Jens Erichstrup

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. feb. 2014 kl. 09:11 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Jens Erichstrup''' (fødd i Skien 10. november 1775, død i Stavanger 18. august 1826) var embetsmann, eidsvollsmann og stortingsrepresentant. Han var fødd inn i ei...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Jens Erichstrup (fødd i Skien 10. november 1775, død i Stavanger 18. august 1826) var embetsmann, eidsvollsmann og stortingsrepresentant.

Han var fødd inn i ein handverkarfamilie. Foreldra var glasmeister Daniel Jensen Erichstrup og Dorothea Jonsdotter. Han fekk utdanning og tok i 1798 embetseksamen i juss på dansk (ikkje latin). Hans tenestemanns- og embetskarriere byrja med teneste i Rentekammeret i København, fyrst som kopist 1801-1803 og deretter som fullmektig. I 1810 vart han utnemnd til fut i Lister fogderi, så vidt ein kan sjå busett i Farsund. I 1818 fekk han same embetet i Larvik, og allereie året etter konstituert amtmann i Larvik amt. Han vart utnemnd til amtmann i Stavanger 16. april 1825, men døydde allereie året etter. Han var ugift.