Johannes Heggland: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 27: Linje 27:


=== Skjønnlitteratur ===
=== Skjønnlitteratur ===
:''Folk under fjell'' Roman (1941)
:''Folk under fjell'' Roman (1941). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2008041404058}}.
:''Den vegville ætt'' Roman (1943)
:''Den vegville ætt'' Roman (1943). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2008041500074}}.
:''Guds åkerland'' Roman (1943)
:''Guds åkerland'' Roman (1943). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2012011208050}}.
:''Ein mann åtte ein vingard'' Roman (1945)
:''Ein mann åtte ein vingard'' Roman (1945). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2007062500075}}.
:''Manns blod'' Roman (1946)
:''Manns blod'' Roman (1946). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2008041500063}}.
:''Eit anna land'' Roman (1948)
:''Eit anna land'' Roman (1948). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2008042300032}}.
:''Menneskebrunnen'' Roman (1949)
:''Menneskebrunnen'' Roman (1949). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2007030601036}}.
:''Den dyre lov'' Roman (1950)
:''Den dyre lov'' Roman (1950). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2010070205007}}.
:''Gard'' Roman (1951)
:''Gard'' Roman (1951). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2008050801003}}.
:''Du er den fyrste'' Novellesamling (1952)
:''Du er den fyrste'' Novellesamling (1952).  {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2008051404092}}.
:''Kvinnfolkgarden'' Roman (1955)
:''Kvinnfolkgarden'' Roman (1955). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2007020101068}}.
:''Dagen før domedag'' Roman (1961)
:''Dagen før domedag'' Roman (1961). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2007052304026}}.
:''Folket i dei kvite båtane'' Barnebok (1962)
:''Folket i dei kvite båtane'' Barnebok (1962). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2007041201005}}.
:''Bronsesverdet'' Barnebok (1963)
:''Bronsesverdet'' Barnebok (1963). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2008051604090}}.
:''Skutelsveinen'' Barnebok (1964)
:''Skutelsveinen'' Barnebok (1964). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2007032601016}}.
:''Den heilage øya'' Barnebok (1965)
:''Den heilage øya'' Barnebok (1965). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2007052304013}}.
:''Syskenlaget'' Barnebok (1966)
:''Syskenlaget'' Barnebok (1966). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2007051604011}}.
:''Vegen til den turre kjelda'' Roman (1966)
:''Vegen til den turre kjelda'' Roman (1966). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2017061407039}}.
:''Fregattar i fjorden'' Barnebok (1967)
:''Fregattar i fjorden'' Barnebok (1967). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2007052401044}}.
:''Ferda mot sør'' Barnebok (1968)
:''Ferda mot sør'' Barnebok (1968). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2007052400046}}.
:''- dei spela gullterning'' Novellesamling (1968)
:''- dei spela gullterning'' Novellesamling (1968). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2007051404014}}.
:''Gabriel'' Roman (1969)
:''Gabriel'' Roman (1969). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2007050701013}}.
:''I kongens klede'' Barnebok (1969)
:''I kongens klede'' Barnebok (1969). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2007080100092}}.
:''Sølvdenaren'' Barnebok (1970)
:''Sølv-denaren'' Barnebok (1970). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2007072401008}}.
:''Den forfylgde'' Barnebok (1970)
:''Den forfølgde'' Barnebok (1970). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2007072501011}}.
:''Munkestriden'' Barnebok (1971)
:''Munkestriden'' Barnebok (1971). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2012021608040}}.
:''Rusdøler'' Roman (1971)
:''Rusdøler'' Roman (1971). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2012021608145}}.
:''Selja frå Salmeli'' Barnebok (1972)
:''Selja frå Salmeli'' Barnebok (1972). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2014071605066}}.
:''Ferda til Bjørgvin'' Barnebok (1973)
:''Ferda til Bjorgvin'' Barnebok (1973). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2012031908107}}.
:''Den kvite guden'' Barnebok (1973)
:''Den kvite guden'' Barnebok (1973). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2012031908096}}.
:''På vidvanke'' Barnebok (1974)
:''På vidvanke'' Barnebok (1974). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2013011806022}}.
:''Sira Dagbjørn'' Barnebok (1975)
:''Sira Dagbjørn'' Barnebok (1975). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2007071104037}}.
:''Til framande strender'' Barnebok (1976)
:''Til framande strender'' Barnebok (1976). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2013112606101}}.
:''Det pantsette landet'' Barnebok (1977)
:''Det pantsette landet'' Barnebok (1977). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2013012506264}}.
:''Høgmessesundagen'' Roman (1977)
:''Høgmessesundagen'' Roman (1977). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2013012407150}}.
:''Brevet til Kongen'' Barnebok (1978)
:''Brevet til Kongen'' Barnebok (1978). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2012110906141}}.
:''Jøkul-sonen'' Barnebok (1979)
:''Jøkul-sonen'' Barnebok (1979). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2012070205096}}.
:''Synder'' Roman (1980)
:''Synder'' Roman (1980). {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2012061505061}}.
:''Brødet frå havet - Anna Gyria'' Roman (1981)
:''Brødet frå havet - Anna Gyria'' Roman (1981)
:''Brødet fra havet - Born av støv'' Roman (1982)
:''Brødet fra havet - Born av støv'' Roman (1982)
Linje 91: Linje 91:
:''Tusen vårar V. Oppkoma'' Roman (2006)
:''Tusen vårar V. Oppkoma'' Roman (2006)
:''Tusen vårar VI. Vårherres urtegard'' Roman (2008)
:''Tusen vårar VI. Vårherres urtegard'' Roman (2008)
 
