Hjelp:Importere sider (retningslinjer)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. mai 2008 kl. 23:13 av Olve Utne (samtale | bidrag) (on the other hand....)
Hopp til navigering Hopp til søk

Retningslinjer på Lokalhistoriewiki

Juridiske spørsmål

Om du vil overføre ein artikkel frå eller til Wikipedia eller ein annan nettstad som bruker MediaWiki-programvaren, så er den beste måten å gjera dette på å eksportere artikkelen derifrå til ei fil, og så importere denne fila hit. På den måten kan historikken av brukarbidrag og versjonar inkluderast her. Dette er ein klår fordel i forhold til lisensieringa av artikkelen. Ei ulempe med denne måten å importere sider på er på den andre sida at same brukarnamnet (f.eks. «Ola», «Kari») kan vise til ulike personar på kjeldewikien (f.eks. Nynorsk Wikipedia) og målwikien (i vårt fall lokalhistoriewiki.no).

Eksportere ei side

For å eksportere ei side går du til special:export på wikien du vil eksportere frå. Her er nokre snarvegar til eksportsider som kan vera nyttige:

I tekstboksen skal du fylle inn nøyaktig namn på artikkelen du vil eksportere. Vil du eksportere fleire artiklar, så skriv namnet på kvar artikkel på ei ny line. Hugs å avmarkere valet «Berre siste versjon». Marker «Lagre som fil» og trykk på «Eksporter».


Importere ei side

For å importere ei side går du til special:import på wikien du vil importere til.