Johan Fredrik Voss

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. mai 2011 kl. 20:51 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: {{Under arbeid}} '''Johan Fredrik Voss''' (fødd i Haus i Hordaland, 29. juli 1883, død i 1966) var skulemann og nynorskforkjempar. Han var ein sentral person for målrørsla i...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Johan Fredrik Voss (fødd i Haus i Hordaland, 29. juli 1883, død i 1966) var skulemann og nynorskforkjempar. Han var ein sentral person for målrørsla i akademiske krinsar, mellom anna som leiar i Studentmållaget og hovudmann bak Pønskarlaget ved Universitetet i Kristiania. Yrkesgjerninga og samfunnsinnsatsen hans kom særskilt landsgymnassaka til gode. Landsgymnas var ei viktig fanesak for målfolket. Voss starta på privat basis det fyrste av desse i Volda, og han var sidan lektor ved Voss offentlege landsgymnas og rektor ved Eidsvoll offentlege landsgymnas. Som rektor på Eidsvoll 1922-1945 var han ein dugande skuleleiar, men også omstridd. Det hang mest saman med hans kompromisslause standpunkt i språkpolitikken, men også med hans politiske haldningar. Han gjekk etter 1940 inn i NS og vart avsett som rektor i 1945.


Familie, oppvekst og utdanning

Familienamnet Voss stammar frå tyske innvandrarar på 1700-talet, og har ikkje noko med det norske stadnamnet å gjere. Johan Fredrik Voss sin farfars farfar, Jacob Voss, kom frå Meklenburg i 1776 og vart kjøpmann på Bryggen i Bergen.

Johan Fredrik Voss var son av Jacob Voss (fødd 1845 i Tysnes) og Karen Marie Larsen Russ (fødd 1850 i Austrheim). På det tidspunktet da Johan Fredrik var fødd, var faren residerande kapellan i Haus. Året etter flytta familien til ØrskogSunnmøre. Faren døydde i 1888, og da slo enkja og borna seg ned i Bergen, der Johan Fredrik fekk det meste av oppveksten.

Han gjekk på Hambros skule i Bergen 1890-1901, dvs. heilt frå barnetrinnet til han tok artium med latin og gresk i fagkrinsen. I 1902 tok han andreeksamen ved Universitetet i Kristiania. Før han tok til på fagstudiane, var han eit år som huslærear hjå ein norsk familie i Ångermannland i Nord-Sverige.

Frå 1903 studerte Voss filologi i Kristiania med fagkrinsen norsk, tysk og historie. Vinteren 1904-1905 hadde han eit studieopphald i Leipzig. Han tok filologisk embetseksamen i 1908. Året etter tok han også pedagogisk eksamen ved universitetet. Ved sida av studiane hadde han lærarstilling ved den private Aars og Voss’s latin- og realskole i Kristiania, som var grunnlagd av onkelen Peter Christiansen Voss og Jacob J. Aars.

Johan Fredrik Voss gifta seg i Kristiania i 1910 med Helene Westland (1889-) fødd i Fredrikstad, dotter av kjøpmann Sigvard Westland og Marie fødd Amundsen. Johan Fredrik og Helene Voss fekk seks born, eitt av dei døydde som spedbarn.


Landsgymnaset og skulefagleg verksemd elles

Yrkesbanen til Johan Fredrik Voss tok for alvor til i 1910, da han saman med studiekameraten Olav Riste kjøpte ein skule i Volda der dei starta det fyrste gymnaset i landet med landsmål (nynorsk) som hovudmål. Det vart ein suksess, og kan reknast som det fyrste landsgymnaset i landet. I 1917 tok Voss lektorstilling på det fyrste offentlege landsgymnaset som var starta på Voss året før. Der var han i fem år, til han i 1922 vart den fyrste rektoren på Eidsvoll offentlege landsgymnas. Det stod hard strid om rektortilsetjinga der, fyrst og fremst på grunn av språkspørsmålet. Riksmålsfolket og representantar for den samnorskprega Østlandsk reisning stod mot dei sentrale pådrivarane i landsgymnassaka, som var landsmålsforkjemparar.

