Justedalens kortelige Beskrivelse

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. nov. 2010 kl. 17:55 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Justedalens kortelige Beskrivelse''' er ei historisk-topografisk skildring av Jostedalen i Sogn og Fjordane, skrive i 1750 av Matthias Foss som var sokneprest i …)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Justedalens kortelige Beskrivelse er ei historisk-topografisk skildring av Jostedalen i Sogn og Fjordane, skrive i 1750 av Matthias Foss som var sokneprest i Jostedalen 1742-1792.

Foss sende manuskriptet til biskop Erik Pontoppidan i Bergen, som truleg hadde bede om ei slik skildring under visitasen året før. Pontoppidan tok med seg manuskriptet til København, der det i dag ligg i Thotts samling i Det kongelige Bibliotek. Justedalens kortelige Beskrivelse vart fyrste gong prenta i 1802 i Magazin for Danmark og Norges topographiske, oekonomiske og statistiske Beskrivelse.

Skildringa er ei viktig kjelde til samfunnstilhøva i Jostedalen midt på 1700-talet. Foss fekk i 1740-åra oppleve framrykkinga til breane under den vesle istida. Når ein i dag veit at Nigardsbreen nådde sin fremste posisjon i 1748, er det takk vera skildringa til Foss.

Kjelder