Johan Peter Fugellies sydvestfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. sep. 2017 kl. 06:24 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: Johan Peter Fugellies sydvest- og oljekledefabrikk vart oppbygd på Fugellies gard Leikvoll i Randaberg kommune i Rogaland frå ca. 1860....)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Johan Peter Fugellies sydvest- og oljekledefabrikk vart oppbygd på Fugellies gard Leikvoll i Randaberg kommune i Rogaland frå ca. 1860. Den vart flytta til Lervik i nåverande Østre bydel i Stavanger i 1868, og var i verksemd til 1898. Det har ikkje lykkast oss å finne noko offisielt firmanamn på verksemda.

Produksjon ved Stavanger barneasyl

Sydvestproduksjonen var det mor til gründaren, Christiane Heede Fugellie, som fyrst hadde starta med. I tidsrommet 1843- ca. 1855 var ho styrar ved Stavanger barneasyl, ein dagheim for fattige born med utearbeidande foreldre. Der sette ho i gang med tilverking av sydvestar som ei passande oppgåve for dei større borna der. Borna, og sikkert Christiane sjølv, sydde, og Christianes mann Thor Olsen Fugellie impregnerte sydvestane med olje. Produksjonen kom opp i 300-400 sydvestar pr. år. Eilert Sundt skriv om dette i 1867/68 at det heile hadde teke til for 10-12 år sidan, dvs. på midten av 1850-talet, og at det vara eit par års tid. Thor Fugellie døydde i 1854, og ikkje så lenge etter det flytta enkja ut til sonen, som frå 1849/1850 hadde drive gardsbruk på Leikvoll i Randaberg. Christiane hadde med seg produktkunnskapen og framstillingsteknikken. Sonen sytte for produksjonslokale og arbeidskraft, og snart var framstillinga av sydvestar i gang i mykje større skala.