John Andersson Haugen: Forskjell mellom sideversjoner
m (hbr, {{nn}}) |
m (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:») |
||
Linje 17: | Linje 17: | ||
[[Kategori:Jostedalen]] | [[Kategori:Jostedalen]] | ||
[[Kategori:Personer]] | [[Kategori:Personer]] | ||
[[ | [[Kategori:Luster kommune]] | ||
{{nn}} | {{nn}} |
Nåværende revisjon fra 16. nov. 2023 kl. 13:44
John Andersson Haugen (fødd 27. mars 1819, død 22. juli 1889) var frå garden Haugen i Krundalen i Jostedalen. Han var son til Anders Andersson Haugen frå Haugen og Mari Johnsdotter (1790-1844) frå Nedrelid.
John gifte seg i 1845 med Anna Marie Larsdotter (1819-1901) frå Kreken. Dei var fyrst innerstfolk på Baggetun under Haugen før John 4. juni 1855 fekk skøyte på Flatejordsøyane (Haugen, bnr. 2) som var utskild frå Haugen i 1853. Tunet låg den gongen saman med tunet til hovudbruket på Haugen. John vart buande her levetida ut medan Anna Marie utvandra til Amerika i 1893 og budde dei siste leveåra hjå sønene sine der.
Som far sin var John Haugen sentral i bygdestyringa i Jostedalen i ei årrekkje, mellom anna som formannskapsmedlem.
John og Anna Marie fekk i alt fem born, og fire av dei voks opp.
Litteratur
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 759 og 776. (Digital utgåve, NBdigital)