Israel Ruong

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 14. feb. 2018 kl. 00:22 av Olve Utne (Samtale | bidrag) (Bibliografi i utval)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Israel Ruong (19031986) var ein pitesamisk språkforskar, politikar og professor i samisk språk og kultur ved Uppsala universitet.

Israel Ruong vart fødd i Arjeplog i 1903. Foreldra var kateketar og bufaste i Harrok ved innsjøen Labbas. Foreldra og fleire sysken omkom i spanskesjuka som ramma Arjeplog i 1920. Oppveksten i Harrok blir utførlig skildra i artikkelen «Harrok : ett samiskt nybygge i Pite Lappmark», som er utgjeven i Kultur på karrig jord : festskrift til Asbjørn Nesheim. Han tok lærarutdaning i Luleå og arbeidde som lærar ved Nomadskolan i Jukkasjärvi. Faglig sett arbeidde Ruong elles med ulike aspekt av samiske språk òg, og særlig med morfologien. I 1943 tok han doktorgraden med avhandlinga Lappische Verbalableitung dargestellt auf Grundlage des Pitelappischen. Mellom 1947 og 1967 arbeidde han som nomadskoleinspektör.

Ruong var dosent i samiske språk og etnologi ved Uppsala universitet i perioden 1949-1969 og fikk eit personlig professorat i 1969. Israel Ruong var ein av dei som tok initiativ til Nordisk samisk institutt, og han arbeidde for å opprette ein samisk institusjon i Umeå. Saman med Knut Bergsland var han opphavsmann til Bergsland-Ruong-rettskrivinga frå 1948. Med den nye rettskrivinga gav Ruong ut læreboka og grammatikken Min sámegiella (1970).

Ruong var òg med i samepolitikken og i grunnlegginga av SSR, Svenska samers riksförbund, i 1950. Han var leiar for SSR 1959–1967. I perioden 1960–1973 var han redaktør for avisa Samefolket.

I 1983 oppretta Nordisk samisk institutt Israel Ruong-stipendiet. Det blir utdelt ein gong i året til ein forskar som arbeider med forskningsmessige problemstillingar innafor eitt eller fleire av felta professor Israel Ruong arbeidde med.[1]

Bibliografi i utval

  • 1944 - «Studier i lapsk kultur i Pite lappmark och angränsande områden», i Svenska landsmål och svenskt folkliv 66–67 (1943–1944)
  • Formlära (1957)
  • Niilas ja su sii'da (1965)
  • Dovdagat ja bargot (1967)
  • Samerna (1969)
  • Min sámegiella (1970)
  • Index till samefolkets egen tidning-Samefolket 1918-1973 (1985)

Kjelder