Handelsskipsforliset ved Bud kring slutten av 1700-talet: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
({{nn}})
Linje 13: Linje 13:
[[kategori:Forlis]]
[[kategori:Forlis]]
[[kategori:skipsvrak]]
[[kategori:skipsvrak]]
{{nn}}

Sideversjonen fra 25. jan. 2016 kl. 09:33

Handelsskipsforliset ved Bud, rett sørom Hustadvika, i Romsdal kring slutten av 1700-talet var ukjent fram til skipsvraket vart funne i 2003. I samband med Ormen Lange-utbygginga vart det gjort marinarkeologiske undersøkingar langs traséen til den planlagte gassrørledninga frå Ormen Lange-feltet til Nyhamna under regi av NTNU Vitenskapsmuséet ved professor Marek E. Jasinski. På 170 meters djupn mellom Bud og Aukra fann dei vraket av eit kring 30 meter / 100 fot) langt skip. Det vart gjort omfattande marinarkeologiske undersøkingar ved funnet i 2004 og 2005. På grunnlag av lasta, som inkluderer over 1 000 vinflasker, tre kompass, to oktantar, kinesisk porselen og mykje organisk materiale — truleg matvarer som mjøl, sukker eller liknande. Arkeologane fann tretti myntar — éin nederlandsk og resten russiske frå Katarina II av Russland (tsarina frå 1762 til 1796) si tid. Det har vore spekulert i at skipet kan ha vore russisk, men det kan òg har vore skandinavisk eller vesteuropeisk. Undersøkingar i Noreg så vel som Russland og fleire land i Vest-Europa har hittil ikkje vore nok til å finne ut kvar skipet kom frå.

Det ser ut som forliset fann stad ein gong etter 1762 og truleg ikkje seinare enn dei første åra av 1800-talet. Det er uvisst om skipsklokka dei fann, som er datert 1745, var ny eller bruka. Underleg nok finst det ikkje lokal tradisjon om dette forliset.

Kjelder