Justedalens kortelige Beskrivelse

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Justedalens kortelige Beskrivelse er ei historisk-topografisk skildring av Jostedalen i Sogn og Fjordane, skrive i 1750 av Matthias Foss som var sokneprest i Jostedalen 1742-1792.

Originalmanuskriptet er datert 11. mai 1750 og har tittelen Justedahlens kortelige beskrivelse. Foss sende det til biskop Erik Pontoppidan i Bergen, som truleg hadde bede om ei slik skildring under visitasen året før. Pontoppidan må ha teke med seg manuskriptet til København, der det i dag ligg i Thotts samling i Det kongelige Bibliotek. Justedalens kortelige Beskrivelse vart fyrste gong prenta i 1802 i Magazin for Danmark og Norges topographiske, oekonomiske og statistiske Beskrivelse.

Skildringa er ei viktig kjelde til samfunnstilhøva i Jostedalen midt på 1700-talet. Foss fekk i 1740-åra oppleve framrykkinga til breane under den vesle istida. Når ein i dag veit at Nigardsbreen nådde sin fremste posisjon i 1748, er det takk vera skildringa til Foss.

Den mest kjende setninga i skildringa lyder slik:

«De ere og meget langlevede, saa det er et rart eksempel nogen døer, hvilket tildeels maa komme deraf, at her er frisk og sund luft ... »

I Peer Gynt har Henrik Ibsen brukt setninga på denne måten:

«Husk paa, hvad Justedals-Presten skrev.
«det er skjeldent, at nogen døer ber i Dalen.»

Kjelder