Hans Dedekam (1872–1928): Forskjell mellom sideversjoner
(setter inn portrett) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 14: | Linje 14: | ||
* {{hbr1-1|pf01052055038506|Hans Dedekam}}. | * {{hbr1-1|pf01052055038506|Hans Dedekam}}. | ||
{{DEFAULTSORT:Dedekam, Hans}} | {{DEFAULTSORT:Dedekam, Hans}} | ||
[[Kategori:Personer]] | [[Kategori:Personer]] |
Nåværende revisjon fra 23. sep. 2022 kl. 22:55
Hans Dedekam (fødd 27. august 1872 i Kristiania, død 1928 i Oslo) var kunsthistorikar og museumsmann.
Foreldra var byråsjef Hans Ellefsen Dedekam (1844-1912) og Thora Wilson (f. 1848). Han vart i 1914 gift i Trondheim med Anna Kamilla Hansen (f. 1886).
Dedekam tok examen artium i 1891 ved Aars og Voss skole i Kristiania. Han vart cand.mag. i 1898 og arbeidde eit par år som assistent ved Nasjonalgalleriet. I 1900 vart han tilsett som assistent og bibliotekar ved Kristiania Kunstindustrimuseum. Der arbeidde han til han i 1909 vart direktør for Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondhjem etter Jens Thiis. I 1919 vart han direktør for Kristiania Kunstindustrimuseum.
Hovudverket hans er Hvitsøm fra Nordmør (1914), eit stort, plansjeverk, der han i innleiinga gjev interessante tilskot til forståinga av tilhøvet mellom europeisk stilkunst og norsk folkekunst.
Kjelder og litteratur
- Brøgger, A.W.: artikkel i Norsk biografisk leksikon bind III. Oslo 1926.
- Durban, Arne: artikkel i Norsk allkunnebok band III. Oslo 1952.
- Studentene fra 1891. Utg. Grøndahl. 1916. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Hans Dedekam i Historisk befolkningsregister.