Heimeindustri i Gjesdal på 1800-talet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Væren i Gjesdal sitt kommunevåpen viser både til sauehaldet som landbruk og til ullvareproduksjonen som har så lang tradisjon i bygda.

Husflid og heimeindustri kjenneteikna Rogalands-bygda Gjesdal på 1800-talet. Eilert Sundt omtala bygda som særleg «vinskibelig» (flittig, tiltaksam), og han vigde eit eige kapittel til Gjesdal i boka si Om Husfliden i Norge frå 1867. I fyrste rekkje dreia det seg om ullspinning og marknadsretta vadmålsveving, men også handverksproduksjon for sal av ljåar, vognhjul og anna utstyr og reiskapar til jordbruket. Særlig utviklinga av ullvareproduksjonen er eit eksempel på heimeindustri eller «protoindustri» som utviklar seg i ubroten linje til moderne maskinbasert storindustri. Medan Gjesdal før 1870 var ei rein landbruks- og handverksbygd, var det i 1915 var det 11 til dels store industriverksemder der med ei industrisysselsetjing på 331 årsverk. Fremst blant desse verksemdene var ullvarefabrikken som Ole Nielsen bygde opp på Ålgård frå 1870 av (A/S Aalgaards Uldindustri frå 1874).

Ullvare

Eilert Sundt kunne slå fast at spinning og veving foregjekk i betydeleg omfang i snart sagt kvar heim i Gjesdal. Det vart sagt at dette var hovudgjeremålet for dei fleste kvinnene i kvart hushald mellom oktober og april, og også onnemellom i sommarhalvåret. Også born, gamle og til dels også vaksne, fullføre menn tok del med karding og anna, særleg på vinterkveldane. Karane, jamvel husbonden sjølv, kunne ta på seg typisk «kvinnfolkarbeid» som fjøsarbeid for at kvinnene i hushaldet skulle få halde mest mogleg på med spinning og veving.

Salsproduktet var ferdig vevnad. Vadmål frå Jæren, derunder også rekna Gjesdal, utgjorde i følgje Sundt ein hovudartikkel blant det som vart selt på marknadene i Stavanger. Den arbeidskrevjande råvarebearbeidinga med karding og spinning vart med tida i stor mon sett bort til dei mekaniske ullspinneria som så smått byrja kome i distriktet frå 1860-talet av. Ullspinneria tok på seg «leigespinning», dvs. at bøndene leverte ulla si og fekk ferdig garn attende. Industripioneren Ole Nielsen etablerte eit ullspinneri på Ålgård i 1870. Noko seinare kom det tre ullspinneri i gang på Oltedal. Dei mekaniske bedriftene gjorde det stort sett slutt på spinninga i heimane. Etter kvart gjekk også vadmålsproduksjonen over frå heimeindustri til fabrikkindustri som vart etablert i Gjesdal og andre stader på Jæren.

Det fyrste og fremste dømet er verksemda på Ålgård, der Ole Nielsen steg for steg bygde ut spinneriet sitt til å bli ein stor tekstilfabrikk. I lag med fleire verksemder i og utanfor Jæren, danna Aalgaard Uldvarefabriker AS konsernet De Forenede Ullvarefabrikker AS i 1916.

Ullvareverksemdene på Oltedal var Oltedals Uldspinderi 1886, Oltes Uldvarefabrik 1894, og Vangs ullspinneri frå ca. 1900. Også veveri kom i gang, mellom anna Svanedal Ullvarefabrikk AS frå 1908. Ei drivande kraft i den fyrste industrireisinga på Oltedal var Ludvig Lima (1842-1921), som hadde byrja som bokhaldar og aksjonær hjå Ole Nielsen på Ålgård. Samarbeidet mellom Nielsen og Lima tok slutt i 1877, og Lima tok til å verke på fleire næringssektorar i tillegg til spinneria, derunder mekanisk industri retta mot landbruket.

Utstyr og reiskap til jordbruket

Det var ikkje berre ullvaresektoren som fekk Sundt til å nemne Gjesdal som særleg vinnskipeleg. Det var også ein ganske høgt oppdriven handverksproduksjon innan smi- og trearbeid. Gjesdal var ei av bygdene i landet som var kjend for ljåsmiing. Eilert Sundt fekk seg fortalt at det årleg vart produsert 8000 ljåar i Gjesdal, og 7500 av desse vart selde, i stor mon utanfor bygda. Dei same smedane laga også slikt som hakkeknivar, tolleknivar og sakser. Hjulmakararbeid og andre former for trevareproduksjon var også geskjeftar som vart drivne for sal

Også desse «mannfolkhandverka» danna grunnlag for utbygging av industri i Gjesdal. Ludvig Lima starta ein trevarefabrikk på Oltedal på slutten av 1870-talet. Sidan kom m.a. Gjesdal Ljaafabrik, Lomeland Spadefabrikk og andre småbedrifter til. Men desse utvikla seg ikkje til storindustri, til skilnad frå t.d. i Klepp kommune, der dei etter kvart fekk fabrikkane Kverneland og Kyllingstad).

Ressursgrunnlag og arbeidskraft

Råvaregrunnlaget for heimeindustrien og fabrikkane innan tekstilproduksjonen var det store sauehaldet som Gjesdal var (og er) kjend for. Topografien la til rette for dette i og med Gjesdals lokalisering mellom Jæren, Ryfylke- og Sirdalsheiane, som gav beitegrunnlag for store sauedrifter.

Fossekrafta på Ålgård og Oltedal bestemte plasseringa av fabrikkane, og dermed at det tidleg danna seg tettstadsbusetnad på desse to stadene i bygda.

Arbeidskrafta i «protoindustrien» i Gjesdal synest i hovudsak ha vore basert på sesongvis ledige hender innan bondehushalda. Gardane var jamt over små og nokså jamstore, basert på husdyrhald meir enn åkerbruk. Til skilnad frå fleire nabobygder, var det lite utbreidd husmannsvesen i Gjesdal.

Kjelder og litteratur

  • Jøssang, Lars Gaute: Industrieventyret på Jæren 1800-2000. Det Norske Samlaget, Oslo. Jærmuseet. 2004.
  • Nordås, Hallvard: Gjesdal bygdebok 1870-1989. Gjesdal kommune 1989.
  • Sundt, Eilert: Om Husfliden i Norge. Til Arbeidets Ære og Arbeidssomhedens Pris. 1867. Digital versjonNettbiblioteket, Ny utgave ved Gyldendal forlag, Oslo 1975 (bd. 8 av Eilert Sundt. Verker i utvalg.)