Jean Føyen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (Ny side: '''Jean Fridolf Føyen''' (1878 - 1942) var forfattar av fanteslekt. Han vart fødd i Stord hjelpefengsel som son av to omstreifarar og adoptert bort eit par månader etter fødselen. S...)
 
(lenkefiks)
 
(37 mellomliggende versjoner av 7 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
'''Jean Fridolf Føyen''' (1878 - 1942) var forfattar av fanteslekt. Han vart fødd i [[Stord hjelpefengsel]] som son av to omstreifarar og adoptert bort eit par månader etter fødselen. Som vaksen livnærte han seg som skribent og bokmeldar i [[Kristiania]]. Då han og kona døydde, vart alt dei eigde testamentert til [[Stord kommune]]. Stord Folkebibliotek har ei eiga avdeling med boksamlinga hans og hans eigne skrifter.
{{thumb|Portrett av jean føyen.jpg|Portrett av Jean Føyen (1878-1942). Biletet er ein del av Føyen-samlinga ved Stord folkebibliotek.}}
{{thumb|Jean føyen feriefryd.jpg|Novellesamlinga «Feriefryd» frå 1924.}}
'''Jean Fridolf Føyen''' (fødd 10. april 1878 [[Stord]], død 27. desember 1942 i [[Oslo]]) var forfattar og journalist. Han var i ei årrekkje knytt til [[Dagens Næringsliv|Norges Handels og Sjøfartstidende]] som litteraturkritikar.


==Dramatisk familiebakgrunn==
==Bakgrunn==
Jean Fridolf kom til pleieforeldra sine var han berre åtte veker gammal. Han vaks opp på garden Føyno på Stord hos adoptivforeldra Johannes og Ingeborg Føyen. På folkemunne heiter det seg at han var lagt på dørhella, pakka inn i ein bylt.  
Foreldra var [[Alexiane Johannesdatter Østrem (f. 1842)|Alexiane Johannesdatter Østrem]] (f. 1842 i Stavanger) og Ole Paulsen (f. 1851 i Sverige), som båe levde som omstreifarar. Jean vart fødd i [[Stord hjelpefengsel|Leirvik hjelpefengsel]], men kom eit par månader etter fødselen i pleie hos [[Johannes Føyen|Johannes]] (f. 1834) og [[Ingeborg Føyen]] (f. 1830). Han vaks opp på sørsida av Stord, på garden Føyno, som var i sjølveige. I folketeljinga for 1891 hadde paret fire born buande heime. I tillegg til Jean var det Ole (f. 1850, oppført som steson), Anne Katrine (f. 1866) og pleiedottera Ingeborg Gurine (f. 1879). Ole står i teljinga oppført med gardsarbeid som yrke, medan Anne Katrine var sypike.  


Mora heitte Axeliane. Ho var fødd i [[Stavanger]] i 1840. Foreldra hennar ser ikkje ut til å ha vore omstreifarar. Det var arbeidsmann Johannes Johannessen Østreim og kona Anne Katrine, begge frå Stavanger. Johannes vert seinare omtala som bødker, som var ei stor yrkesgruppe i Stavanger på den tida. I 1855 vart Axeliane konfirmert i Stavanger domkyrkje. Ho får skussmålet “meget god i Bog”. Det er altså ingenting som tyder på kor ille det skulle gå med henne seinare i livet.  
Jean var flink på skulen, og som elev på [[Garnes ungdomsskule]] i åra 1894-1895 fekk han det rådet av læraren at han burde studera. Det var det ikkje pengar til. I staden tok han seg arbeid som krambusvein, først i Bergen og seinare i Oslo.


