Husmannsprosjektet 2017

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. jan. 2019 kl. 15:20 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (kat.)
Hopp til navigering Hopp til søk

Husmannsprosjektet 2017 er eit samarbeidsprosjekt mellom Landslaget for lokalhistorie og ei rekkje fagmiljø, organisasjonar og institusjonar med sikte på å ajourføre og utvide kunnskapen om husmannsvesenet. Det konkrete (men førebels) siktemålet er å utgje eit bokverk i 2022, 100 år etter at Simen Skappels standardverk om husmannsvesenet i Norge kom ut.

Initiativ og organisering

Initiativet til prosjektet kom frå Hordaland Sogelag og Rogaland Historielag. Det hadde mellom anna bakgrunn i at desse to laga, ved Mikal Heldal (Hordaland) og Birger Lindanger (Rogaland), organiserte eit seminar om husmannsvesenet i samband med Landslaget for lokalhistorie si historielagskonferanse i Bergen i november 2016. På nyåret vart det nedsett ei interimsgruppe for å arbeide vidare med saka. Gruppa består av:

Landslaget for lokalhistorie stiller seg bak prosjektet, og løyvde eit mindre beløp til førebuande arbeid på landsmøtet på Gjøvik 5.-7. mai 2017. Føresetnaden er at prosjektet skal vere sjølvfinansierande.

Fagleg bakgrunn og føremål

Blant innleiarane på husmannsseminaret i Bergen var m.a. historikarar som har vore involvert i planarbeid for eit mogleg nasjonalt dokumentasjonssenter for husmannshistoria i Luster, og som har utarbeidd ein grundig rapport om forskingsstoda.[1] Andre innleiarar har ved eiga forsking dei siste 10-20 åra bringa fram ny kunnskap om husmannsvesenet og på fleire vis utvida forståingsrammene m.a. kva gjeld kronologi, geografiske variasjonar og med omsyn til yrkessamansetning. Husmannsprosjektet 2017 har tenkt å byggje vidare mellom anna på dette, og legg vekt på desse momenta:

  • Den tidlege historia til og avviklinga av husmannsvesenet.
  • Regionale og lokale variasjonar, med vekt på regionar som har vore mangelfullt granska.
  • Internasjonal komparasjon.
  • Husmannsvesenet i kjønnshistorisk perspektiv.
  • Husmannsvesenet som moderniserande og innovasjonsfremjande fenomen i tidleg moderne tid.

Referansar