Hans Hansson Urdahl (1809–1873): Forskjell mellom sideversjoner
m (kategorisplitting) |
(→Kjelder og litteratur: var også gardbruker) |
||
Linje 27: | Linje 27: | ||
[[kategori:Luster kommune]] | [[kategori:Luster kommune]] | ||
[[Kategori:Ordførere]] | [[Kategori:Ordførere]] | ||
[[Kategori:Gardbrukere]] | |||
[[Kategori:Stortingsrepresentanter]] | [[Kategori:Stortingsrepresentanter]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1809]] | [[Kategori:Fødsler i 1809]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1873]] | [[Kategori:Dødsfall i 1873]] |
Sideversjonen fra 27. mai 2015 kl. 10:56
Hans Hansson Urdahl (fødd 25. desember 1809, død 26. desember 1873) var gardbrukar og ordførar i Luster i Sogn og Fjordane.
Urdahl voks opp på Søvde i Luster og var son av lensmann og stortingsmann Hans Arneson Urdahl (1769-1829) og Metta Torgersdotter (1779-1847) frå Bringe.
Han var berre 16 år då han 3. juni 1826 fekk skøyte på Søvde etter foreldra. Han gifte seg 17. juni 1829 med enkja Britha Jørgensdotter (ca 1803-1896) frå Vigdalen. Hans og Britha dreiv Søvde til eldste sonen Hans tok over i 1868.
Hans Urdahl var den fyrste postopnaren i Luster, og han var forlikskommisær, heradskasserar og ei tid konstituert lensmann. Han var medlem i kommunestyret i mange år og ordførar i Luster i to korte periodar 1844-45 og 1862-63.
Urdahl vart vald til fyrste vararepresentant for Nordre Bergenhus amt under stortingsvalet 1842, men vart ikkje innkalla.
Hans og Britha Urdahl fekk sju born:
- Metta Marie Hansdotter Urdahl (1830-1905), gift med gardbrukar Ole Sjurson på Fuhr
- Hans Hansson Urdahl (1832-1913), som tok over heimebruket
- Jørgen Christopher Hansson Urdahl (1834-1913), ei tid landhandlar på Fagernes under Talle
- Torkild Hansson Urdahl (1837-1885), var òg landhandlar på Fagernes under Talle
- Ole Peder Bringe Hansson Urdahl (1841-1916), ugift, var frukthandlar
- Arne Hansson Urdahl (1844-1915), tok lærarutdanning og flytte til Våler i Solør
- Sophia Hansdotter Urdahl (1848-1935), gift med gardbrukar Hans Christenson på Ytreland under Hæri i Luster
Kjelder og litteratur
- Lindstøl, Tallak. (1914). Stortinget og statsraadet 1814-1914. Bd. 1 del 2. Biografier. Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri, s. 916. (Digital utgåve, NBdigital)
- Øyane, Lars E. (1987). Dale 2 og Nes sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 3). Gaupne: Luster kommune, s. 16-17.