Industriservice: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(kategori)
Ingen redigeringsforklaring
 
(5 mellomliggende versjoner av 4 brukere er ikke vist)
Linje 2: Linje 2:

== Rasjonalisering i møbel ==
== Rasjonalisering i møbel ==
I dei avgjerande omleggingsåra i 1960- og 70-åra la lokale fabrikantar vinn på å rasjonalisere og automatisere produksjonen for å bli konkurransedyktige. Fabrikantane auka produksjonsvolumet utan å tilsette arbeidarar. Denne prosessen var også [[Vestlandske Møbler|Vestlandske Møbelfabrikk]] gjennom. Tidlegare disponent ved fabrikken, [[Asbjørn Fredriksen snr.|Asbjørn Fredriksen]], såg i 1969 eit fjernsynsprogram frå ein kleshengarfabrikk [[Mysen]] i Østfold. Der hadde dei løyst problemet med å splitte opp laminert tre i mange delar i ein operasjon. Fredriksen såg at dette kunne få mykje å seie for framstillinga av laminerte stolar ved Vestlandske. Han kontakta Rolf Melseth, som då dreiv Norol-stasjonen på [[Aure (Sykkylven)|Aure]], og fekk Melseth til å utvikle ein laminatsplittemaskin. Vestlandske Møbelfabrikk stilte kapital til rådvelde for Melseth, slik at han kunne skaffe seg det utstyret han trong. Lokale fekk han leige i det dåverande bygget til [[Norsk Profilforming]] Aure, eit bygg som Sykkylven kommunale kraftverk har kjøpt.
I dei avgjerande omleggingsåra i 1960- og 70-åra la lokale fabrikantar vinn på å rasjonalisere og automatisere produksjonen for å bli konkurransedyktige. Fabrikantane auka produksjonsvolumet utan å tilsette arbeidarar. Denne prosessen var også [[Vestlandske Møbler|Vestlandske Møbelfabrikk]] gjennom.Sentral i omlegging av produksjonen var ingeniør Odd Fløtre som vart tilsett som driftsingeniør i bedrifta i 1971. Han fekk eit tett og fortruleg samarbeid med den teknisk interesserte fabrikkeigaren, Asbjørn Fredriksen snr. I tida framover var det installert store laminatpresser for Siesta-laminata. Pressene hadde høgfrekvens elektromaskiner som reduserte tida liminga. Laminata vart deretter bearbeidde til Siesta-delar i splittemaskiner, laga av Industriservice AS i Sykkylven. I 1974, før data og industrirobotar var komne i bruk, installerte Fløtre, i samarbeid med Trallfa Jæren, lakkeringsrobotar. Roboten vart styrt av bandkassettar gjennom ti år.

Laminatsplittemaskina var ferdig i juli 1970, og den kom til å revolusjonere heile Siesta-produksjonen til Vestlandske. Tidlegare hadde bedrifta produsert 12.000 einingar pr. år ved hjelp av fire til fem mann. Etter 1970 auka produksjonen til 30.000 einingar pr. år, og til det gjekk det med berre 2/3 årsverk. Industriservice utvikla også ein andre generasjon splittemaskin. Til denne maskina var det knytt ein mikroprosessor.
Det vart bygt ein hall på 1800 kvadratmeter, slik at store delar av produksjonen kunne samlast på ei flate. Effektiviseringa, og konsentrasjonen om Siesta-stolen og laminatmøblar, førte til at Vestlandske Møbler vart ei svært lønsam bedrift.  

Ved sida av oppdraget til Vestlandske fekk Melseth og Eide andre oppgåver for den lokale industrien, m.a. bygging og automatisering av spesialmaskiner.
Ved sida av oppdraget til Vestlandske fekk Melseth og Eide andre oppgåver for den lokale industrien, m.a. bygging og automatisering av spesialmaskiner.
Linje 13: Linje 13:
På grunn av plassmangel vart framstillinga av møbeldelar i rør skild ut frå Industriservice i 1974. Sykkylven Rør A/S vart då skipa, og det tok over alt produksjonsutstyret og etablerte seg i Ramstaddalen. I 1989 tok Industriservice igjen hand om produksjonen av møbeldelar i rør, etter at Sykkylven Rør A/S vart avvikla.

