Isaach Isaachsen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
({{nn}})
Ingen redigeringsforklaring
 
(3 mellomliggende versjoner av 2 brukere er ikke vist)
Linje 2: Linje 2:


== Bakgrunn, oppvekst og familie ==
== Bakgrunn, oppvekst og familie ==
Isaachsen voks opp i det velståande borgarskapet i Kristiansand. Han var son av konsul Daniel Isaachsen (1744-1813) og hans fyrste hustru Christiane Hedevig Christensen (1751-1798). Familien budde i Isaachs oppvekst dels i byen, dels på [[Øvre Kjos]] i [[Oddernes]] litt vest for Kristiansand, ein gard som faren hadde kjøpt i 1785. Konsul Daniel Isaachsen var forretningsmann, skipsbyggjar, skipsreiar og kvalfangstentreprenør. Familiens formue var grunnlagt av hans far igjen, «[[Isak smed]]», ein bondegut frå [[Kvinesdal]] som som slo seg opp på forretningar i byen.
Isaachsen voks opp i det velståande borgarskapet i Kristiansand. Han var son av konsul [[Daniel Isaachsen (1744–1813|Daniel Isaachsen]] (1744-1813) og hans fyrste hustru [[Christiane Hedevig Christensen]] (1751-1798). Familien budde i Isaachs oppvekst dels i byen, dels på [[Øvre Kjos]] i [[Oddernes]] litt vest for Kristiansand, ein gard som faren hadde kjøpt i 1785. Konsul Daniel Isaachsen var forretningsmann, skipsbyggjar, skipsreiar og kvalfangstentreprenør. Familieformuen var grunnlagt av hans far igjen, «[[Isak smed]]», ein bondegut frå [[Kvinesdal]] som som slo seg opp på forretningar i byen.


Isaach Isaachsens far gifta seg i 1805 andre gong med [[Hanne Susanne Christiane Nideros]] (1779-1858). Ho vart enkje i 1813, og gifta seg to år deretter med general og statsråd [[Diderich Hegermann]]. Isaach Isaachsen vart såleis på eit vis stesonen til den kjende offiseren og eidsvollsmannen.
Isaach Isaachsens far gifta seg i 1805 andre gong med [[Hanne Susanne Christiane Nideros]] (1779-1858). Ho vart enkje i 1813, og gifta seg to år deretter med general og statsråd [[Diderich Hegermann]]. Isaach Isaachsen vart såleis på eit vis stesonen til den kjende offiseren og eidsvollsmannen.


Isaach Isaachsen vart i 1799 gift med [[Hedevig Elisabeth Hansen]] (1780-1849). Ho var dotter av biskop Peder Hansen i Kristiansand og hans andre hustru Marie Claussen. Det var neppe uproblematisk i den samanheng at Isaachsen var kjend som fritenkjar. Ekteskapet vart visstnok heller ikkje så lykkeleg. Iallfall flytta Isaachsen på sine eldre dagar ut til [[Holskogen]] og budde der saman med ei hushaldarske.
Isaach Isaachsen vart i 1799 gift med [[Hedevig Elisabeth Hansen]] (1780-1849). Ho var dotter av biskop [[Peder Hansen (biskop)|Peder Hansen]] i Kristiansand og hans andre hustru Marie Claussen. Det var neppe uproblematisk i den samanheng at Isaachsen var kjend som fritenkjar. Ekteskapet vart visstnok heller ikkje så lykkeleg. Iallfall flytta Isaachsen på sine eldre dagar ut til [[Holskogen]] og budde der saman med ei hushaldarske.


Isaach Isaachsen og kona fekk fire born, Christiane Hedevig (kalla Nanzy), Daniel Peter Christian, Abel Marie (Rikke) og Isaach. Familien budde på Kjos, som Isaachsen hadde overteke etter faren i 1806. Dei hadde også ein bygård i Kristiansand, slik det hadde vore også i Isaachs oppvekst.
Isaach Isaachsen og kona fekk fire born, Christiane Hedevig (kalla Nanzy), Daniel Peter Christian, Abel Marie (Rikke) og Isaach. Familien budde på Kjos, som Isaachsen hadde overteke etter faren i 1806. Dei hadde også ein bygård i Kristiansand, slik det hadde vore også i Isaachs oppvekst.
Linje 32: Linje 32:
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Gardbrukere]]
[[Kategori:Gardbrukere]]
[[Kategori:Kjøpmenn]]
[[Kategori:Handelsfolk]]
[[Kategori:Stortingsrepresentanter]]
[[Kategori:Stortingsrepresentanter]]
[[Kategori:Kristiansand kommune]]
[[Kategori:Kristiansand kommune]]

