Innersetra: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Linje 20: Linje 20:
Historiske namneformer inkluderer ''Indsettir'' (1590), ''Inndersedt'' (1643), ''Jnderset'' (1647), ''Indersetter'' (1661, 1667) og ''Indre Sætter'' (1723).
Historiske namneformer inkluderer ''Indsettir'' (1590), ''Inndersedt'' (1643), ''Jnderset'' (1647), ''Indersetter'' (1661, 1667) og ''Indre Sætter'' (1723).


[[image:Hilsen fra indreseth.jpg|thumb|left|350px|Postkort frå føre [[1926]] som viser Slettet/Steinteigen, Trøa og Teigen.]]
<!-- Kommentert ut bilde foreløpig pga. usikkerheit om lisens [[image:Hilsen fra indreseth.jpg|thumb|left|350px|Postkort frå føre [[1926]] som viser Slettet/Steinteigen, Trøa og Teigen.]]-->
== Næringsliv ==
== Næringsliv ==



Sideversjonen fra 18. okt. 2007 kl. 13:49

Mal:Infoboks matrikkelgård

Innersetra (IPA ["iɲ:əˌse:tɾa] (N/A), ["iɲ:əˌse:tən] (D)), òg skrive Indresæter, eller Øygarden (IPA ["ʌ:ˌgɑ:’n] (N/A), ["ʌ:ˌgɑ:ɾa] (D)) er ein matrikkelgardTustna i Aure kommuneNordmøre i Møre og Romsdal.

Garden ligg på vestsida av Solåsundet og grensar til Hals i sør og Storsetra i nord.

Historiske namneformer inkluderer Indsettir (1590), Inndersedt (1643), Jnderset (1647), Indersetter (1661, 1667) og Indre Sætter (1723).

Næringsliv

I matrikkelutkastet for 1723 er det opplyst at det låg ei lita bekkekvern til Innersetra som det vart svara 4 skilling i kverntoll for. Det låg tidlegare laksevorpe under garden, men i nyare tid har det vore bruka kilenot i staden.

Gardsbruk

Bnr. 1: Indresæter

I Skattematrikkelen 1647 står Carll Jnderset nemnt med 1 rdr. skatt. Som eigar og bygslar står Oden Wgelstad med 1 øre skyld.

Pause i kleppfiskarbeidetfiskberga ved Innersetra på Tustna på Nordmøre kring 1950. Fjellet i bakgrunnen er Stabben på Stabblandet. Folka bå bildet er: Bak frå venstre: Peter Halle (19292007), Asbjørn Knutshaug (f. 1925). Midten frå venstre: Birger Nordvik (f. 1930), Gunnvor Glomstad (f. 1930), Arne Kaald (f. 1931), Erling Glomstad (f. 1927), Ova Stabben (f. 1928). Fremst: Harald Glomstad (f. 1928).
Foto: Ukjent

Skipsbygging og fiskeindustri


Bnr. 2: Teigen

Teigen sett frå Solåsundet.
Foto: Olve Utne, 2. juli 2007

Teigen (uttale: [tɛ:’n] (Mal:NA), ['tɛɩa] (Mal:D)) var opprinneleg husmannsplass. I folketeljinga i 1865 er det oppgjeve to kyr, fem sauer, ⅓ tynne havre og ½ tynne poteter.

Plassen vart frådelt b.nr. 1 ved skylddeling den 19. september 1870 og vart kjøpt ut som sjølveigande bruk den 5. oktober same året.

Bnr. 3: Trøa

Trøa sett frå Solåsundet.
Foto: Olve Utne, 2. juli 2007

Trøa (uttale ['trø:a] (Mal:NA), ['trø:’n] (Mal:D)) var òg opprinneleg husmannsplass. Første husmannen ein veit om i Trøa, Ola Andersson, fekk festeseddel den 24. oktober 1823. I folketeljinga i 1865 er det oppgjeve tre kyr og åtte sauer, og dei sådde ei tynne havre og sette ei tynne poteter. Trøa vart sjølveigande bruk i 1870. I 1877 kom smeden Gjermund Gjermundsson Berven til gards, og han fekk skøyte på Trøa i 1885. I 1900 kom det telefonstasjon til Trøa, og frå 1945 vart det postkontor i Trøa òg. Trøa var heimgarden til Johannes Berven.

Bnr. 4: Steinteigen/Slettet

Slettet (Steinteigen) sett frå Solåsundet. Til venstre i bildet ser vi Hals skule. I bakgrunnen, rett over skuletaket, skimtar vi Furuly (bnr. 5)
Foto: Olve Utne, 2. juli 2007


Bnr. 5: Furuly

Denne eigedommen vart utskilt frå b.nr. 4 (Steinteigen/Slettet) i 1962.

Bnr. 6: Skogly

Denne eigedommen vart utskilt frå b.nr. 1 i 1966.

Andre

Kjelder

Skattematrikkelen 1647 : XIII: Møre og Romsdal fylke. Oslo (Universitetsforlaget), 1975. ISBN 82-00-01449-5