=== Såmaskiner ===
== Såmaskiner ==
Industriservice retta seg ikkje berre mot lokale kundar, dei hadde også oppgåver innanfor landbruksnæringa. Igjen var arbeidet deira banebrytande. Dette kapitlet i bedriftssoga starta med kontakta som vart oppretta med Møre Felleskjøp og disponenten Johan Ratvik. Det første produktet som vart utvikla for sal gjennom Felleskjøpet var ei breisåmaskin. Dette vart eit etterspurt produkt som i fleire år vart produsert i eit antal av 400 stk. pr. år. Bedrifta utvikla også ei enkel siloramme som fekk god mottaking. I 1983 utvikla Industriservice, i samarbeid med Landbrukets Forskningsinstitutt, ei direkte-såmaskin. Intensjonen var å utvikle ei maskin som kunne reparere frostskadd eng og dessutan fornye gammal eng utan pløying og harving. Interessa for denne maskina var omfattande, mellom anna på grunn av fokuseringa på jorderosjon og avrenning til vassdrag. Forsking har synt at såing av korn, spesielt haustkveite og rug, kan skje i åkeren utan pløying og harving. I løpet av produksjonsperioden, 1984 til 1998, vart det selt 250 slike maskiner over heile Norden.

Linje 38: Linje 38:

Den 30. september 2011 vart produksjon, kundar og tilsette overdratt til Sandella Fabrikken AS. Hovudproduksjonen i avdelinga er framleis stål- og aluminiumsdelar til innstøyping i møbeldelar hos Sandella. I tillegg lagar dei også håver og andre produkt for oppdrettsnæringa. Dette står for om lag 25 % av produksjonsverdien. Svein Vikås er i 2015 avdelingsleiar i verksemda.

Fram til 1989 heldt Industriservice til i lokala til den nedlagde [[Klocks Lenestolfabrikk]]. I 1989 tok dei over det tidlegare Nordex-Sport-bygget på Jarnes.
Fram til 1989 heldt Industriservice til i lokala til den nedlagde [[Klocks Lenestolfabrikk]]. I 1989 tok dei over det tidlegare Nordex-Sport-bygget på Jarnes.
Linje 46: Linje 45:
* {{Høidal 1990}}.
* {{Høidal 1990}}.
* Informasjonar frå disponent ved Sandella, Ingemar Eliassen, Asbjørn Fredriksen snr., Rolf Melseth og Svein Vikås.
* Informasjonar frå disponent ved Sandella, Ingemar Eliassen, Asbjørn Fredriksen snr., Rolf Melseth og Svein Vikås.
 
[[Kategori:Metallvareproduksjonssteder]]
[[Kategori:Sykkylven leksikon]]
[[Kategori:Sykkylven leksikon]]
[[Kategori:Sykkylven kommune]]
[[Kategori:Etableringer i 1970]]
[[Kategori:Etableringer i 1970]]
[[Kategori:Industri]]
{{nn}}
[[Kategori:Næringsliv]]
[[Kategori:Sykkylven kommune]]

Nåværende revisjon fra 10. okt. 2023 kl. 11:12

Industriservice var ein tenesteytar for den lokale industrien i Sykkylven. Rolf Melseth dreiv frå 1970 eit enkeltmannsforetak. I 1974 kom mekanikaren Kolbjørn Eide med i verksemda som fekk namnet Industriservice. Etter nokre år byrja bedrifta å framstille eigne produkt til fleire ulike bransjar. Mellom anna var møbelindustrien, landbruket og oppdrettsnæringa målgrupper for Industriservice.

