Ole Nielsen (1827-1915)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Byste av Ole Nielsen, reist i 1920 ved Storahuset på Ålgård. Kunstnar: Jo Visdal.
Foto: Rune Sattler/Wikimedia Commons.

Ole Nielsen (fødd i Hjelmeland 12. januar 1827, død i Sandnes 23. april 1915) var utlærd handverkar (fargar), og er mest kjend som industrigründar og fabrikkeigar. Han var ein viktig pioner i det som har vore kalla «industrieventyret på Jæren», og representerer i eigen person ei illustrerande utviklingslinje frå handverksbasert protoindustriell verksemd til moderne storindustri innan tekstilbransjen. Han kan også sjåast som ein eksponent for den arbeidsetikken og entreprenørånd som prega det haugianske miljøet som han tilhøyrde, enda om det er litt omdiskutert kor vidt han personleg skal oppfattast som haugianar. Nielsen vart tildelt Oscar IIs fortenestemedalje i 1887, og utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1903. Da hadde han gått ein lang og suksessrik veg frå dei smålåtne kår han var fødd inn i.

Bakgrunn og familie

Ole Nielsen var husmannsgut, fødd og oppvaksen på plassen Ytre Hagen under prestegarden i Hjelmeland. Foreldra var Niels Rasmussen Vassvik (Kvaløy) (1805-1870, truleg fødd på på Kvaløy under Indre Sandanger i Hjelmeland) og Mari Steinsdotter (1803-1869), som var dotter til det førre husmannsparet på Ytre Hagen. Ole hadde to yngre systrer.

Ole Nielsen gifta seg i 1853 med Malena Hansdotter Selvig (1828-1915), dotter av jekteskippar Hans Andersen Selvig i Sandnes. Ole og Malena fekk åtte born, fire gutar og fire jenter.

Læregut, svein og eiga fargarverksemd

Ole Nielsen flytta heimefrå som 15-åring. Han gjekk i lære hos fargar Daniel Danielsen i Stavanger. Danielsen var kjend som haugianar og predikant. Ved sida av farginga var Danielsen også skipsreiar og økonomisk engasjert i sildefisket og ymse næringsverksemd som følgde med dette på denne tida. Fargeriet hadde Danielsen overteke frå ein enda betre kjend haugianar og forretningsdrivande, Jon Haugvaldstad. Ole Nielsen fekk sålis opplæringa si i eit driftig og pietistisk miljø som liknar mykje på det som Alexander Kielland skildrar i Skipper Worse.

Etter åtte år som lærling og svein drog Ole Nielsen i 1850 til strandstaden Sandnes og starta si eiga fargarverksemd der. Startkapitalen var 100 spesidalar som han hadde spart seg opp i Stavanger. Da Sandnes fekk status som ladestad og eiga bykommune i 1860, vart Nielsen vald inn i kommunestyret, eit tydeleg teikn på at han hadde oppnådd ein respektabel posisjon i byen sitt nærings- og borgarlege liv.

Leigespinning

Av svenske handverkarar i Sandnes fekk Nielsen høyre om fargarar i Sverige som i tillegg til farginga også dreiv såkalla leigespinning med maskiner, dvs. at dei tok i mot ull frå sauebøndene i distriktet og spann ferdig garnet for dei. Etter ein tur til Sverige for å sjå nærare på denne verksemda, starta Nielsen eit lite spinneri i Sandnes. Det var fem mann tilsette under fagleg leiing av ein svenske. Spinnemaskinen måtte drivast med handkraft, medan kardemaskinane vart drivne med ei hestevandring. Dette var visstnok det fyrste «bondespinneriet» her til lands.