Me finn Axeliane att 11 år seinare, på Stord. Her vart ho vigd ein novemberdag i [[Stord kyrkje]] med ”Blikkenslager Edvard Guldbrandsen Ros”. Dei hadde ikkje forlovarar, men avla eid om sin kristne bakgrunn. Kvifor ho no var hamna Stord veit me ikkje. Sjølv om Axeliane kunne framleggja prov på at ho var både døypt og konfirmert, kan neppe brudgommen Edvard ha vore i stand til det. Han var 26 år gammal og fødd i Drangedal, som son av ”Omstreifer Carl Gulbrand Andreassen Ros”. Ros eller Andreassen-slekta var ei kjend omstreifarslekt i Sør-Noreg.
Føyen gifta seg i 1924 med [[Una Føyen (1895-1947)|Hanna Adolfine (Una) Liberg]] (1895–1947) frå Kristiania, som arbeidde som bokhaldar [[Schous bryggeri]]. Ho fekk også publisert eit par noveller i avisa ''[[Norges Kvinder]]''. Paret var barnlause.  


Edvard er omtala i Eilert Sundt sitt verk om “Fante- eller Landstrygerfolket i Norge”. Eilert Sundt skriv om Edvard at han på slutten av 1850-åra farta om på Jæren med ei viss Johanne Cæcilie Knudsdatter - “et overmaade lidenskabeligt Menneske” som fører det Sundt omtalar som det  ”usædvanlig voldsomme Fanteliv”. Ho hadde fleire born med ulike menn. Ho fekk også eit barn med den 17-årige Edvard. Det førte til at ho måtte sona etter konkubinat-paragrafen. Då ho var ferdig med soninga freista ho å slå seg til ro i Stavanger. Men så dukka Edvard opp att, og no “foer hun som en Furie omkring i Stavanger-Fjordene i Sommeren 1861...
== Forfattar og kritikar==
Føyen tok tidleg til å skriva. Han bidrog med dikt og noveller i populære blader som [[Korsaren]], [[Tyrihans]], [[Vikingen]], [[Hvepsen]], [[Humoristen]] og fleire. Han var også redaktør for nokre julehefte. Etter kvart vart han fast knytt til [[Tidens Tegn]], der han skreiv dikt og noveller under psevdonymet Trubaduren. Seinare gjekk han over til Norges Handels- og Sjøfartstidende, der han mellom anna var bokmeldar i ei rekkje år.  


Ikkje lenge etter slår han seg altså saman med Axeliane, som då er 19 år gammal. I oktober 1863 døyper dei ei dotter [[Halsnøy]] i [[Sunnhordland]], Ingeborg Marie. Dei sit då i “Halsnøen Arresthuus”. Då dei gifta seg i 1866 hadde dei alt to born - seinare fekk dei fire til. Då sonen Jean vart fødd fortalde Axeliane, som då sat fengsla Stord, at Edvard hadde reist frå henne. Ho trudde at han kanskje var død. Dermed slo hun seg i lag med to andre menn og vart gravid nytt. Ho vart seinare arrestert i Ølen. Då var ho saman med ein svensk reisande, og var gravid endå ein gong, men med ein annan mann.  
Jean Føyen er ikkje vigd nokon plass i norsk litteraturhistorie, trass i at han hausta gode kritikkar og vart sett på som ein kresen stilist i samtida. Han debuterte Gyldendal med diktsamlinga «Blade» i 1909. Tre år seinare kom novellesamlinga «Menneskers liv» på Aschehoug. I 1917 kom det ei ny diktsamling, «Sommernætter», på Helge Erichsens forlag. Den fjerde og siste boka hans var ei samling humoresker, «Sommerfryd», gjeve ut på Kristian Bjørnstads forlag i 1924. Det vart også sagt at han skreiv på ein større roman, som han aldri fullførte.  