=== Lokalhistoriske verk ===
=== Lokalhistoriske verk ===
*''Tysnes: Det gamle Njardarlog. 1. Fram til om lag 1800'' (1964)
*''Tysnes: Det gamle Njardarlog. 1. Fram til om lag 1800'' (1964)

Sideversjonen fra 18. aug. 2023 kl. 11:54

Mal:Thumb høyre Johannes Heggland (fødd 29. juni 1919 i Tysnes, død 24. januar 2008 same stad) var ein forfattar, bonde, lokalpolitikar og lokalhistorikar frå Tysnes i Sunnhordland. Han budde der heile livet. Den litterære produksjonen hans er svært omfattande, både kva gjeld skjønnlitteratur og sakprosa. Mest kjend er Heggland for sine historiske romanar og forteljingar for vaksne og born. Heggland var også samfunnsengasjert. Mellom anna var han ordførar i heimkommunen i to periodar, formann i Den norske Forfatterforening, og med ei rad andre offentlege verv, lokalt og nasjonalt. Den 15. juni 2005 vart Johannes Heggland utnemnd til Riddar 1. klasse av St. Olavs Orden for sin innsats for norsk kulturliv, og då særleg hans kjennskap til og skildring av norsk bygdeliv.

Familien og garden

Johannes Andreas Martin Heggland var son av gardbrukarparet Vermund Heggland (1872-1945) og Elisabeth Marie Magdalene Nerhus (1877-1956). Johannes var yngst i ein syskenflokk på 11, fem brør og seks systrer. Eldste broren drukna som elleveåring, og tre brør utvandra til Amerika. Så vart det til at Johannes overtok garden etter foreldra, og han dreiv denne frå 1940 til 1983. Det var gardsbruket Velomana (eller Inne på Vodlen), bruksnummer 1 av gardsnummer 106 Heggland.

Johannes Heggland gifta seg med Hjørdis Henriksen (fødd 1920) i 1945. Dei fekk fire born.

Diktaren

Mal:Thumb høyre Heggland hadde ikkje noka formell utdanning ut over sjuårig folkeskule. Men han bestemte seg alt som 14-åring for å bli forfattar, og skreiv i dei neste seks-åtte åra mellom anna åtte manus til forteljingar. Alle desse vart refuserte av forlaga, men med oppmuntrande kommentarar. Heggland debuterte i 1941 med romanen Folk under fjell.