Nåværende revisjon fra 17. jun. 2020 kl. 19:35

Isaach Isaachsen (fødd i Kristiansand 24. mai 1774, død same stad 15. august 1828) var kjøpmann, skipsreiar, trelasthandlar, gardbrukar, konsul og stortingsmann. På Stortinget tilhøyrde han Den Flor-Hoelske opposisjon i krinsen rundt Jacob Hoel, Peter Flor, Ole Aaset, Hans Barlien og fleire. Isaachsen er ofte omtala som «jakobinaren», og han gjekk for å vere fritenkjande i religiøse spørsmål. Han hadde bevart mykje av sin ungdoms radikalisme i stortingspolitikken.

Bakgrunn, oppvekst og familie

Isaachsen voks opp i det velståande borgarskapet i Kristiansand. Han var son av konsul Daniel Isaachsen (1744-1813) og hans fyrste hustru Christiane Hedevig Christensen (1751-1798). Familien budde i Isaachs oppvekst dels i byen, dels på Øvre Kjos i Oddernes litt vest for Kristiansand, ein gard som faren hadde kjøpt i 1785. Konsul Daniel Isaachsen var forretningsmann, skipsbyggjar, skipsreiar og kvalfangstentreprenør. Familieformuen var grunnlagt av hans far igjen, «Isak smed», ein bondegut frå Kvinesdal som som slo seg opp på forretningar i byen.

Isaach Isaachsens far gifta seg i 1805 andre gong med Hanne Susanne Christiane Nideros (1779-1858). Ho vart enkje i 1813, og gifta seg to år deretter med general og statsråd Diderich Hegermann. Isaach Isaachsen vart såleis på eit vis stesonen til den kjende offiseren og eidsvollsmannen.

Isaach Isaachsen vart i 1799 gift med Hedevig Elisabeth Hansen (1780-1849). Ho var dotter av biskop Peder Hansen i Kristiansand og hans andre hustru Marie Claussen. Det var neppe uproblematisk i den samanheng at Isaachsen var kjend som fritenkjar. Ekteskapet vart visstnok heller ikkje så lykkeleg. Iallfall flytta Isaachsen på sine eldre dagar ut til Holskogen og budde der saman med ei hushaldarske.

Isaach Isaachsen og kona fekk fire born, Christiane Hedevig (kalla Nanzy), Daniel Peter Christian, Abel Marie (Rikke) og Isaach. Familien budde på Kjos, som Isaachsen hadde overteke etter faren i 1806. Dei hadde også ein bygård i Kristiansand, slik det hadde vore også i Isaachs oppvekst.

Næringsverksemd

Isachsen dreiv etter måten stort som forretningsmann, skipsreiar og trelasthandlar. I tillegg dreiv han altså garden Kjos. Som faren vart Isaach Isaachsen nederlandsk konsul.

Politikaren

«Jakobinar» hadde Isaach Isaachsen vore i bokstaveleg forstand, da han i ungdomen var medlem av Jakobinarklubben i Paris under den store franske revolusjonen. Det heiter seg at familien var temmeleg forskrekka over dette, og at faren fekk henta han heim med makt.

Isaachsen vart vald til Stortinget i 1818 som 3. representant for Kristiansand. Han var medlem i sju komitear der, av desse om gasjer og pensjonar, kjøpstadrett for Drøbak og om inskripsjon på Noregs krone. Som tilhøyrande den Flor-Hoelske opposisjonen var han sterkt skeptisk til den deflatoriske pengepolitikken, han var sterkt kritisk til embetsmannsstyre, og han gjekk inn for religionsfridom og kommunalt sjølvstyre. Han stod mellom anna bak eit forslag om å avskaffe amtmannsebetet.

Kjelder og litteratur

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og statsraadet 1814-1914. 1. bind 1. del. Kristiania 1914.
  • Rudjord, Kåre: Oddernes bygdebok. Gardshistorie. Kristiansand kommune 1968.
  • Seip, J.A.: Utsikt over Norges historie. Bind 1: Tidsrommet 1814-ca. 1860. Gyldendal, Oslo 1974.
  • Steen, Sverre: Kristiansands historie. I fredens århundre 1814-1914. Oslo 1948.
  • Isaach Isaachsen i folketelling 1800 for Kristiansand prestegjeld fra Digitalarkivet

Eksterne lenkjer