Axeliane fekk sitt niande barn i Stord hjelpefengsel. Barnet fekk namn etter den mannen ho for tida reiste saman med, Johannes Fridolf - men kalla guten opp etter faren med ein “fransk vri", Jean Fridolf. Ho vart samstundes dømd til seks månaders straffarbeid i Christiania Tugthuus. Ho var då 36 år gammal. Etter soninga finst det ikkje spor etter henne.
I forfattarskapen sin skreiv ikkje Jean Føyen om dei reisande sjølv om mora og truleg også faren ikkje var bufaste. Tvert om heldt han ein armlengdes avstand til temaet. Ifylgje forfattaren av Stord bygdebok, Ola Høyland, tolde han mest ikkje å sjå reisande i oppveksten. Truleg hadde andre ungar terga han for opphavet hans.<ref>Høyland: 212</ref>


==Oppvokster som “fantunge”==
==Føyen-samlinga ==
Jean vart altså adoptert og vaks opp på Føyno, ein gard sør på Stord. Det ser ikkje ut for at det kan ha vore lett for han. Det heiter seg at han sprang og gøymde seg når det kom fantar på besøk, livredd for at dei skulle ta han med seg att. Han vart óg visstnok terga av andre ungar om fanteopphavet sitt.
Jean Føyen døydde i jula 1942, medan kona Una Lidberg levde til 1947. Paret testamenterte alt dei eigde til [[Stord kommune]], mellom anna boksamlinga og ei rekkje dokument av litterær og litteraturhistorisk interesse. Føyen stod i kontakt med mange av dei mest kjende litterære skikkelsene i samtida. Føyen-samlinga finst ved [[Stord folkebibliotek]] og rommer boksamlinga, Føyens eigne skrifter, samt artiklar og anna knytt til forfattaren.


Hos Johannes og Ingeborg Føyen fekk han ein god heim. Han var flink på skulen, og som elev på [[Garnes]] ungdomsskule i åra 1894-1895 fekk han det rådet av læraren at han burde studera. Det var det ikkje pengar til. I staden tok han seg arbeid som krambusvein, først i Bergen og seinare i Oslo. Han tok også til å skriva, både dikt og noveller, og fekk ting på trykk i populære blader som [[Korsaren]], [[Tyrihans]], [[Vikingen]] og [[Humoristen]], seinare også i [[Tidens Tegn]] og [[Norges Handels- og Sjøfartstidende]].
==Utgjevingar==


Jean Føyen er ikkje vigd nokon plass i norsk litteraturhistorie, trass i at han hausta gode kritikkar og vart sett på som ein kresen stilist i samtida. Han debuterte på Gyldendal forlag med diktsamlinga “Blade” i 1909, tre år seinare kom ei novellesamling på Aschehoug, “Menneskers liv”. I 1917 kom det ei ny diktsamling, “Sommernætter”, på Helge Erichsens forlag. Den fjerde og siste boka hans var ei samling humoresker kalla “Sommerfryd”, gjeve ut på Kristian Bjørnstads forlag i 1924. Den øvrige litterære produksjonen hans vart spreidd på ei rekkje tidsskrifter, magasiner og julehefte - han var sjølv også redaktør for nokre julehefte. Det vart også sagt at han skreiv på ein større roman som han aldri fullførte.  
*Føyen, Jean: ''Sommernætter : digte''. Utg. Erichsen. Kristiania. 1917. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2013061808162}}.
*Føyen, Jean: ''Feriefryd : humoresker''. Utg. Bjørnstad. Kristiania. 1924. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2014120108075}}.
*Føyen, Jean: Telegrammet. I: ''Urd''. Utg. A/S Urd. Oslo. 1913. {{nb.no|NBN:no-nb_digitidsskrift_2021021881046_001| side =824}}
*Føyen, Jean: Julenat. I: ''Urd''. Utg. A/S Urd. Oslo. 1914. {{nb.no|NBN:no-nb_digitidsskrift_2021021881044_001| side=752}}.


==Føyen-samlinga==
==Fotnotar==
Jean Føyen døydde i jula 1942, medan kona Una Lidberg levde til 1947. Dei var barnlause, og såleis testamenterte dei vekk alt dei eigde. Stord kommune fekk overta boksamlinga, samt ei rekkje dokument av litterær og litteraturhistorisk interesse. Føyen stod i kontakt med mange av dei mest kjende litterære skikkelsene i samtida. Føyen-samlinga er i dag oppbevart på Stord Folkebibliotek, der ein også har teke vare på artiklar og anna i samband med forfattaren.
<references />