Dei aller fleste av dei totalt nærare sytti romanane hans, anten dei vart skrivne for born eller vaksne, hentar emna sine frå historia i Sunnhordland, då ikkje minst frå hans eigen heimstad Tysnes. Gode døme på dette kan vera romanserien Brødet frå havet som kom i fire band 1981 - 1984 og var tenkt som eit vestlandsk motstykke til Falkberget sitt verk Nattens brød - og den siste serien hans, Tusen vårar (2001 - 2008), som tek føre seg tida i Sunnhordland frå 1000-talet då kristendommen vart innført i landet, og fram mot vår eiga tid. Eit anna døme er ungdomsboka Det pantsette landet (1977) som fortel om tilhøvet mellom Sunnhordland og Shetland på 1600-talet. Emne frå vestlandsk forhistorie har også vore hyppig nytta i barne- og ungdomsbøkene hans.

Heggland har også skrive ei rekkje sogespel som vert framførte årvisst ymse stader på Vestlandet (sjå lista under).

Lokalhistorikaren

Som lokalhistorikar har Heggland i første rekkje gjort seg gjeldande med det omfattande tobandsverket Tysnes - det gamle Njardarlog (1964 og 1975), som framleis vert nytta som standardverk for Tysnes si historie. I tillegg har han arbeidd med materialet kring Olavsgildet på Onarheim, på Tysnes, forutan fleire banksoger som vart skrivne på oppdrag i ein periode på 1960- og 70-talet. Like før han døydde gav Tysnes Sogelag ut ei dialekt-ordbok som Heggland hadde utarbeidd gjennom eit lengre tidsrom - Tysnesmålet, ordlista, ordnottar, ordtak og stubbar (2007).

Samfunnsengasjement

Heggland var ordførar i Tysnes (1956–59) og (1968-71), og sat som 3. vararepresentant på Stortinget for Senterpartiet millom 1958 og 1961. Av offentlege verv elles var Heggland fagkonsulent ved Den Nationale Scene, formann i Den norske Forfatterforening (1982-85), medlem av Nordisk Råd sin priskomite (1983-86), medlem av Den norske forfatterforenings litterære råd, medlem av Norsk språkråd og styremedlem i Riksteateret.

I ein lengre periode hadde Heggland Statens Kunstnerstipend.