Rasjonalisering i møbel

I dei avgjerande omleggingsåra i 1960- og 70-åra la lokale fabrikantar vinn på å rasjonalisere og automatisere produksjonen for å bli konkurransedyktige. Fabrikantane auka produksjonsvolumet utan å tilsette arbeidarar. Denne prosessen var også Vestlandske Møbelfabrikk gjennom.Sentral i omlegging av produksjonen var ingeniør Odd Fløtre som vart tilsett som driftsingeniør i bedrifta i 1971. Han fekk eit tett og fortruleg samarbeid med den teknisk interesserte fabrikkeigaren, Asbjørn Fredriksen snr. I tida framover var det installert store laminatpresser for Siesta-laminata. Pressene hadde høgfrekvens elektromaskiner som reduserte tida på liminga. Laminata vart deretter bearbeidde til Siesta-delar i splittemaskiner, laga av Industriservice AS i Sykkylven. I 1974, før data og industrirobotar var komne i bruk, installerte Fløtre, i samarbeid med Trallfa på Jæren, lakkeringsrobotar. Roboten vart styrt av bandkassettar gjennom ti år.

Det vart bygt ein hall på 1800 kvadratmeter, slik at store delar av produksjonen kunne samlast på ei flate. Effektiviseringa, og konsentrasjonen om Siesta-stolen og laminatmøblar, førte til at Vestlandske Møbler vart ei svært lønsam bedrift.

Ved sida av oppdraget til Vestlandske fekk Melseth og Eide andre oppgåver for den lokale industrien, m.a. bygging og automatisering av spesialmaskiner.

Rørproduksjon

Frå 1974 vart verksemda utvida til også å omfatte serieproduksjon av møbeldelar av stålrør. Dei skaffa seg rørbøyemaskin og auka bemanninga med tre tilsette. I samarbeid med den lokale skumplastprodusenten, Sandella, var Industriservice i denne perioden med på å utvikle møbeldelar i rør overstøypt med kaldskum. I staden for å nytte No-sag-fjører i sete og rygg på møblar fann dei ut at det gjekk like godt å nytte plastband. Til å feste banda til røra nytta dei ein vanleg bandautomat som elles vart brukt til banding av kartongar. I dag er Industriservice sitt prinsipp godt innarbeidd på marknaden, og det er ei tidssparande og rimeleg løysing.

På grunn av plassmangel vart framstillinga av møbeldelar i rør skild ut frå Industriservice i 1974. Sykkylven Rør A/S vart då skipa, og det tok over alt produksjonsutstyret og etablerte seg i Ramstaddalen. I 1989 tok Industriservice igjen hand om produksjonen av møbeldelar i rør, etter at Sykkylven Rør A/S vart avvikla.

Såmaskiner

Industriservice retta seg ikkje berre mot lokale kundar, dei hadde også oppgåver innanfor landbruksnæringa. Igjen var arbeidet deira banebrytande. Dette kapitlet i bedriftssoga starta med kontakta som vart oppretta med Møre Felleskjøp og disponenten Johan Ratvik. Det første produktet som vart utvikla for sal gjennom Felleskjøpet var ei breisåmaskin. Dette vart eit etterspurt produkt som i fleire år vart produsert i eit antal av 400 stk. pr. år. Bedrifta utvikla også ei enkel siloramme som fekk god mottaking. I 1983 utvikla Industriservice, i samarbeid med Landbrukets Forskningsinstitutt, ei direkte-såmaskin. Intensjonen var å utvikle ei maskin som kunne reparere frostskadd eng og dessutan fornye gammal eng utan pløying og harving. Interessa for denne maskina var omfattande, mellom anna på grunn av fokuseringa på jorderosjon og avrenning til vassdrag. Forsking har synt at såing av korn, spesielt haustkveite og rug, kan skje i åkeren utan pløying og harving. I løpet av produksjonsperioden, 1984 til 1998, vart det selt 250 slike maskiner over heile Norden.

Oppdrettsnæringa

I 1987 lanserte Industriservice eit produkt som retta seg inn mot havbruksnæringa, ein notvaskar. Firmaet gjekk inn ein avtale med Mobil-Oil-Norge A/S, som hadde einesalet av vaskarane i inn- og utland. I notvaskarane skjedde vasking, avfukting, desinfisering og impregnering i ein lukka trommel. Slik slapp ikkje spillvatn og avfallsprodukt ut i sjøen. Det starta med ein vaskar med ein 3.5 kubikkstrommel og endte opp med ein trommel på 22 kubikk. Då Industriservice var kome opp i eit totalsal på 450 maskiner, sette dei bort produksjonen til eit selskap som hadde større krankapasitet. Industriservice laga også ein prototype på ei tellemaskin for smolt, i tillegg til at dei produserte bløggekar for laks i perioden 1988 til 1994.