==Andre forfattarar med fantebakgrunn==
==Kjelder og litteratur==
I forfattarskapen sin har Jean Føyen ikkje nytta dei reisande som tema - tvert om, dei er heldt på ein armlengdes avstand. Slik skil han seg frå ein annan forfattar med reisandebakgrunn, Jon Ljosdahl. Han er mest kjend for visa ”Gryta hennar mor”, men gav også ut fleire forteljingar og bøker med tema om dei reisande. Ljosdahl vart fødd på garden Flå i Birkenes på Sørlandet. 10 år gammal byrja han på skule i Stavanger, og fekk fire års skulegong før han stakk til sjøs. Då han mønstra av i 1920-åra levde han det tradisjonelle taterlivet, streifa rundt og selde krambuvarer. Han tok også til å skriva. Det vart sagt at han sat i grøftekanten og skribla ned forteljingar frå sitt eige miljø.
*Gotaas, Thor: ''Taterne - livskampen og eventyret''. Utg. Andresen & Butenschøn. 2007. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2018022648094}}.
*Hagerup, Werner:  ''Nokre notatar om Axeliane Johannesdotter''. Småtrykk, lokalsamlinga ved Stord folkebibliotek.
*Høyland, Ola: ''Stord bygdebok''. Utg. Stord herad. Stord. 1973. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2011102408036}}.
*{{hbr1-1|pf01052964001954|Jean Føyen}}.
*Moe, Tore Lande: ''Dei reisande - om tatatar og fantar''. I: ''Sunnhordland''. Utg. Sunnhordland museum. 2008. {{nb.no|NBN:no-nb_digitidsskrift_2019010381649_001}}, s. 77-79.
*Sundt, Eilert:  ''Fante- eller landstrygerfolket i Norge''. 2005. Første gongen utg. 1852: {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2008090903001}}.
*''100 år sidan Jean Føyen vart fødd - i Stord-fengslet''. Haugesunds Avis 14. januar 1978
*Vakker testamentarisk gave til Stord. I: ''Bok og bibliotek''. Utg. ABM-media. 1948. {{nb.no|NBN:no-nb_digitidsskrift_2013061181009_001| side=216}}.
*[http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11676&idx_id=11676&uid=ny&idx_side=-65 Digitalarkivet Døypte i Stord kyrkje 1878]


Ein annan slik forfattar er Kristian Bredesen. Han vart født i ei ”fanteskøyte” på Sørlandet. Bakgrunnen har han skildra i fleire bøker. Oppvekstmønsteret er det same som gjaldt for svært mange reisandeborn i mellomkrigstida: ein alkoholisert far, ei tiggande mor, dårleg husvære i båt, beinharde tenestemenn i politi og verjeråd, barneheim, adopsjon, mobbing for bakgrunnen, ”misjonsgnål”, grubling over eigen situasjon.
{{DEFAULTSORT:Føyen, Jean}}
Men Kristian Bredesen fekk både  utdanning og gjorde ein  karriere i skuleverket. Sjølv om det ser ut til å ha vore ein smertefull prosess, har Bredesen gjort dei reisande til tema i bøkene sine.
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Forfattere]]
==Kjelder og litteratur==
[[Kategori:Romanifolkets historie og kultur]]
:*Gotaas, Thor: ''Taterne - livskampen og eventyret''. Andresen & Butenschøn. 2007.
[[Kategori:Stord kommune]]
:*Hagerup, Werner:  ''Nokre notatar om Axeliane Johannesdotter''. Småtrykk, lokalsamlinga ved Stord Folkebibliotek.
[[Kategori:Fødsler i 1878]]
:*Moe, Tore Lande: ''Dei reisande - om tatatar og fantar''. Sunnhordland Årbok 2008.
[[Kategori:Dødsfall i 1962]]
:*Sundt, Eilert:  ''Fante- eller landstrygerfolket i Norge''. 2005. Første gongen utg. 1852.
{{nn}}
:*''100 år sidan Jean Føyen vart fødd - i Stord-fengslet''. Haugesunds Avis 14. januar 1978

Nåværende revisjon fra 4. jan. 2022 kl. 08:49

Portrett av Jean Føyen (1878-1942). Biletet er ein del av Føyen-samlinga ved Stord folkebibliotek.
Novellesamlinga «Feriefryd» frå 1924.

