Jens Aarsand: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
({{nn}})
m (hbr)
Linje 12: Linje 12:


*[http://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?mode=fy&start=10 DIS-Norge: Gravminner i Norge (id. 1706416)]
*[http://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?mode=fy&start=10 DIS-Norge: Gravminner i Norge (id. 1706416)]
*{{folketelling person|pf01037306001173|Jens Aarsand|1900|Kvinnherad herred|nn}}
*{{folketelling|pf01037306001173|Jens Aarsand|1900|Kvinnherad herred|nn}}
*{{folketelling person|pf01036671001457|Jens A. Aarsand|1910|Kvinnherad herred|nn}}
*{{folketelling|pf01036671001457|Jens A. Aarsand|1910|Kvinnherad herred|nn}}
{{Norske skolefolk 1952 bind 2}}
* {{Norske skolefolk 1952 bind 2}}.
{{Norske skolefolk 1934}}
* {{Norske skolefolk 1934}}.
 
==Eksterne lenker==
 
* {{hbr1-1|pf01037306001173|Jens Aarsand}}.


{{DEFAULTSORT:ÅRSAND; JENS}}
{{DEFAULTSORT:ÅRSAND; JENS}}

Sideversjonen fra 22. feb. 2016 kl. 09:41

Jens Aarsand (fødd 26. april 1890 på Årsand i Kvinnherad, død 2. januar 1979) var lærar og lokalpolitikar på Avaldsnes. Han engasjerte seg dessutan i kristeleg arbeid og var aktiv fråhaldsmann.

Han var son av bonde og laksefiskar Anders G. Aarsand og Dorotea f. Havnerås. Etter folketeljinga for 1910 var Jens Aarsand fyrst bøkkarsvenn, men i 1916 tok han eksamen ved Holmestrand lærerskole. Også brørne Anders og Odd Aarsand var lærarar.

Som nyutdanna var han eitt års tid lærar i krinsane Nordrepollen og Tveitnes i heimbygda Kvinnherad. Kring 1917 vart han tilsett ved Kvalavåg skule på Avaldsnes, i noverande Karmøy kommune. Attåt arbeidet i folkeskulen var han i mange år òg lærar i framhaldsskulen i bygda. Han tok dessutan fleire lærarkurs, både i gymnastikk og sløyd.

Aarsand var formann i Kvalavåg og Kalstø kristelege ungdomsforening, Kvalavåg D.N.T. barnelag og Avaldsnes skogråd. Aarsand sat som medlem av Avaldsnes sokneråd og heradsstyre var medlem av songkor.

Aarsand vart 19. desember 1923 gift med lærarinne Gjertrud Grøtnes (1893-1980), dotter av bonde Hans Grøtnes og Gunhild f. Bjerkan. Dei fekk fire søner og fire døtrer. Jens og Gjertrud Grøtnes er gravlagde på Avaldsnes kyrkjegard.

Kilder og litteratur

Eksterne lenker