Bibliografi

Skjønnlitteratur

Folk under fjell Roman (1941). Digital versjonNettbiblioteket.
Den vegville ætt Roman (1943). Digital versjonNettbiblioteket.
Guds åkerland Roman (1943). Digital versjonNettbiblioteket.
Ein mann åtte ein vingard Roman (1945). Digital versjonNettbiblioteket.
Manns blod Roman (1946). Digital versjonNettbiblioteket.
Eit anna land Roman (1948). Digital versjonNettbiblioteket.
Menneskebrunnen Roman (1949). Digital versjonNettbiblioteket.
Den dyre lov Roman (1950). Digital versjonNettbiblioteket.
Gard Roman (1951). Digital versjonNettbiblioteket.
Du er den fyrste Novellesamling (1952). Digital versjonNettbiblioteket.
Kvinnfolkgarden Roman (1955). Digital versjonNettbiblioteket.
Dagen før domedag Roman (1961). Digital versjonNettbiblioteket.
Folket i dei kvite båtane Barnebok (1962). Digital versjonNettbiblioteket.
Bronsesverdet Barnebok (1963). Digital versjonNettbiblioteket.
Skutelsveinen Barnebok (1964). Digital versjonNettbiblioteket.
Den heilage øya Barnebok (1965). Digital versjonNettbiblioteket.
Syskenlaget Barnebok (1966). Digital versjonNettbiblioteket.
Vegen til den turre kjelda Roman (1966). Digital versjonNettbiblioteket.
Fregattar i fjorden Barnebok (1967). Digital versjonNettbiblioteket.
Ferda mot sør Barnebok (1968). Digital versjonNettbiblioteket.
- dei spela gullterning Novellesamling (1968). Digital versjonNettbiblioteket.
Gabriel Roman (1969). Digital versjonNettbiblioteket.
I kongens klede Barnebok (1969). Digital versjonNettbiblioteket.
Sølv-denaren Barnebok (1970). Digital versjonNettbiblioteket.
Den forfølgde Barnebok (1970). Digital versjonNettbiblioteket.
Munkestriden Barnebok (1971). Digital versjonNettbiblioteket.
Rusdøler Roman (1971). Digital versjonNettbiblioteket.
Selja frå Salmeli Barnebok (1972). Digital versjonNettbiblioteket.
Ferda til Bjorgvin Barnebok (1973). Digital versjonNettbiblioteket.
Den kvite guden Barnebok (1973). Digital versjonNettbiblioteket.
På vidvanke Barnebok (1974). Digital versjonNettbiblioteket.
Sira Dagbjørn Barnebok (1975). Digital versjonNettbiblioteket.
Til framande strender Barnebok (1976). Digital versjonNettbiblioteket.
Det pantsette landet Barnebok (1977). Digital versjonNettbiblioteket.
Høgmessesundagen Roman (1977). Digital versjonNettbiblioteket.
Brevet til Kongen Barnebok (1978). Digital versjonNettbiblioteket.
Jøkul-sonen Barnebok (1979). Digital versjonNettbiblioteket.
Synder Roman (1980). Digital versjonNettbiblioteket.
Brødet frå havet - Anna Gyria Roman (1981)
Brødet fra havet - Born av støv Roman (1982)
Brødet fra havet - Svartesjøen Roman (1983)
Brødet fra havet - Ljosken frå paradis Roman (1984)
Seglet og vinden - Sylfest Roman (1985)
Seglet og vinden - I syndefallets tegn Roman (1986)
Seglet og vinden - Gullkalven Roman (1987)
Rømlingen Barnebok (1988)
Meisterens søner Roman (1988)
Guds husfolk Roman (1989)
Karjana Roman (1990)
Lyhamar Roman (1991)
Det stutte livet Roman (1992)
Retten til meg Barnebok (1993)
Jordparadiset. Kunnskapstreet Roman (1994)
Jordparadiset. Vårherres nedfallsfrukt Roman (1995)
Sjå kor dei elskar kvarandre Roman (1997)
Den unge kongen Barnebok (1999)
Det saltlause saltet Roman (1999)
Tusen vårar I. Sigrid Jonsdotter Roman (2001)
Tusen vårar II. Himmelstigen Roman (2002)
Tusen vårar IIl. Gud skifter andlet Roman (2003)
Det forunderlege Ungdomsbok (2003)
Tusen vårar IV. Ingibjørg Roman (2004)
Tusen vårar V. Oppkoma Roman (2006)
Tusen vårar VI. Vårherres urtegard Roman (2008)

Lokalhistoriske verk

  • Tysnes: Det gamle Njardarlog. 1. Fram til om lag 1800 (1964)
  • Tysnes: Det gamle Njardarlog. 2. 1800-1970 (1975)
  • Tysnesmålet (2007)
  • Tysnes sparebank : 1863-1963 (1963)
  • Bremnes sparebank : 1866-1966 (1966)
  • Fjaler sparebank : 1873-1973 (1973)

Sogespel

  • Kongsgildet på Ogvaldsnes 1981
  • Mostraspelet: Kristkongane på Moster 1984
  • Amerikafeber 1986
  • Vetespelet 1994
  • Giskespelet: Arnungane på Giske og Olav Haraldsson 1995
  • Håkonarvarde: Håkon Adelsteinfostre og Kongen med gullhjelmen 1997
  • Spel om Magnus Erlingsson 1999
  • Zetlitzspelet 2000
  • Kongen frå Etne 2000
  • Syng Elvestraum, 2006

I lokalhistoriewiki.nos kjeldearkiv

Kjelder og litteratur