Ålgård. Industrireising

I 1870 flytta Nielsen verksemda si til Ålgård i Gjesdal, halvanna mil inn i landet frå Sandnes. Eit hovudmotiv var å få skikkeleg drivkraft til maskinene. Nielsen hadde kjøpt vassfallsrettar fyrst på Ålgård, og så etter eit par-tre års drift supplerande kraft frå vassfall i Edland. Bygda Gjesdal var kjend for sitt utbreidde sauehald og for ivrig husflidsverksemd, særleg med veving for sal. Det var nyleg bygd veg mellom Sandnes og Ålgård, noko som også var med å leggje til rette for Nielsens nye verksemd. Den nye bedrifta på Ålgård fekk namnet A/S Aalgaards Uldindustri.

Mykje tyder på at Ole Nielsen hadde kome lokalt baserte industriplanar i forkjøpet. Eilert Sundt fortel nemleg at Gabriel Edland frå Gjesdal i 1867 var i Kristiania for å studere karde- og spinnemaskiner, og det var håp om å få danna eit aksjeselskap for eit mekanisk spinneri. Men selskapet Gjæsdals Uldspinderi vart ikkje skipa før Nielsen allereie hadde vunnest på å etablere seg i bygda. I den konkurransesituasjonen som oppstod, fekk Nielsen overtala dei lokale aktørane til heller å slå seg saman med han i eit større aksjeselskap. Det vart skipa i 1874 og fekk namnet AS Aalgaards Uldspinderi, seinare AS Aalgaards Uldindustri. Nielsen hadde halvparten av aksjekapitalen, og var leiar for føretaket. Snart tok den nye bedrifta til med tøyproduksjon i tillegg til, og snart som dominerande i forhold til spinninga. Leigespinninga vart det etter kvart slutt på, og fabrikken kjøpte sitt eige råstoff der det høvde best, til dels også frå utlandet. Nielsen-familien starta i 1889 også ein trikotasjefabrikk på Figgjo i Sandnes kommune, og den gjekk i 1893 inn i det som nå vart heitande A/S Aalgaards Uldvarefabrik.

Året etter (1894) trekte Nielsen seg attende som aktiv fabrikkeigar og overlet drifta til sine fire søner. Fabrikken på Ålgård talde da nær 250 tilsette.

Den patriarkalske fabrikkleiaren

Frå byrjinga av budde dei ugifte av arbeidsstokken i eit felleshushald, slik det tydeleg framgår f.eks. av folketeljinga 1875.[1] Da utgjer hushaldet på Aalgaards Uldspinderie 22 personar, alle ugifte med unntak for ein kvinneleg tilsett. Ole Nielsens søner Nils og Hans høyrer hushaldet til som høvesvis spinnemeister og fargardreng. Ole Nielsen sjølv og resten av familien flytta ikkje frå Sandnes til Ålgård før nokre år seinare. Men frå da av var det Ole og Malena sjølve som styrde som husfar og husmor. Malena tok seg mykje av matstellet og vaska kleda til dei tilsette. På den tid utgjorde felleshushaldet om lag 50 personar, og talet var dobla etter ti års tid. Det var strenge husordensreglar, mellom anna med fast tidpunkt som dei ugifte arbeidarane skulle vera innanhuses. For gifte arbeidarfamiliar bygde fabrikken arbeidarbustader med opparbeidd potetland.

Det vart halde meir eller mindre obligatoriske samlingar for fabrikkens folk og andakt kvar sundag. Om Nielsens haugianske bakgrunn skriv historikaren Hallvard Nordås m.a. følgjande:

«Eg har peika på den haugianske og patriarkalske tradisjonen Ole Nielsen bygde på og bygde opp på Ålgård. Den haugianske arven må vi kanskje dempa noko. Gamle Sven Eliassen gav i 1936 denne karkteristikken av Ole Nielsen: "Han va greie – men inkje nettopp nådige kom du i ugunst mæ ‘an. Men han va magalaus au! Då me lae den fyste turbinen stod han opøve osse og skjenkte dram." Jau, Ole Nielsen både skjenkte dram og dansa. Nokon typisk haugianar var han vel eigentleg ikkje, endå mange gjerne har vilja teikna det biletet av gamle Ole.»

Referansar

  1. Aalgaard Uldspinderie i folketelling 1875 for Gjesdal fra Digitalarkivet

Kjelder og litteratur