Kilenvegen (Kviteseid)

Kilenvegen i Kilen i Kviteseid kommune går sørover som framhald av vegen Trollebotn fra Seljord kommunegrense til kommunegrensa mot Nome der han går over i Omnesvegen. Han er 11,2 kilometer lang, går for det meste gjennom skog og er ei delstrekning av fylkesveg 3326.

Kilenvegen sett sørover mot enden.
Foto: Roy Olsen (2021).

Vegen har namn etter bygda Kilen.

Fram til februar 2018 var Røyrhellevegen namnet på vegstrekninga frå krysset med Østenåvegen ved Kaasa bru til Nome kommunegrense. I eit formannskapsmøte 8. februar same år, vart det vedtatt å leggje denne 7.5 kilometer lange parsellen til Kilenvegen.

Formannskapet vedtek at vegnamnet Røyrhellevegen går ut som vegadressenamn i kommunen. Vegnamnet blir endra til Kilenvegen. Adresseobjekt langs vegstrekninga får endra adresse i samsvar med denne namneendringa. Vedtaket er gjort i medhald av matrikkellova §21.
  • Nr. 449: Kilen kapell
  • Nr. 507: Tidlegare Kilen Samvirkelag
  • Nr. 607: Kilen Camping

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Statens vegvesen: veikart
  • Telemarksavisa, 9. februar 2018: Referat frå møte i Kviteseid formannskap


Koordinater: 59.37040° N 8.78302° Ø