Voss skriv sjølv om dei fyrste åra på Eidsvoll:

«Sjølv vil eg kalla meg ein fredeleg mann, men det har stått so mykje strid um ”rektor Voss” i bygda, i pressa, i Stortinget i desse tri åra, at folk flest må tru noko heilt anna. Det kviottar elles eitt kva folk meiner. Eg har berre prøvt å vera meg sjølv, den same på Eidsvoll som på Voss, i Volda og i mine studentår.»

Voss vart verande som rektor på Eidsvoll yrkeslivet ut. Striden stilna aldri, og vart intensivert som følgje av hans standpunkt under okkupasjonen.

Som framståande skulemann var Voss mykje nytta som fagkunnig av det offentlege. Han sat mellom anna i Undervisningsrådet for den høgare skulen 1929-1940, og han var medlem i Lærerorganisasjonenes Skolenevnd frå 1931. Han var med på førearbeida til lova om høgare allmennskular av 1935. I 1939 vart han med i den departementsoppnemnde eksamensordningskomiteen for den høgare skulen, men dette arbeidet vart avbrote av hendingane i 1940.

Han var redaktør for Norsk pedagogisk tidsskrift 1917-1926.


Nasjonalisten og målmannen

Samnemnaren i Johan Fredrik Voss sitt språkpolitiske standpunkt, hans venstrepolitiske engasjement rundt 1905 og NS-tilslutninga etter 1940 var hans djupt nasjonalistiske haldningar. Desse vart for alvor vekte under opphaldet hans i Sverige 1902-1903, og han forklarer dette slik:

«Den sterke motsetnaden millom det fulltrygge, sjølvbyrge nasjonale medvit som eg råka i Sverike både høgt og lågt og sette stempelen sin på alt, og den nasjonale halvhugen og spotten yver det heimlege som i stor mun rådde hjå oss, allvisst i byane og hjå yverklassa, opna augo mine heilt for verdet av ei nasjonal reising i Noreg. […] Og ei slik vekkjing og ein slik vokster måtte hjå oss knytast til målreisinga.»

I 1903 var Voss hovudmann i skipinga av Pønskarlaget, ei foreining av norskmålsfilologar ved universitetet. Det var både ein selskapsklubb og eit fagleg selskap der medlemmane drøfta aktuelle spørsmål og heldt fordrag og utgreiingar for kvarandre.

Voss var formann i Studentmållaget i 1906 og 1909. Han var fyrste redaktøren for Heimsyn, som var ei fast spalte for mållaget i avisa Den 17de Mai.

Storhendingane rundt 1905 styrka og utdjupa Voss sine nasjonale kjensler. Han var sterkt mot Karlstad-forliket, og var blant studentane som protesterte mot dette med pamflettar, protestmøte og pipekonsertar. «[…] eit par av oss hamna jamvel i Møllergata 19 ein kveld» (altså i arresten), fortel han sjølv.


Okkupasjonstida

I 1930-åra fekk Eidsvoll landsgymnas rykte for å vere eit NS-gymnas. Det var etter måten stor oppslutning om Quisling blant gymnasiastane. Voss vart av motstandarane skulda for å vere for lempeleg i høve til dette. Mellom anna tillet han at ein gymnasiast kunne møte opp på skulen i brun skjorte, noko som tydeleg var meint og oppfatta som naziuniformering. Alvorlegare var det at Voss tyktest ta unna for nokre NS-gymnasiastar som i 1938 hadde gjennomført ein anti-fyrstemai-demonstrasjon som omfatta reint hærverk. Voss støtta sjølvsagt ikkje slik oppførsel, men viste til at demonstrasjonen var framprovosert mellom anna av «bolsjevikiske» og «forsvarsnihilistiske» krefter innan hans eigen lærarstab.

Skuldingane om nazisympatiar vart stadfesta ved at Voss sjølv gjekk inn i NS etter 1940. Han var medlem av Eidsvoll heradsting 1941-1945 og skulestyreformann i bygda. Han vart avsett som rektor da freden kom.


I Vardal

Etter krigen busette Johan Fredrik og Helene Voss seg i Vardal, på Glæstadhaugen i grenda Glæstadroa. Det hadde venteleg samanheng med at eldste dotter deira, Marie Elise, budde der, gift med bonde Arne Hatterud på Øvre Glæstad.


Forfattarskap

Johan Fredrik Voss gav i 1933 ut ei tysk-norsk ordbok, og han har skrive fleire lærebøker i tysk.


Kjelder og litteratur