Jostedal leseselskap

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 21. mai 2011 kl. 18:32 av Oddloho (samtale | bidrag) (medlemsliste)
Hopp til navigering Hopp til søk

Jostedal leseselskap, skipa ca 1834 av sokneprest Bernt Anker Leigh som sjølv gav bøker for 25 spesidalar til leseselskapet. I 1855 fekk selskapet 20 spesidalar frå Opplysningsvesenets fond. Leseselskapet låg til grunn for det offentlege allmugebiblioteket i Jostedalen. Den bevarte protokollen inneheld kring 30 bøker pluss ein del nummer av tidsskrift som Skillings-Magazin og Budstikken.

Medlemer

Ved skipinga vart det laga til ein utlånsprotokoll der medlemene vart førte inn. Protokollen var berre i bruk til kring 1845, bortsett frå ei side der utlån 1869-74 er førte inn. Medlemslista, som då truleg stammar frå ca 1834 til ca 1846, har desse namna:

1. Forpagter Ole Andersen Præstegaarden. Udflyttet. 2. Gaardmand Anders Hougen. 3. Gmd: Erik Myklemyhr 4. Gmd: Ole Aasen. 5. Gmd: Lars Garen. 6. Gmd: Rasmus Hellegaard. 7. Gmd: Anders Aaspehoug. 8. Gmd: Jens Kroggilde. død 9. Gmd: Lars Nedre-Faaberg. 10. Gmd: Søren Ormberg. 11. Gmd: Lars Øvre-Faaberg. 12. Kirkesanger Ole Vigen. 13. Gmd: Anders Lien. 14. Gmd: Tøger Kronen. 15. Gmd: Tøger Fossen. 16. Gmd: Erik Larsen Espe. 17. Kaarmand Paul Mjælvæhr. 18. Gmd: Hans Fossøien. 19. Gmd: Anders Andersen Ormberg. Udflyttet 20. Gmd: Ole Halvæg. 21. Johannes Halvorsen Wandberg 22. Hermund Thorbjørnsen / indtraadte 28 Oct 1837. 23. Ole Larsen Kreken, indtraadte 19 Nov. 1837.

Kjelder

  • Statsarkivet i Bergen, Jostedal sokneprestembete, Jostedal leseselskap, utlånsprotokoll 1834-ca 1845
  • Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, K-14270.465 Jostedal kommune - allmugebiblioteket, ymse arkivtilfang 1854-1934 (arkivkatalog)
  • Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster. (digital utgåve, Jostedal historielag)