Kirkebygdens Meieri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kirkebygdens Meieri blei stifta i 1890.[1] Meieriet låg i Kirkebygden i Fyresdal kommune.

Historikk

Oppstarten til meieriet i Fyresdal kom etter at Bendik Taraldlien heldt eit føredrag i Fyresdal Landbuforening (seinare Fyresdal Bondelag) i 1890. Her tok Taraldlien til orde for å få oppretta meieri i Fyresdal. Tanken fenga forsamlinga, og arbeidet med etableringa vart sett i gang. Etter tre års arbeid, i 1893, vart Kirkebygdens Meieri opna som eit aksjemeieri. Allereie i 1895 tok meieriet i mot 65 719 liter mjølk og kverna 2 528 kilo smør.[2]

Meieriet i Fyresdal hadde ein svært avgrensa leverandørkrets og var hovudsakleg basert på smørproduksjon. Seinare fekk mjølkesalget meir betydning. Då Edle Stornes var meierske i Fyresdal i 1934 tok meieriet i mot heile 91 705 liter mjølk, og av dette vart 20 prosent solgt til konsum. Stornes flytta seinare til Åmli Fløytemeieri. På slutten av 1930-talet vart det arbeida for å bygge nytt mjølke- og fløytemeieri i Fyresdal. Meierinemnda teikna 480 andelar i 1939, og det vart bygsla tomt frå prestegarden. Styret i mjølkesentralen støtta utbygginga aktivt, og gjekk samstundes inn for eit påtenkt meieri på Dalen i Tokke kommune. Byggeplanane vart stoppa grunna krigen. Arbeidet med nytt meieri i Fyresdal vart tatt opp at i byrjinga av 1950-åra, men denne gongen fråråda mjølkesentralen utbygginga.[3]

Meieriet var i drift fram til 1950 då leveransen vart overført til Vest-Telemark Meieri i Kviteseid.

Kjelder

  • Samuelsen, Finn, Mjølk og organisasjon i sør: en historikk om meierier og mjølkesentraler i Agder og Telemark, Kristiansand, 1994. Digital utgåvebokhylla.
  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Digital utgave på bokhylla.

Arkiv

Arkivet etter Kirkebygdens Meieri blir oppbevart ved Fyresdal bibliotek. Sjå lista over privatarkiv frå Telemark for meir informasjon.

Referansar

  1. Sætherskar reknar stiftingsåret til 1890 enno meieriet ikkje var i drift før i 1893. (Sætherskar, 1949, s. 136.)
  2. Samuelsen, 1994, s. 377.
  3. Samuelsen, 1994, s. 377.