Jens Aarskog

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. sep. 2014 kl. 07:49 av Kallrustad (samtale | bidrag) (lærar, mellomlagring)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Jens Aarskog (fødd 27. november 1875 i Haukedalen i Sunnfjord, død?) var lærar og kyrkjesongar i Fjærland i Sogn.

Han var son av Johannes Aarskog og Ingebjørg Olsdotter f. Frøisland. Jens Aarskog tok eksamen ved Stord lærarskule i 1897.

Som nyutdanna vart han hausten 1897 tilsett som lærar i Haumrum, og frå 1900 var han kyrkjesongar i Fjærland.

Aarskog skipa eit blanda kor i 1897, og var instruktør og dirigent for dette i fleire tiår. I 1916 starta han Fjærland privatbank, der han sat som kasserar til 1923. Frå 1923 var han òg formann i Balestrand skulestyre. Fjærland høyrde til Balestrand kommune fram til 2000.

Jens Aarskog var gift med Kirstina Andersdotter f. Mundal, dotter av bonde og postopnar A. Mundal og Sunneva Stillaugsdotter. Ekteparet Aarskog fekk tre søner og to døtrer.

Kjelder og litteratur

Bakke, Karl: Norske skolefolk (andre utgave): bind 2, Dreyer forlag, Stavanger 1952. Digital versjonNettbiblioteket Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjonNettbiblioteket