Hebraisk: Forskjell mellom sideversjoner
(kat) |
m (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:») |
||
Linje 7: | Linje 7: | ||
[[Kategori:Enkeltspråk]] | [[Kategori:Enkeltspråk]] | ||
[[ | [[Kategori:jødisk historie og kultur]] | ||
{{nn}} | {{nn}} |
Sideversjonen fra 16. nov. 2023 kl. 13:11
Hebraisk (nynorsk/bokmål/dansk) eller hebræisk (dansk; svensk hebreiska) er eit språk som hører til den vestsemittiske greina av afroasiatiske språk. Språket, som er nærmast i slekt med akkadisk og arameisk, var språket til hebrearane og er i si eldste litterære form (bibleks hebraisk) hovudspråket i den jødiske Tenákh eller Den hebraiske bibelen, som i lett omarbeidd form svarar til det kristne Gamle testamentet.
Rabbinsk hebraisk er hovudspråket i Misjná, som utgjer grunnstammen i Talmúd, og har elles vore mykje i bruk som liturgisk, akademisk og litterært språk blant både portugisarjødar og asjkenazím framover mot nyare tid.
Moderne israelsk hebraisk har utgangspunkt i rabbinsk hebraisk med ein god del påverknad frå blant anna jiddisch. I Noreg er hebraisk først og fremst bruka som liturgisk språk i jødedommen og i varierande grad som dagligspråk blant den nasjonale minoriteten jødar; og i tillegg spelar språket ei viss rolle innanfor kristendommen — dels som grunnspråk for Det gamle testamentet, og dels som akademisk disiplin — det siste kanskje særlig i evangelisk-luthersk kristendom.