Østenåvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Østenåvegen noko aust for Fjågesund.
Foto: Roy Olsen (2021).

Østenåvegen i Kviteseid kommune går frå krysset med Kilenvegen og Røyrhellevegen i Kilen og fylgjer Flåvatn til Fjågesundvegen i Fjågesund. Han er ein del av fylkesveg 3320 og er 18,5 kilometer lang.

Vegen har namn etter Østenå-gardane ved vegens ende og går meist gjennom aude skogsterreng. Det er to bruer på vegstrekninga, ei i kvar ende. Ved vegens start går han over Kileåi på den 25 meter lange Kåsa bru, og i enden kryssar han Straumen på Fjågesund bru som er 258 meter lang.

Strekninga Kilen–Fiskarbekk, omlag halvveges fram til Østenå, vart anlagd som kommunal skogsbilveg i 1975, mens vegen vidare mot Østenå vart byrja på i 1976 og driven som en privat jordbruks- og skogbruksveg inntil sambandet vidare til Fjågesund vart etablert. Dette skjedde fyrst i form av kabelferga «Østenå», som trafikkerte sundet mellom Fjågesund og Østenå i regi av Kviteseid kommune fra januar 1987. Etter kvart vart det sett igang arbeid med å oppgradere standarden på vegstrekninga mellom Kilen og Østenå, og 18. desember 1997 opna Fjågesund bru, og vegstrekninga vart overført til fylket. Fyrst 1. juli 1999 vart det holdt ein offisiell seremoni for opninga av vegen.

Den delen av fylkesveg 3320 som går mellom Fjågesund og Flåbygd vart hovudsakleg bygd som ein del av vegprosjektet «Bandakvegen», fra 1980-talet omtalt som «Kanalvegen».

Kilder


Koordinater: 59.34047° N 8.79568° Ø