Jostedal skule: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
(bilete + kat) |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
[[Bilde:Jostedal skule.JPG|thumb|Jostedal skule]] | |||
'''Jostedal skule''' ligg på garden [[Bjørk (Jostedalen)|Bjørk]] i [[Jostedal|Jostedalen]] i [[Sogn og Fjordane]]. Det er ein grunnskule med årsstega 1-7 i [[Luster kommune]]. Skulekrinsen femner om området som høyrde til den nedlagde Jostedal kommune. | '''Jostedal skule''' ligg på garden [[Bjørk (Jostedalen)|Bjørk]] i [[Jostedal|Jostedalen]] i [[Sogn og Fjordane]]. Det er ein grunnskule med årsstega 1-7 i [[Luster kommune]]. Skulekrinsen femner om området som høyrde til den nedlagde Jostedal kommune. | ||
Linje 16: | Linje 18: | ||
[[Kategori:Jostedalen]] | [[Kategori:Jostedalen]] | ||
[[Kategori:Utdanning i Luster kommune]] | |||
[[Kategori:Artikler med koordinater]] | |||
{{ | {{koord|61|36|14|N|007|17|34|Ø}} |
Sideversjonen fra 23. mai 2012 kl. 08:01
Jostedal skule ligg på garden Bjørk i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Det er ein grunnskule med årsstega 1-7 i Luster kommune. Skulekrinsen femner om området som høyrde til den nedlagde Jostedal kommune.
Skulekrinsen vart skipa ved ei samanslåing av dei fem tidlegare skulekrinsane i Jostedalen: Myklemyr, Sperle, Kreken, Krundalen og Mjølverdalen. Aldrande skulebygg og minkande elevtal gjorde at spørsmålet om ei samanslåing kom opp i andre halvdel av 1950-åra. Skulehuset i Kreken krins på Bjørk var i 1957 så dårleg at helserådsordføraren greip inn og stengde det. Jostedal heradsstyre vedtok samanslåing til ein skulekrins i oktober 1960, men lokaliseringa valda problem. På det aller siste heradsstyremøtet i soga til Jostedal kommune, 27. desember 1962, vart det så vedteke at den nye sentralskulen skulle plasserast på Bjørk. Den nye skulebygningen stod ferdig hausten 1968 og er framleis i bruk. I skuletunet er det seinare bygt både samfunnshus med symjehall, lysløype, fotballbane (kunstgras) ballbinge, og Jostedal barnehage. Tett attmed ligg det gamle ungdomshuset Dølaheimen (1924).
I 1970 stod den nye Luster ungdomsskule i Gaupne ferdig, og det vart eit spørsmål om kvar elevane i 7. klasse (fyrste ungdomsskulesteg) skulle gå. Luster kommunestyre vedtok at 7. klassen skulle vere ved Jostedal skule frå hausten 1976, og denne ordninga stod ved lag til 1989. Eit lokalt initiativ i 1980-åra om å få full ungdomsskule i Jostedalen førte ikkje fram.
Skuleåret 2010-2011 er Jostedal skule tredelt med 26 elevar.
Skulen tok i 1977 til å gje ut Jostedal skuleavis, som seinare vart Jostedal skule- og bygdeavis.
Litteratur
- Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.
Eksterne ressursar
- Jostedal skule (nettside)