Jostedal mållag

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 25. jan. 2016 kl. 12:38 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Jostedal mållag (Jostedalens maallag) i Jostedal kommune i Sogn og Fjordane vart skipa 10. november 1906. På dette tidspunktet fanst berre 5-6 andre mållag i Sogn, men kring 40 ungdomslag.

Perioden 1907-1910

Laget var i fyrste omgang i drift til 1910 og engasjerte seg i denne perioden mellom anna i innføringa av Blix-salmane i Jostedal kyrkje. Ei røysting i kyrkjelyden om spørsmålet i 1903 gav eit klårt fleirtal mot, men i ei ny røysting mai 1907 vart det med 51 mot 3 røyster vedteke å innføre Blix-salmane.

Fyrste formann i laget var læraren Magnus Takle frå Brekke i Sogn. Med seg hadde han lærar og kyrkjesongar Anders Hjellum og læraren Laurits Kronen. Varamedlemer i det fyrste styret var seinare ordførar og bankkasserar Hermund Nilsson Bruheim, handelsmann Tøger Rasmusson Faaberg og Melchior Yttri, som overtok handelsverksemda etter Tøger Faaberg i 1909.

Innføringa av nynorsk i skulen hadde Jostedal mållag mindre med. Overgangen til landsmål (nynorsk) var i full gang i Jostedalen, som i Sogn og Fjordane elles, då laget vart skipa (sjå Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen). Skulestyret i Jostedalen vedtok i januar 1901 å innføre bibelsoge og abc-bok på landsmål i dei fem skulekrinsane i Jostedalen. Lærarane gjekk over til å gje skriftleg opplæring på landsmål før 1907 utan formelt vedtak.

Perioden 1927-1938

Mellom 1910 og 1927 høyrer ein ikkje noko til laget. Men etter oppattskipinga hadde laget glansperioden sin med stor møteaktivitet, festar, framsyningar og det handskrivne bladet Vårfuglen. Laget fungerte på mange vis som eit ungdomslag i denne perioden. Laget ser ut til å ha sovna i 1938.

Etterkrigstida

Det vart etter andre verdskrigen gjort to freistnader på å få i gang att laget. I 1953 var læraren Hallvard Hesjevoll ei drivkraft, men det vart med oppattskipingsmøtet. Det same hende då ein freista skipe opp att laget i 1981. Luster mållag, som òg dekkjer Jostedalen, vart skipa i 2000.

Kjelder og litteratur

  • Møteprotokoll 1906-1981 for Jostedal mållag, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
  • Lothe, Anders A. (1950). Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Florø: Firda lærarlag m.fl.
  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.
  • Hoel, Oddmund L. (2006). Jostedal mållag 100 år. Jostedal skule- og bygdeavis (nr. 50), 88-89. (Digital utgåve, krundalen.no)
  • Fretland, Jan Olav og Oddmund L. Hoel. (2006). Då nynorsken kom til Sogn – glimt frå Jostedalen og Lærdal. Årbok for Sogn, 48-56. (Digital utgåve, krundalen.no