Just Borthen

Mal:Thumb høyre Just Borthen (født 21. januar 1883 i Trondheim , død 23. juli 1961 i Oslo) var ein arkitekt som virka i perioden 1908-ca. 1950.

Han var utdanna ved Trondhjems Tekniske Læreanstalt og Akademiet i København, med eksamen i 1908. Borthen var medeigar i firmaet Borthen og Brandtzeg saman med Paul Eugen Brandtzeg frå 1914.

Av kjende arbeid kan nemnast: Avløs stasjon, Bærumsbanen 1924. Avløs funksjonærby 1924. (27 eineboligar 12 tomannsboligar for funksjonærar ved AS Bærumsbanen, alle i Bærum. Gabels gate 4, Gabelsgate felleskjøkkenhus AS, 1928, i Oslo. Førebels er ingen arbeid frå nokon gjenreisingsby kjend, men han arbeidde ifølgje Norsk kunstnerleksikon under andre verdskrigen i Bodø med gjenreising av byen.

Just Borthen er gravlagd på Vestre gravlund i Oslo.

Kilder og lenker


  Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter.