Husmannsprosjektet 2017

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 14. jun. 2017 kl. 15:15 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Husmannsprosjektet 2017''' er eit samarbeidsprosjekt mellom Landslaget for lokalhistorie (LLH) og ei rekkje fagmiljø, organisasjonar og institusjonar med sikte på å ajourf...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Husmannsprosjektet 2017 er eit samarbeidsprosjekt mellom Landslaget for lokalhistorie (LLH) og ei rekkje fagmiljø, organisasjonar og institusjonar med sikte på å ajourføre og utvide kunnskapen om husmannsvesenet. Det konkrete siktemålet er å utgje eit bokverk i 2022, 100 år etter at Simen Skappels standardverk om husmannsvesenet i Norge kom ut.

Initiativ og organisering

Initiativet til prosjektet kom frå Hordaland Sogelag og Rogaland Historielag. Det hadde mellom anna bakgrunn i at desse to laga, ved Mikal Heldal (Hordaland) og Birger Lindanger (Rogaland), organiserte eit seminar om husmannsvesenet i samband med Landslaget for lokalhistorie si historielagskonferanse i Bergen i november 2016. På nyåret vart det nedsett ei interimsgruppe for å arbeide vidare med saka. Gruppa består av:

  • Mikal Heldal, Hordaland sogelag/LLH
  • Birger Lindanger, Rogaland historielag
  • Frank Meyer, Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek
  • Jan Solberg, Kulturvernforbundet
  • Hans P. Hosar, Norsk lokahistorsk institutt/Nasjonalbiblioteket
  • Nils Olav Østrem, Universitetet i Stavanger

LLH stiller seg bak prosjektet, og løyvde eit mindre beløp på landsmøtet på Gjøvik 5.-7. mai 2017. Føresetnaden er at prosjektet skal vere sjølvfinansierande. Fagleg bakgrunn og føremål Blant innleiarane på husmannsseminaret i Bergen var m.a. historikarar som har vore involvert i forundersøkingar i samband med eit ønske om å etablere eit nasjonalt dokumentasjonssenter for husmannshistoria i Luster, og som har utarbeid ein grundig rapport om forskingsstoda. Andre innleiarar hadde ved eiga forsking dei siste 10-20 åra bringa fram ny kunnskap om husmannsvesenet og på fleire vis utvida forståingsrammene m.a. kva gjeld kronologi, geografiske variasjonar og med omsyn til yrkessamansetning. Husmannsprosjektet 2017 har tenkt å byggje vidare mellom anna på dette, og legg vekt på desse momenta: • Nærare undersøkingar av tidsrom og periodisring. • Regionale og lokale variasjonar, vekt på regionar som har vore mangelfullt granska. • Særleg vekt på opphavet til og avviklinga av husmannsvesenet. • Internasjoinal komparasjon. • Husmannsvesenet i kjønnshistorisk perspektiv. • Husmannsvesenet som moderniserande og innovasjonsfremjande fenomen i tidleg moderne tid.