Industriservice

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Industriservice var ein tenesteytar for den lokale industrien i Sykkylven. Rolf Melseth dreiv frå 1970 eit enkeltmannsforetak. I 1974 kom mekanikaren Kolbjørn Eide med i verksemda som fekk namnet Industriservice. Etter nokre år byrja bedrifta å framstille eigne produkt til fleire ulike bransjar. Mellom anna var møbelindustrien, landbruket og oppdrettsnæringa målgrupper for Industriservice.

I dei avgjerande omleggingsåra i 1960- og 70-åra la lokale fabrikantar vinn på å rasjonalisere og automatisere produksjonen for å bli konkurransedyktige. Fabrikantane auka produksjonsvolumet utan å tilsette arbeidarar. Denne prosessen var også Vestlandske Møbelfabrikk gjennom. Tidlegare disponent ved fabrikken, Asbjørn Fredriksen, såg i 1969 eit fjernsynsprogram frå ein kleshengarfabrikk på Mysen i Østfold. Der hadde dei løyst problemet med å splitte opp laminert tre i mange delar i ein operasjon. Fredriksen såg at dette kunne få mykje å seie for framstillinga av laminerte stolar ved Vestlandske. Han kontakta Rolf Melseth, som då dreiv Norol-stasjonen på Aure, og fekk Melseth til å utvikle ein laminatsplittemaskin. Vestlandske Møbelfabrikk stilte kapital til rådvelde for Melseth, slik at han kunne skaffe seg det utstyret han trong. Lokale fekk han leige i det dåverande bygget til Norsk Profilforming på Aure, eit bygg som Sykkylven kommunale kraftverk har kjøpt.

Laminatsplittemaskina var ferdig i juli 1970, og den kom til å revolusjonere heile Siesta-produksjonen til Vestlandske. Tidlegare hadde bedrifta produsert 12.000 einingar pr. år ved hjelp av fire til fem mann. Etter 1970 auka produksjonen til 30.000 einingar pr. år, og til det gjekk det med berre 2/3 årsverk. Industriservice utvikla også ein andre generasjon splittemaskin. Til denne maskinen var det knytt ein mikroprosessor.

Ved sida av oppdraget til Vestlandske fekk Melseth og Eide andre oppgåver for den lokale industrien, m.a. bygging og automatisering av spesialmaskiner.

Frå 1974 vart verksemda utvida til også å omfatte serieproduksjon av møbeldelar av stålrør. Dei skaffa seg rørbøyemaskin og auka bemanninga med tre tilsette. I samarbeid med den lokale skumplastprodusenten, Sandella, var Industriservice i denne perioden med på å utvikle møbeldelar i rør overstøypt med kaldskum. I staden for å nytte No-sag-fjører i sete og rygg på møblar fann dei ut at det gjekk like godt å nytte plastband. Til å feste banda til røra nytta dei ein vanleg bandautomat som elles vart brukt til banding av kartongar. I dag er Industriservice sitt prinsipp godt innarbeidd på marknaden, og det er ei tidssparande og rimeleg løysing.

På grunn av plassmangel vart framstillinga av møbeldelar i rør skild ut frå Industriservice i 1974. Sykkylven Rør A/S vart då skipa, og det tok over alt produksjonsutstyret og etablerte seg i Ramstaddalen. I 1989 tok Industriservice igjen hand om produksjonen av møbeldelar i rør, etter at Sykkylven Rør A/S vart avvikla.

Industriservice retta seg ikkje berre mot lokale kundar, dei hadde også oppgåver innanfor landbruksnæringa. Igjen var arbeidet deira banebrytande. Dette kapitlet i bedriftssoga starta med kontakta som vart oppretta med Møre Felleskjøp og disponenten Johan Ratvik. Det første produktet som vart utvikla for sal gjennom Felleskjøpet var ei breisåmaskin. Dette vart eit etterspurt produkt som i fleire år vart produsert i eit antal av 400 stk. pr. år. Bedrifta utvikla også ei enkel siloramme som fekk god mottaking. I 1983 utvikla Industriservice, i samarbeid med Landbrukets Forskningsinstitutt, ei direkte-såmaskin. Intensjonen var å utvikle ei maskin som kunne reparere frostskadd eng og dessutan fornye gammal eng utan pløying og harving. Interessa for denne maskina var omfattande, mellom anna på grunn av fokuseringa på jorderosjon og avrenning til vassdrag. Forsking har synt at såing av korn, spesielt haustkveite og rug, kan skje i åkeren utan pløying og harving. I løpet av produksjonsperioden, 1984 til 1998, vart det selt 250 slike maskiner over heile Norden.