I 1987 byrja Svein Vikås som disponent i verksemda. Året etter vart han aksjonær og dei var då tre likestilte eigarar.

Innehavarane av Industriservice kom med ein jamn straum av rasjonaliserande produkt for ymse næringar. Som døme kan nemnast stabelmaskin for meieriindustrien med elektronisk styring og pneumatisk-hydraulisk drift. Fram mot 1998 vart det meste av produksjonen mot landbruk og oppdrett avslutta på grunn av at marknaden minka. Mellom anna gjekk det mot større produksjonseiningar og sentralvaskeri i oppdrettsnæringa. Dermed vart det behov for færre maskiner.

Skipsdører

I 1991 innleia bedrifta eit 20 år langt samarbeid med Libra Plast. I staden for at Libra Plast sjølv kjøpte produksjonsutstyr gav dei Industriservice oppdraget med å produsere dørkarmer til Libra sine skipsdører. I perioden 1991 til 2003 utvikla produksjonen seg jamnt og gav arbeid til fem personar på det meste.

Libra opparbeidde stadig større marknadsdelar og fekk også innpass med ståldører. Industriservice valde å satse saman med Libra og 2001 vart eit tilbygg på 400m2 teke i bruk. I dette arealet produserte bedrifta i toppåret 3000 dørkarmer på ei nyinnkjøpt, fullautomatisert bøye- og valselinje. På denne linja vart det i tillegg produsert lysmaster og brurekkverk til Ørsta Stål. Maskina var den einaste av sitt slag i Norge og så kraftig at ho valsa 114 mm rør til brukurver.

Libra sitt mål var større marknadsdelar, og dermed kom eit sterkt fokus på pris. Industriservice greidde ikkje å møte prisønska og måtte akseptere at dørproduksjonen vart flytta til Litauen. I 2007 vart produksjonsutstyret flyttet til den nye produksjonsstaden.

Tilbake til oppdrett

Frå 1989 hadde bedrifta eit sanmarbeid med HTS AS på Krøderen. Industriservice leverte komponentar som gjekk inn i firmaet sin bilutstyrsproduksjon og barneseteproduksjon. Særleg skulle sikkerheitsstolen Besafe 123 bli viktig for Industriservice. Med ein produksjon på 40.000 stoler pr. år kunne all produksjon automatiserast. Ein ekstra fjær i hatten var det då Industriservice vart beden om å utvikle og produsere HTS si nysatsing; Besafe Izi Kid.

Sjølv med fullautomatisert produksjon greidde ikkje sykkylvsbedrifta å tilfredsstille HTS sitt prispress. I 2008 vart produksjonen flytta over til Kina.

Desse to tapte kundane utgjorde ei omsetning på 6 millionar kroner. Ein viktig årsak til at bedrifta greidde seg vidare var at dei i 2003 kjøpte rettigheitene til håvproduksjon mot oppdrett frå Bård Stave. Produktet fekk ein jamn og fin auke i omsetning. Saman med møbelinnlegg greidde dei gjennom dette å halde oppe ei berekraftig drift med tre tilsette.

Den 30. september 2011 vart produksjon, kundar og tilsette overdratt til Sandella Fabrikken AS. Hovudproduksjonen i avdelinga er framleis stål- og aluminiumsdelar til innstøyping i møbeldelar hos Sandella. I tillegg lagar dei også håver og andre produkt for oppdrettsnæringa. Dette står for om lag 25 % av produksjonsverdien. Svein Vikås er i 2015 avdelingsleiar i verksemda.

Fram til 1989 heldt Industriservice til i lokala til den nedlagde Klocks Lenestolfabrikk. I 1989 tok dei over det tidlegare Nordex-Sport-bygget på Jarnes. Selskapet hadde tre likestilte aksjonærar fram til 1993 då Rolf Melseth vart løyst ut. Kolbjørn Eide vart løyst ut då han gjekk av med pensjon i 1999. Fra då av var Svein Vikås eineaksjonær. As Industriservice skifta namn til Vikås Eiendom AS i 2000 og til Vikås Produksjon AS i 2001.

Kjelder