Jon Fosse (f. 1959)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Jon Fosse»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Jon Fosse.
Fosse fekk i 2015 Nordisk råds litteraturpris for Trilogien. Septologien kom ut mellom 2019 og 2021.
Foto: Marianne Wiig (2023).
Jon Fosse-utstilling på Kristiansund folkebibliotek i samband med at han fekk nobelprisen i litteratur.
Foto: Olve Utne (2023).

Jon Fosse (fødd 29. september 1959 i Haugesund) er forfattar, dramatikar og omsetjar. Han vaks opp i Strandebarm og bur i Statens æresbustad for kunstnarar, Grotten, i Oslo. Den 5. oktober 2023 vart han tildelt Nobelprisen i litteratur som den fjerde norske prismottakaren etter Bjørnstjerne Bjørnson (1903), Knut Hamsun (1920) og Sigrid Undset (1928).

Fosse har skrive eit syttitals verk som inkluderer romanar, forteljingar, dikt, barnelitteratur, essay og skodespel, og verka hans er omsett til over femti språk. Dramaa hans er vortne oppførte i alle europeiske land – mest i Tyskland og Frankrike, men òg til dømes i Polen, England, USA, Brasil, Australia, Cuba, Kina, Japan og Malawi. Han har òg omsett mange teaterstykke og skjønnlitterære bøker.

Fosse har motteke mange prisar for bøkene og skodespela sine og er fleire gonger vorten omtala som ein av dei viktigaste dramatikarane i si samtid. Han er den mest framførte norske dramatikaren etter Henrik Ibsen.

Slekt og familie

Han er son av handelsstyrar og fruktbonde Kristoffer Fosse (1929–2022) og Wigdis Nanna Erland (f. 1935).

I 1980 gifta han seg for første gong med sjukepleiar Bjørg Sissel Solsvik (f. 1959). Dette ekteskapet vart oppløyst i 1992. i 1993 gifta han seg for andre gong med omsetjar Grethe Fatima Syéd (f. 1968). Óg dette ekteskapet vart oppløyst, og i 2011 gifta han seg for tredje gong med Anna Fosse.

Prisar og heidersteikn

  • 1989 - Nynorsk barnelitteraturpris for Uendeleg seint
  • 1992 - Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond
  • 1992 - Nynorsk litteraturpris for Bly og vatn
  • 1994 - Samlagsprisen
  • 1996 - Melsom-prisen for Melancholia I
  • 1996 - Sunnmørsprisen for Melancholia I
  • 1996 - Ibsenprisen for Namnet
  • 1997 - Aschehougprisen
  • 1998 - Festspeldiktar på Dei Nynorske Festspela
  • 1998 - Æresmedlem av Norsk skuespillerforbund
  • 1999 - Gyldendalprisen
  • 1999 - Doblougprisen
  • 2000 - Heidersmedlem i Det Norske Samlaget
  • 2000 - Kulturdepartementets barnebokpris for Søster
  • 2000 - Nestroy-prisen for beste dramatiker
  • 2000 - Nordisk Teaterunions dramatiker-pris for Ein sommars dag
  • 2001 - Melsom-prisen for Morgon og kveld
  • 2001 - Statsstipendiat
  • 2002 - Nominert til Nordisk Råds litteraturpris for Morgon og kveld
  • 2002 - Skandinavisk Nationalteaterpris for Dødsvariasjonar
  • 2002 - Beste utenlandske forfatter, Theater heute
  • 2003 - Heddaprisen (Heddas ærespris)
  • 2003 - Ridder av Den franske nasjonale fortjenstorden
  • 2003 - Nynorsk litteraturpris for Auge i vind
  • 2003 - Norsk kulturråds ærespris
  • 2004 - Premio UBU for Vinter
  • 2005 - Kommandør av St. Olavs orden
  • Festspilldikter under Festspillene i Bergen
  • Brageprisen (Brages ærespris)
  • 2006 - Æresmedlem i Norske Dramatikeres Forbund
  • 2006 - Anders Jahres kulturpris
  • 2007 - Svenska Akademiens nordiska pris
  • 2007 - Deutscher Jugendliteraturpreis for Schwester (Søster)
  • 2009 - Bergen kommunes kunstnerpris
  • 2009 - Medalje tildelt av Benedikt XVI i Møte med kunstnerne i Det sixtinske kapell den 21. november 2009
  • 2010 - Den internasjonale Ibsenprisen
  • 2011 - Tildelt Statens æresbolig for kunstnere Grotten
  • 2012 - Målprisen
  • 2012 - Melancholie (Melancholia I-II) kåret til beste skjønnlitterære bok i 1995, Die Zeit
  • 2014 - European Prize for Literature
  • 2015 - Æresdoktor (dr.h.c.) ved Universitetet i Bergen
  • 2015 - Nordisk råds litteraturpris for Trilogien
  • 2016 - Willy Brandt-prisen
  • 2017 - Preis der Stadt Münster für Internationale Poesie
  • 2019 - Æresprofessor ved Shanghai Theatre Academy
  • 2019 - Nynorsk litteraturpris for Det andre namnet. Septologien I-II
  • 2020 - Langlista til The International Booker Prize for The Other Name. Septology I-II
  • 2021 - Ibsenprisen for Slik var det
  • 2021 - Æresdoktor ved Janacek-akademiet i Brno
  • 2021 - Brageprisen for Eit nytt namn. Septologien VI-VII
  • 2021 - Kritikerprisen 2021 for Eit nytt namn. Septologien VI-VII
  • 2022 - Kortlista til The International Booker Prize for A New Name. Septology VI-VII
  • 2022 - Finalist til National Book Award for A New Name. Septology VI-VII
  • 2022 - Medlem av Akademie der Künste Berlin
  • 2023 - Finalist til National Book Critics Circle Award for A New Name. Septology VI-VII
  • 2023 - Deutscher Hörbuchpreiz til Max von Pufendorf for innlesing av Eg er ein annan
  • 2023 - Kortlista til Republic of Consciousness-prisen for Septology i USA og Canada
  • 2023 - Nobelprisen i litteratur.

Ressursar i Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbiblioteket har verdas største samling av materiale av og om Jon Fosse, og bevarer og forvaltar Fosses privatarkiv og alle verka hans.

I Nettbiblioteket finn du bøker, teaterprogram, plakatar, tidsskrift- og avisartiklar og mykje anna Fosse-materiale.

Nasjonalbibliotekets Fosse-bibliografi har referansar til verk på originalspråket og i omsetjingar, artiklar i bøker og tidsskrift – av og om Jon Fosse – teatermanus, teaterprogram, bearbeidingar basert på verk av Fosse og Fosse sine omsetjingar og attdiktingar av andre.

Kjelder og litteratur