Harald Ulrik Sverdrup (1813–1891)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. jan. 2013 kl. 17:54 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Harald Ulrik Sverdrup''' (fødd 18. februar 1813 i Tønsberg, død 23. april 1891 i Balestrand) var prest og politikar. [[Johan Sverdrup var bror hans, og han var far til ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Harald Ulrik Sverdrup (fødd 18. februar 1813 i Tønsberg, død 23. april 1891 i Balestrand) var prest og politikar. [[Johan Sverdrup var bror hans, og han var far til Jakob Sverdrup.

Sverdrup var son til godsforvaltaren og landbrukslæraren Jacob Liv Borch Sverdrup, han vart undervist heime fram til han gjekk fire år ved middelskulen i Larvik. Han vart student i 1831 og cand. theol. i 1837. Dei neste seks åra arbeidde han på universitetsbiblioteket i Christiania, samstundes som han var lærar på Nissens skole og lærar for kvinnelege fangar på tukthuset i byen.

Den 29. november 1845 vart han utnemnd til residerande kapellan i Leikanger i Sogn og Fjordane før han vart utnemnd til sokneprest i Balestrand ved utskiljinga av embetet frå Leikanger 1. mars 1849. Dette embetet hadde han heilt til 1883. Alt i 1853 fekk han seg ein helseknekk og heldt sidan personleg kapellan som tok seg av gudstenestene. Sjølv avgrensa han embetsgjerninga til sjelesørgjarverksemda og den administrative sida av embetet.

Sverdrup var svært sentral i politikk og samfunnsliv. Han var ordførar i Leikanger 1848-1849, og i den nyoppretta kommunen Balestrand 1849-79. Han stod bak opprettinga av Balestrand sparebank i 1847, der han var direktør til 1886. Som medlem i amtstinget var han sterkt medverkande til skipinga av Nordre Bergenhus amts dampskipsselskab i 1858, og han var styremedlem i selskapet heilt til kring 1880. Han var elles forlikskommissær den lange perioden 1856-89. Det var truleg på hans initiativ at Balestrand lærerskole vart skipa i 1863, og han hadde ansvaret for lærarskulen til han vart nedlagd i 1880.

Sverdrup representerte Nordre Bergenhus amt på Stortinget frå 1851 til 1869, og 1874-76. Grunna sjukdom møtte han ikkje i 1858 og 1875. Han var formann i kyrkjekomiteen 1851, sidan medlem i same fram til 1860, deretter 1862-69 i kyrkjekomite nr 2, 1874-76 i kyrkjekomiteen att. Frå 1854 var han medlem av valkomiteen i alle seinare storting han var med på. Elles sekretær i adressekomiteen 1851, komiteen om representantfordelinga 1857, komiteen om statthaldarsaka 1859-60, 1864 om den dansk-tyske krig, 1874 av jarnbanekomiteen. I 1860 var han med i deputasjonen som Stortinget sende til kongekroninga i Stockholm. År 1853 var han medlem av ein kongeleg kommisjon om fattiglovgjevinga.

Han skreiv ei forklaring, Udtog af Dr. Erich Pontoppidans Forklaring til de Enfoldiges Nytte, som kom ut fyrste gongen i 1856 og sidan i mange opplag.

Sverdrup gifte seg 4. juli 1844 med Caroline Metella Suur (1816-1903), dotter til sokneprest i Borre Jakob Rosted og Margrethe Elisabeth Bøyesen. Dei fekk fem søner som alle vart teologar og tre døtrer som alle vart gifte med prestar.

Kjelder