Johan Peter Fugellies sydvestfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvitsøygt. 18 i Stavanger. Bygd som fabrikklokale og bustad for fabrikkeigarens familie ca. 1868.
Foto: Erling Jensen 2012.

Johan Peter Fugellies sydvest- og oljekledefabrikk vart oppbygd på Johan Peter Fugellies gard Leikvoll i Randaberg kommune i Rogaland frå ca. 1860. Den vart flytta til Lervik i nåverande Østre bydel i Stavanger i 1868, og var i verksemd til 1898. Det har ikkje lykkast oss å finne noko offisielt firmanamn på verksemda.

Produksjon ved Stavanger barneasyl

Sydvestproduksjonen var det mor til gründaren, Christiane Heede Fugellie, som fyrst hadde starta med. I tidsrommet 1843- ca. 1855 var ho styrar ved Stavanger barneasyl, ein dagheim for fattige born med utearbeidande foreldre. Der sette ho i gang med tilverking av sydvestar som ei passande oppgåve for dei større borna der. Borna, og sikkert Christiane sjølv, sydde, og Christianes mann Thor Olsen Fugellie impregnerte sydvestane med olje. Produksjonen kom opp i 300-400 sydvestar pr. år. Eilert Sundt skriv om dette i 1867/68 at det heile hadde teke til for 10-12 år sidan, dvs. på midten av 1850-talet, og at det vara eit par års tid. Thor Fugellie døydde i 1854, og ikkje så lenge etter det flytta enkja ut til sonen, som frå 1849/1850 hadde drive gardsbruk på Leikvoll i Randaberg. Christiane hadde med seg produktkunnskapen og framstillingsteknikken. Sonen sytte for produksjonslokale og arbeidskraft, og snart var framstillinga av sydvestar i gang i mykje større skal

Protoindustri i Randaberg ca. 1855-1868

Dette var frå fyrst av eit typisk eksempel på ei protoindustriell verksemd basert på eit forlagssystem. Eilert Sundt kan berette at snart hadde dei 30 bondejenter i bygda i sving med å sy. Avsetninga gjekk gjennom kjøpmenn i Stavanger, og det skal ha gått strykande.

Snart skaffa Fugellie seg seks moderne Singer symaskiner, og verksemda fekk meir fabrikkpreg. Han hadde da 8-10 jenter til å sy og ein mann til å skjere. På det tidspunktet Sundt skreiv om dette, vart det ferdigstilt 120 sydvestar dagleg eller ca. 36.000 pr. år. Hovudmaterialet ravnduk (seglduk) vart kjøpt inn frå Christiania Seildugsfabrik.

Fabrikken i Stavanger 1868-1898

I 1868 kjøpte Fugellie eigedomen Nybø nær Lervik på Hetlandsstrand. Området ligg i nåverande Østre bydel av Stavanger, i nærleiken av Tou bryggeri (nå Tou Scene). Der bygde han større produksjonslokale, ein bygning som framleis står og er i bruk i Kvitsøygt. 18. Der byrja Fugellie også å produsere oljeklede - jakker og bukser - i same oljeimpregnerte seglduksstoff. Impregneringa var basert på varmpressa linolje. Det vart tilsett fargestoff som gjorde regnkleda anten svarte eller gule.

Bedriftseigar Fugellie var ivrig kvekar, innmeldt i Vennesamfunnet i 1854. Det blir fortalt at han søkte arbeidskraft blant kvekarungdom frå bygdene omkring, mellom anna frå Røldal, der det var eit lite kvekarsamfunn. Fire av tenestefolket på Leikvoll i folketeljinga 1865 var frå Røldal.

Familien Fugellie flytta inn i toppetasjen på fabrikkbygningen i Lervik. Mor hans døydde der i 1869. Men Fugellie selde garden Leikvoll fyrst i 1871.

Mot slutten av århundret nedla Fugellie denne verksemda. Det var visstnok på grunn av konkurransen frå produsentar som baserte seg på annan teknikk og andre råvarer (gummi). Da hadde Fugellies fabrikken eksistert i godt over 40 år.

Kjelder og litteratur

  • Bang-Andersen, Arne: Stavanger. Historien om Østre bydel. Dreyer Bok, Stavanger 1985.
  • Leikvoll i folketelling 1865 for Randaberg fra Digitalarkivet
  • Jensen, Erling: "Johan Peter Fugellie" på erlingjensen.net, skrive 2012, lese 9.11.2017.
  • Pahr-Iversen, Engwall: "Bonden som ble sydvestfabrikant" sørfylket.no, lese 9.1.2017.
  • Sundt, Eilert: Om Husfliden i Norge. Til Arbeidets Ære og Arbeidssomhedens Pris. 1867. Digital versjonNettbiblioteket, Ny utgave ved Gyldendal forlag, Oslo 1975 (bd. 8 av Eilert Sundt. Verker i utvalg.)