Heimeindustri i Gjesdal på 1800-talet: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
(Ny side: '''Husflid og heimeindustri''' kjenneteikna Rogalands-bygda Gjesdal på 1800-talet. Eilert Sundt omtala bygda som særl...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
'''[[Heimeindustri i Gjesdal på 1800-talet|Husflid og heimeindustri]]''' kjenneteikna Rogalands-bygda [[Gjesdal kommune|Gjesdal]] på 1800-talet. [[Eilert Sundt]] omtala bygda som særleg «vinskibelig» (flittig, tiltaksam), og han vigde eit eige kapittel til Gjesdal i boka si ''Om Husfliden i Norge'' frå 1867. I fyrste rekkje dreia det seg om ullspinning og marknadsretta vadmålsveving, men også handverksproduksjon for sal av ljåar, vognhjul og anna utstyr og reiskapar til jordbruket. Særlig utviklinga av ullvareproduksjonen er eit eksempel på [[heimeindustri]] eller «[[protoindustri]]» som utviklar seg i ubroten linje til moderne maskinbasert storindustri. Medan Gjesdal før 1870 var ei rein landbruks- og handverksbygd, var det i 1915 var det 11 til dels store industriverksemder der med ei industrisysselsetjing på 331 årsverk. Fremst blant desse verksemdene var ullvarefabrikken som Ole Nielsen bygde opp på [[Ålgård]] frå 1870 av (AS Aalgaard Ul.
'''[[Heimeindustri i Gjesdal på 1800-talet|Husflid og heimeindustri]]''' kjenneteikna Rogalands-bygda [[Gjesdal kommune|Gjesdal]] på 1800-talet. [[Eilert Sundt]] omtala bygda som særleg «vinskibelig» (flittig, tiltaksam), og han vigde eit eige kapittel til Gjesdal i boka si ''Om Husfliden i Norge'' frå 1867. I fyrste rekkje dreia det seg om ullspinning og marknadsretta vadmålsveving, men også handverksproduksjon for sal av ljåar, vognhjul og anna utstyr og reiskapar til jordbruket. Særlig utviklinga av ullvareproduksjonen er eit eksempel på [[heimeindustri]] eller «[[protoindustri]]» som utviklar seg i ubroten linje til moderne maskinbasert storindustri. Medan Gjesdal før 1870 var ei rein landbruks- og handverksbygd, var det i 1915 var det 11 til dels store industriverksemder der med ei industrisysselsetjing på 331 årsverk. Fremst blant desse verksemdene var ullvarefabrikken som [[Ole Nielsen (1827-1915)|Ole Nielsen]] bygde opp på [[Ålgård]] frå 1870 av ([[Aalgaard Uldvarefabriker AS]]).
 
== Ullvare ==
Eilert Sundt kunne slå fast at spinning og veving foregjekk i betydeleg omfang i snart sagt kvar heim i Gjesdal. Det vart sagt at dette var hovudgjeremålet for dei fleste kvinnene i kvart hushald mellom oktober og april, og også onnemellom i sommarhalvåret. Også born, gamle og til dels også vaksne, fullføre menn tok del med karding og anna, særleg på vinterkveldane. Karane, jamvel husbonden sjølv, kunne ta på seg typisk «kvinnfolkarbeid» som fjøsarbeid for at kvinnene i hushaldet skulle få halde mest mogleg på med spinning og veving.
 
Salsproduktet var ferdig vevnad. Vadmål frå Jæren, derunder også rekna Gjesdal, utgjorde i følgje Sundt ein hovudartikkel blant det som vart selt på marknadene i Stavanger. Den arbeidskrevjande råvarebearbeidinga med karding og spinning vart med tida i stor mon sett bort til dei mekaniske ullspinneria som så smått byrja kome i distriktet frå 1860-talet av. Ullspinneria tok på seg «leigespinning», dvs. at bøndene leverte ulla si og fekk ferdig garn attende. Industripioneren Ole Nielsen etablerte eit ullspinneri på Ålgård i 1870. Noko seinare kom det tre ullspinneri i gang på [[Oltedal]]. Dei mekaniske bedriftene gjorde det stort sett slutt på spinninga i heimane. Etter kvart gjekk også vadmålsproduksjonen over frå heimeindustri til fabrikkindustri som vart etablert i Gjesdal og andre stader på Jæren.
 
Det fyrste og fremste dømet er verksemda på Ålgård, der Ole Nielsen steg for steg bygde ut spinneriet sitt til å bli ein stor tekstilfabrikk. I lag med fleire verksemder i og utanfor Jæren, danna  Aalgaard Uldvarefabriker AS konsernet [[De Forenede Ullvarefabrikker AS]] i 1916.
 
Ullvareverksemdene på Oltedal var [[Oltedals Uldspinderi]] 1886, [[Oltes Uldvarefabrik]] 1894, og [[Vangs ullspinneri]] frå ca. 1900. Også veveri kom i gang, mellom anna [[Svanedal Ullvarefabrikk AS]] frå 1908. Ei drivande kraft i den fyrste industrireisinga på Oltedal var [[Ludvig Lima]] (1842-1921), som hadde byrja som bokhaldar og aksjonær hjå Ole Nielsen på Ålgård. Samarbeidet mellom Nielsen og Lima tok slutt i 1877, og Lima tok til å verke på fleire næringssektorar i tillegg til spinneria, derunder mekanisk industri retta mot landbruket.
Veiledere, Administratorer
9 136

redigeringer