1991:205.
  4. Kraft 1820:535.
  5. Coldevin, A. 1950:338
  6. Hveberg, H. 1948:256)
  7. Hveberg, H. 1948:258-259.
  8. Coldevin, A. 1950:339.
  9. Hveberg, H. 1949:586.

Kjelder og litteratur

  • Coldevin, Axel: Norske storgårder I, Aschehoug, Oslo 1950.
  • Hveberg, Harald: Grueboka I. Bygda. Grue kommune 1948.
  • Hveberg, Harald: Grueboka II. Gardene. Grue kommune 1949.
  • Kraft, Jens: Topographisk-Statistisk Beskrivelse over Kongeriget Norge. I. Det Søndefjeldske Norge. Christiania 1820.
  • Næss, Hans Eyvind (red.): For rett og rettferdighet i 400 år. Sorenskriverne i Norge 1591-1991. Utg. av Justisdepartementet i samarbeid med Fabritius forlag, 1991.
  • Ovenstad, Olai: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Bind 1-2. Norsk Slektshistorisk Forening. Oslo 1948-1949. Digital versjon
  • Ole Arntzen i Historisk befolkningsregister.
  • Ole Arntzen i folketelling 1801 for Grue prestegjeld fra Digitalarkivet