I 1987 lanserte Industriservice eit produkt som retta seg inn mot havbruksnæringa, ein notvaskar. Firmaet gjekk inn ein avtale med Mobil-Oil-Norge A/S, som hadde einesalet av vaskarane i inn- og utland. I notvaskarane skjedde vasking, avfukting, desinfisering og impregnering i ein lukka trommel. Slik slapp ikkje spillvatn og avfallsprodukt ut i sjøen. Det starta med ein vaskar med ein 3.5 kubikkstrommel og endte opp med ein trommel på 22 kubikk. Då Industriservice var kome opp i eit sal på 450 maskiner, sette dei bort produksjonen til eit selskap som hadde større krankapasitet. Industriservice laga også ein prototype på ein tellemaskin for smolt, i tillegg til at dei produserte bløggekar for laks i perioden 1988 til 1994.

I 1987 byrja Svein Vikås som disponent i verksemda. Året etter vart han aksjonær og dei var då tre likestilte eigarar.

Innehavarane av A/S Industriservice kom med ein jamn straum av rasjonaliserande produkt for ymse næringar. Som døme kan nemnast stabelmaskin for meieriindustrien med elektronisk styring og pneumatisk-hydraulisk drift. Fram mot 1998 vart det meste av produksjonen mot landbruk og oppdrett avslutta på grunn av at marknaden minka. Mellom anna gjekk det mot større produksjonseiningar og sentralvaskeri i oppdrettsnæringa. Dermed vart det behov for færre maskiner.

I 1991 innleia bedrifta eit 20 år langt samarbeid med Libra Plast. I staden for at Libra Plast sjølv kjøpte produksjonsutstyr gav han Industriservice oppdraget med å produsere dørkarmer til Libra sine skipsdører. I perioden 1991 til 2003 utvikla produksjonen seg jamnt og tilsvara fem årsverk på det meste.

Libra opparbeidde stadig større markedsdelar og fekk også innpass med ståldører. Industriservice valde å satse saman med Libra og 2001 vart eit tilbygg på 400m2 teke i bruk. I dette arealet produserte bedrifta i toppåret 3000 dørkarmer på ei nyinnkjøpt, fullautomatisert bøye- og valselinje. På denne linja vart det i tillegg produsert lysmaster og brurekkverk til Ørsta Stål. Maskina var den einaste av sitt slag i Norge og så kraftig at ho valsa 114 mm rør til brukurver.

Libra sitt mål var større markedsdelar, og dermed kom eit sterkt fokus på pris. Industriservice greidde ikkje å møte prisønska og måtte akseptere at dørproduksjonen vart flytta til Litauen. I 2007 vart produksjonsutstyret flyttet til sitt nye produkssted. Året etter hadde Libra 3 doblet sine leveranser.

En annen kunde som kom til oss i 1989 var HTS As på Krøderen. Her fikk vi levere komponenter som inngikk i firmaets bilutstyrsproduksjonen og til barneseteproduksjonen. Spesielt skulle sikkerhetsstolen Besafe 123 bli et skikkelig bidrag til vår eksistens. Med en levering på 40000 stoler pr. år kunne all produksjon automatiseres. En fjær i hatten ble oss tildel da vi ble bedt om å utvikle og produsere HTS sin nysatsing Besafe Izi Kid. Dette ble enda større bidrag ettersom begge stoltyper gikk samtidig og i store mengder. Intet varer evig og selv ikke med fullautomatisert produksjon klarte vi å tilfredsstille HTS sitt prispress. I 2008 var produksjonen overflyttet til egen fabrikk i Kina og vi satt tilbake med en haug spesialmaskiner.

Disse to tapte kunder utgjorde en omsetning på 6mill. Heldigvis hadde vi i 2003 kjøpt rettighetene til håvproduksjon mot oppdrett fra Bård Stave. Dette hadde hatt en jevn og fin økning i omsetning alle år og gjorde at vi sammen den beskjedne omsetning av innlegg alikevel kunne overleve. Dog med bare 3 ansatte men fortsatt ei positiv bunnlinje.

Den 30. september 2011 vart produksjon ,kunder og ansatte overdratt til Sandella Fabrikken AS.

Fram til 1989 heldt Industriservice til i lokala til den nedlagde Klocks Lenestolfabrikk. I 1989 tok dei over det tidlegare Nordex-Sport-bygget på Jarnes. Bedrifta hadde i 1990 11 tilsette, og omsetninga var i 1989 8,9 millionar kroner. Svein Vikås var disponent ved Industriservice frå 1987. Nokre år seinare overtok Vikås bedrifta som då fekk namnet Vikås Produksjon.

1. januar 2012 tok Sandella Fabrikken AS over maskiner og varelager, og produksjonen heldt fram som ei avdeling av Sandella. Vikås Produksjon hadde i lang tid vore ein viktig leverandør for skumplastprodusenten. Hovudproduksjonen i avdelinga er framleis stål- og aluminiumsdelar til innstøyping i møbeldelar hos Sandella. I tillegg lagar dei også håver og andre produkt for oppdrettsnæringa. Dette står for om lag 25 % av produksjonsverdien. Svein Vikås er i 2014 avdelingsleiar i verksemda.

Kjelde