Johannes Asbjørnson Hus: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
|||
Linje 13: | Linje 13: | ||
*Øvregard, Kåre. (1996). ''Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane.'' Gaupne: Luster kommune. | *Øvregard, Kåre. (1996). ''Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane.'' Gaupne: Luster kommune. | ||
*Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). ''Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år.'' Leikanger: Skald forlag. | *Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). ''Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år.'' Leikanger: Skald forlag. | ||
{{Startboks}} | |||
{{Verv (nn)| | |||
Forgjengar=[[Lars Olson Bjørk]]| | |||
Kva=[[Klokkarar i Jostedalen]]| | |||
Startår=[[1790]]| | |||
Sluttår=[[1833]]| | |||
Etterfølgjar=[[Ola Olson Fåberg]]}} | |||
{{Sluttboks}} | |||
{{DEFAULTSORT:Hus, Johannes Asbjørnson}} | {{DEFAULTSORT:Hus, Johannes Asbjørnson}} | ||
[[Kategori:Jostedalen]] | [[Kategori:Jostedalen]] | ||
[[Kategori:Personer fra Luster kommune]] | [[Kategori:Personer fra Luster kommune]] |
Sideversjonen fra 3. okt. 2010 kl. 11:25
Johannes Asbjørnson Hus (Bjørk) (fødd 6. mai 1751 i Ullensvang, død 10. februar 1833 i Jostedalen) var gardbrukarson. Han kom til Jostedalen som klokkar i 1790 og hadde stillinga livet ut. Han òg kona Martha Larsdotter frå Bakken i Jostedalen dreiv òg garden Bjørk der dei busette seg i 1791. Dei fekk skøyte på garden 1. juni 1796.
I 1793 kjøpte Hus Jostedal kyrkje, som hadde vore i privat eige sidan det store kyrkjesalet i 1723. Han sat truleg med kyrkja så lenge han levde.[1] Det var såleis Hus som i 1802 inngjekk eit forlik med allmugen om betalinga av kyrkjetienda.[2] I 1794 gav han og kona ei kalk og ein disk i sylv til kyrkja med innskrifta «J.A.S ---M.L.D 1794». Dette er framleis i kyrkja.[3]
Biskop Claus Pavels, som ikkje strøydde om seg med ros av lærarar og klokkarar, sa i 1818 om Hus at "hans embedsførsel var upåklagelig, men han udmerket sig ikke ved sin duelighed".[4] Hus var lite nøgd med løna, som i 1818 vart auka frå 10 til 15 spesidalar årleg. I 1823 prøvde han å få det til slik at klokkaren på Voss skulle betala ein årleg pensjon til han, men det gjekk ikkje. Han søkte òg om å bli klokkar i Kvinnherad utan hell, men han fekk 16 spd meir i løn, truleg av Opplysningsvesenets fond.[5]
Notar
Litteratur
- Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
- Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.
- Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.
Forgjengar: Lars Olson Bjørk |
Klokkarar i Jostedalen |
Etterfølgjar: Ola Olson Fåberg |