Lars Jorde
Lars Jorde (fødd 22. juli 1865 i Vang på Hedmark, død 25. september 1939 i Lillehammer) var målar, særleg kjent for sine landskapsmåleri. Han var sentral i krinsen av kunstnarane som dyrka det nyromantiske stemningsmåleriet i 1890-årene, men frå 1905 vart ein lysare og lettare impresjonistisk teknikk dominerande. Frå 1905 og livet ut var han busatt på Lillehammer.
Familie
Lars Jorde var son av dekorasjonsmålar Lars Jenssen (Havnen) (f. 1829) og Marthe Hansdatter Norderhaug (f. 1827). Han vart gift i 1905 med Thora Groth (1881–1969), ekteskapet oppløyst, dernest i 1915 med målar Christiane Henriette Biørn (1876–1950).
Liv og virke
Lars Jorde voks opp i Vang utanfor Hamar. Han var medhjelpar for faren som dekorasjonsmålar og arbeida dernest i bokhandel på Hamar. I 1889 vart han elev ved Den kongelige Tegneskole. Målaren Gerhard Munthe vart ei viktig inspirasjonskjelde for han i denne tida.
I 1893 var Jorde i et halvt år elev av Alfred Roll i Paris. Sommaren 1894 budde han i Vågå i Gudbrandsdalen saman med fleire andre kunstnarar, mellom anna Kristen Holbø, Halfdan Egedius og Thorvald Erichsen. Dei vart viktige for den vidare utviklinga hans innan nyromantikk og symbolisme.
Vinterane 1894/1895 gjekk Jorde på målarskulen til Eilif Peterssen og Harriet Backer og vinteren 1896/1897 gjekk han hos Kristian Zahrtmann i København. Våren 1897 drog han til Paris og vidare til Cività d'Antonio under Zahrtmanns ledelse og dernest til Firenze og Roma. Der vart han i 16 måneder.
Etter ei rekke fleire opphold i utlandet dei neste åra, var Jorde frå 1905 og livet ut var Jorde busatt på Lillehammer, der han vart ein sentral del av kunstarkrinsen. Frå 1915 budde han i eit hus teikna av Arnstein Arneberg, reist for Thorvald Erichsen i 1912.
Som døme på måleria til Jorde kan nemnast En sen Høstkveld, Vågå (1894), Julegilde (1895–1896) og Et bakket landskap i aftensstemning (1899). Han laga og dekorasjoner til Vingrom kapell i 1908, til elevsalen på Landbrukshøgskolen på Ås og til Granheim sanatorium. Han mala og altertavlen til Sjøli kapell i Ytre Rendalen.
Jorde stilte ut på Høstutstillingen ved ei rekke høve, og var deltakar på fleire utanlandske utstillingar. Måleria hans er å finne i dei største offentlege samlingane i Noreg, i tillegg til i Göteborg og København.
Ettermæle
I et redaksjonelt minneord i Aftenposten si aftenutgåve 25. september 1939 var Lars Jorde omtala slik (utdrag):
Lars Jordes friske og elskverdige kunst vil være velkjent fra hans mange utstillinger både her i byen og andre steder og i de fleste norske billedgallerier er han representert. Med forkjærlighet dyrket han landskapet, og hans billeder fra fjellet og fjellbygdene inntar en central plass i hans kunst. Ved flere utstillinger i utlandet opnådde han utmerkelser for sine landsskapsskildringer. | ||
Jorde er gravlagd på Lillehammer kirkegård.
Galleri
Kilder
- Aftenposten si aftenutgåve 25. september 1939: redaksjonelt minneord over Lars Jorde.
- Ingrid Blekastad om Lars Jorde i Norsk biografisk leksikon
- Ole Rønning Johannessen om Lars Jorde i Norsk kunstnerleksikon
- Lars Jorde i Historisk befolkningsregister.