Jean Fridolf Føyen (fødd 10. april 1878 på Stord, død 27. desember 1942 i Oslo) var forfattar og journalist. Han var i ei årrekkje knytt til Norges Handels og Sjøfartstidende som litteraturkritikar.

Bakgrunn

Foreldra var Alexiane Johannesdatter Østrem (f. 1842 i Stavanger) og Ole Paulsen (f. 1851 i Sverige), som båe levde som omstreifarar. Jean vart fødd i Leirvik hjelpefengsel, men kom eit par månader etter fødselen i pleie hos Johannes (f. 1834) og Ingeborg Føyen (f. 1830). Han vaks opp på sørsida av Stord, på garden Føyno, som var i sjølveige. I folketeljinga for 1891 hadde paret fire born buande heime. I tillegg til Jean var det Ole (f. 1850, oppført som steson), Anne Katrine (f. 1866) og pleiedottera Ingeborg Gurine (f. 1879). Ole står i teljinga oppført med gardsarbeid som yrke, medan Anne Katrine var sypike.

Jean var flink på skulen, og som elev på Garnes ungdomsskule i åra 1894-1895 fekk han det rådet av læraren at han burde studera. Det var det ikkje pengar til. I staden tok han seg arbeid som krambusvein, først i Bergen og seinare i Oslo.

Føyen gifta seg i 1924 med Hanna Adolfine (Una) Liberg (1895–1947) frå Kristiania, som arbeidde som bokhaldar på Schous bryggeri. Ho fekk også publisert eit par noveller i avisa Norges Kvinder. Paret var barnlause.

Forfattar og kritikar

Føyen tok tidleg til å skriva. Han bidrog med dikt og noveller i populære blader som Korsaren, Tyrihans, Vikingen, Hvepsen, Humoristen og fleire. Han var også redaktør for nokre julehefte. Etter kvart vart han fast knytt til Tidens Tegn, der han skreiv dikt og noveller under psevdonymet Trubaduren. Seinare gjekk han over til Norges Handels- og Sjøfartstidende, der han mellom anna var bokmeldar i ei rekkje år.

Jean Føyen er ikkje vigd nokon plass i norsk litteraturhistorie, trass i at han hausta gode kritikkar og vart sett på som ein kresen stilist i samtida. Han debuterte på Gyldendal med diktsamlinga «Blade» i 1909. Tre år seinare kom novellesamlinga «Menneskers liv» på Aschehoug. I 1917 kom det ei ny diktsamling, «Sommernætter», på Helge Erichsens forlag. Den fjerde og siste boka hans var ei samling humoresker, «Sommerfryd», gjeve ut på Kristian Bjørnstads forlag i 1924. Det vart også sagt at han skreiv på ein større roman, som han aldri fullførte.

I forfattarskapen sin skreiv ikkje Jean Føyen om dei reisande sjølv om mora og truleg også faren ikkje var bufaste. Tvert om heldt han ein armlengdes avstand til temaet. Ifylgje forfattaren av Stord bygdebok, Ola Høyland, tolde han mest ikkje å sjå reisande i oppveksten. Truleg hadde andre ungar terga han for opphavet hans.[1]

Føyen-samlinga

Jean Føyen døydde i jula 1942, medan kona Una Lidberg levde til 1947. Paret testamenterte alt dei eigde til Stord kommune, mellom anna boksamlinga og ei rekkje dokument av litterær og litteraturhistorisk interesse. Føyen stod i kontakt med mange av dei mest kjende litterære skikkelsene i samtida. Føyen-samlinga finst ved Stord folkebibliotek og rommer boksamlinga, Føyens eigne skrifter, samt artiklar og anna knytt til forfattaren.

Utgjevingar

Fotnotar

  1. Høyland: 212

Kjelder og litteratur