Holger Halling Schjødt: Forskjell mellom sideversjoner
m (mer lenking) |
m (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:») |
||
(6 mellomliggende versjoner av 3 brukere er ikke vist) | |||
Linje 1: | Linje 1: | ||
'''Holger Halling Schjødt''' (fødd 26. desember [[1776]] i Helsingør i Danmark, død 24. juni [[1856]] i [[Ås kommune|Ås]] i [[Akershus]]) tok teologisk embetseksamen 12. mai 1803 og skal ei tid ha vore lærar i Danmark. | '''[[Holger Halling Schjødt]]''' (fødd 26. desember [[1776]] i Helsingør i Danmark, død 24. juni [[1856]] i [[Ås kommune|Ås]] i [[Akershus]]) var prest. | ||
Han var son av Simon Schjødt som var inspektør for mål og vekt, og Anna Kirstine Harboe. Schjødt vart student i 1796 og tok teologisk embetseksamen 12. mai 1803 og skal ei tid ha vore lærar i Danmark. | |||
19. september 1812 overtok han sokneprestembetet i [[Jostedalen]] etter å ha vorte utnemnd 17. april 1812. Schjødt var såleis prest i Jostedalen under dei rikspolitiske hendingane 1814, som må ha engasjert han mykje.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=1104 Linds innførslar i kyrkjeboka 1814]</ref> I kallsboka heiter det at han var «meget sygelig, og især i Begyndelsen en meget opfarende Mand, men tillige retskaffen og nidkjær for sit Kald, hvorfor han var almindelig elsket». <ref>Kallsboka, fol. 32b</ref> | 19. september 1812 overtok han sokneprestembetet i [[Jostedalen]] etter å ha vorte utnemnd 17. april 1812. Schjødt var såleis prest i Jostedalen under dei rikspolitiske hendingane 1814, som må ha engasjert han mykje.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=1104 Linds innførslar i kyrkjeboka 1814]</ref> I kallsboka heiter det at han var «meget sygelig, og især i Begyndelsen en meget opfarende Mand, men tillige retskaffen og nidkjær for sit Kald, hvorfor han var almindelig elsket». <ref>Kallsboka, fol. 32b</ref> | ||
Han forlet Jostedalen i august 1820 etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i [[Leksvik kommune|Leksvik]] 27. desember 1819. Den 22. april 1824 vart han så utnemnd til sokneprest i [[Holtålen kommune|Holtålen]]. Han fekk avskil 11. august 1846 med ein årleg pensjon på 350 spesidalar og budde i Ås i Akershus den siste tida han levde. | Han forlet Jostedalen i august 1820 etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i [[Leksvik kommune|Leksvik]] 27. desember 1819. Den 22. april 1824 vart han så utnemnd til sokneprest i [[Holtålen kommune|Holtålen]]. Han fekk avskil 11. august 1846 med ein årleg pensjon på 350 spesidalar og budde i Ås i Akershus den siste tida han levde. | ||
Schjødt gifte seg i Hafslo kyrkje 10. august 1814<ref>[http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1993&idx_id=1993&uid=ny&idx_side=-22 Ministerialbok for Hafslo 1807-1821, side 21] (Digitalarkivet)</ref> med den 14 år yngre Lovisa Augusta Wiborg (1790-ca 1850) frå København. Dei fekk fem born i lag, av dei voks fire opp. Tre av borna vart buande i Noreg medan ein son utvandra til Amerika. | |||
==Notar== | ==Notar== | ||
Linje 10: | Linje 16: | ||
*Lampe, Johan Fredrik: ''Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger.'' (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, 1896. ([http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=lampe&sideid=470&storleik= digital utgåve, Digitalarkivet]) | *Lampe, Johan Fredrik: ''Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger.'' (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, 1896. ([http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=lampe&sideid=470&storleik= digital utgåve, Digitalarkivet]) | ||
*Øyane, Lars E.: ''Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune.'' (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, 1994. ([http://www.nb.no/utlevering/nb/3e0d6828c2b4d539b4d38892e2274895#&struct=DIV364 digital utgåve, NBdigital]) | *Øyane, Lars E.: ''Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune.'' (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, 1994. ([http://www.nb.no/utlevering/nb/3e0d6828c2b4d539b4d38892e2274895#&struct=DIV364 digital utgåve, NBdigital]) | ||
* {{hbr1-1|pd00000001622031|Holger Halling Schjødt}}. | |||
Linje 24: | Linje 31: | ||
{{DEFAULTSORT:Schjødt, Holger Halling}} | {{DEFAULTSORT:Schjødt, Holger Halling}} | ||
[[Kategori:Jostedalen]] | [[Kategori:Jostedalen]] | ||
[[Kategori:Personer | [[Kategori:Personer]] | ||
[[Kategori:Prester i | [[Kategori:Luster kommune]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Prester]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1776]] | |||
[[Kategori:Dødsfall i 1856]] | |||
[[Kategori:Danmark]] | |||
{{nn}} |
Nåværende revisjon fra 16. nov. 2023 kl. 13:16
Holger Halling Schjødt (fødd 26. desember 1776 i Helsingør i Danmark, død 24. juni 1856 i Ås i Akershus) var prest.
Han var son av Simon Schjødt som var inspektør for mål og vekt, og Anna Kirstine Harboe. Schjødt vart student i 1796 og tok teologisk embetseksamen 12. mai 1803 og skal ei tid ha vore lærar i Danmark.
19. september 1812 overtok han sokneprestembetet i Jostedalen etter å ha vorte utnemnd 17. april 1812. Schjødt var såleis prest i Jostedalen under dei rikspolitiske hendingane 1814, som må ha engasjert han mykje.[1] I kallsboka heiter det at han var «meget sygelig, og især i Begyndelsen en meget opfarende Mand, men tillige retskaffen og nidkjær for sit Kald, hvorfor han var almindelig elsket». [2]
Han forlet Jostedalen i august 1820 etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i Leksvik 27. desember 1819. Den 22. april 1824 vart han så utnemnd til sokneprest i Holtålen. Han fekk avskil 11. august 1846 med ein årleg pensjon på 350 spesidalar og budde i Ås i Akershus den siste tida han levde.
Schjødt gifte seg i Hafslo kyrkje 10. august 1814[3] med den 14 år yngre Lovisa Augusta Wiborg (1790-ca 1850) frå København. Dei fekk fem born i lag, av dei voks fire opp. Tre av borna vart buande i Noreg medan ein son utvandra til Amerika.
Notar
- ↑ Linds innførslar i kyrkjeboka 1814
- ↑ Kallsboka, fol. 32b
- ↑ Ministerialbok for Hafslo 1807-1821, side 21 (Digitalarkivet)
Litteratur
- Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster. (digital utgåve, Jostedal historielag)
- Lampe, Johan Fredrik: Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, 1896. (digital utgåve, Digitalarkivet)
- Øyane, Lars E.: Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, 1994. (digital utgåve, NBdigital)
- Holger Halling Schjødt i Historisk befolkningsregister.
Forgjengar: Andreas Cordsen |
Prestar i Jostedalen |
Etterfølgjar: Peder Pavels Aabel |