Johanna Bugge Berge (1874–1961)

Johanna Bugge Berge, f. Bugge (fødd 1. oktober 1874 i Christiania, død 28. november 1961 i Skien) var kunstmålar. Ho var også aktiv i arbeidet mannen hennar, Rikard Berge, gjorde med innsamling av folkeminne og folkemusikk.

Johanna Bugge Berge, frå boka Ljos over Telemark
Foto: Ukjent

Slekt og familie

Ho var dotter av professor Elseus Sophus Bugge (1833–1907) og Karen Sophie Schreiner (1835–1897). Faren tilhøyrde slekta Bugge, medan mora var frå slekta Schreiner.

Ho vart i 1908 gift med konservator og folkeminnesamlar Rikard Berge.

Liv og virke

Johanna Bugge var ein del av kunstnarmiljøet rundt Oluf Wold-Torne, Wilhelm Wetlesen, Thorvald Erichsen, Lars Jorde, Halfdan Egedius og Torleiv Stadskleiv, og ho fekk opplæring av blant anna Gerhard Munthe. I 1894 var ho med på den såkalla Vågåsumaren, og ho reiste også andre sumrar i 1890-åra rundt i Telemark og Gudbrandsdalen. I 1898 debuterte ho på Haustutstillinga med eit figurbilete. Ho var òg med på verdsutstillinga i Paris i 1900 med «Gårdsinteriør», målt i 1899. Dette fekk ho ein Mention Honorable for.

Motiva var stort sett henta frå norsk natur, folkeliv og folkekunst. Ho sto òg bak ein del portrett og portrettkopiar. Det var særleg i landskapsmåleriet at ho viste sin eigenart som kunstnar, men ho slutte tidleg med dette. Etter at ho gifta seg gjekk mye av tide med til å hjelpe mannen med hans innsamlingsarbeid av kulturhistorisk materiale. Under reisene deira rundt i landet kopierte ho ofte rosemåling og anna folkekunst. I 1916 vart ho faglig hjelpar på Fylkesmuseet for Telemark og Grenland i samband med at Rikard Berge vart fylkeskonservator. Dermed vart det enda mindre tid til kunsten.

Litteratur