Kjøttbasaren (Eitrheimsvegen 15 Odda): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(kategori)
m (Teksterstatting – «Kategori:Bygninger» til «»)
 
(6 mellomliggende versjoner av 4 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
{{thumb|Kjottbasarenodda.jpg|Kjøttbasaren i Odda.|Dag Endre Opedal}}
{{thumb|Kjottbasarenodda.jpg|Kjøttbasaren i Odda.|Dag Endre Opedal}}
'''[[Kjøttbasaren (Eitrheimsveien 15 Odda)|Kjøttbasaren (Eitrheimsveien 15)]]''' er eit av dei to husa som den kjende [[Bergen|bergensarkitekten]] [[Ole Landmark]] teikna i [[Odda]]. Også dette huset er bygd medan handelen og butikkane var i ein tidleg oppbyggingsfase. Ei fasadeteikning har påskrifta «A/S Kjøtbazaren i Odda» og er datert og signert Bergen, juli 1917 Ole Landmark.
'''[[Kjøttbasaren (Eitrheimsvegen 15 Odda)|Kjøttbasaren (Eitrheimsvegen 15)]]''' er eit av dei to husa som den kjende [[Bergen|bergensarkitekten]] [[Ole Døsen Landmark (1885–1970)|Ole Landmark]] teikna i [[Odda]]. Også dette huset er bygd medan handelen og butikkane var i ein tidleg oppbyggingsfase. Ei fasadeteikning har påskrifta «A/S Kjøtbazaren i Odda» og er datert og signert Bergen, juli 1917 Ole Landmark.


Huset blei lenge heitande Kjøttbasaren, akkurat som i Bergen. Det var fleire spesialbutikkar her, kvar med si inngangsdør frå gata, men om det var slik frå starten er litt usikkert. I andre etasje låg [[Kaffistova (Odda)|Kaffistofa]], ein populær kafé og møteplass gjennom mange år.
Huset blei lenge heitande Kjøttbasaren, akkurat som i Bergen. Det var fleire spesialbutikkar her, kvar med si inngangsdør frå gata, men om det var slik frå starten er litt usikkert. I andre etasje låg [[Kaffistova (Odda)|Kaffistofa]], ein populær kafé og møteplass gjennom mange år.
Linje 11: Linje 11:
Originalteikningane til bygget finns i Landmarkarkivet i [[Bergen byarkiv]]. Arkivet viser at Landmark også har teikna privathuset for Sverre Bredal på Tokheim, betre kjent som «Ravn-huset» eller Eitrheimsvegen 139.
Originalteikningane til bygget finns i Landmarkarkivet i [[Bergen byarkiv]]. Arkivet viser at Landmark også har teikna privathuset for Sverre Bredal på Tokheim, betre kjent som «Ravn-huset» eller Eitrheimsvegen 139.


[[Kategori:Odda kommune]]
{{artikkelkoord|60.0691901|N|6.5443872|Ø}}
[[Kategori:Bygninger]]
 
[[Kategori:Ullensvang kommune]]
[[Kategori:Odda]]
 
[[Kategori:Bygninger fra 1920-åra‎]]
[[Kategori:Bygninger fra 1920-åra‎]]
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 30. mai 2023 kl. 08:05

Kjøttbasaren i Odda.
Foto: Dag Endre Opedal

Kjøttbasaren (Eitrheimsvegen 15) er eit av dei to husa som den kjende bergensarkitekten Ole Landmark teikna i Odda. Også dette huset er bygd medan handelen og butikkane var i ein tidleg oppbyggingsfase. Ei fasadeteikning har påskrifta «A/S Kjøtbazaren i Odda» og er datert og signert Bergen, juli 1917 Ole Landmark.

Huset blei lenge heitande Kjøttbasaren, akkurat som i Bergen. Det var fleire spesialbutikkar her, kvar med si inngangsdør frå gata, men om det var slik frå starten er litt usikkert. I andre etasje låg Kaffistofa, ein populær kafé og møteplass gjennom mange år.

Arkitektur

Huset har opprinneleg ein stram og vakker arkitektonisk stil med detaljer inspirert av nyklassisisme eller 20-tallsklassisisme. Men etter ombyggingar, fjerning av dørar og oppsett av markiser, må vi leita litt for å sjå linjene i bygget. Legg merke til detaljer i hjørnelister og døromramming, markeringa av skillet melom sokkel- og førsteetasje og dekorasjon som har stått over ei av dei tidlegare inngangsdørane.

Taket er valma og lite dominerande, men takutspringet stikk langt fram og gjev huset tyngde.

Originalteikningane til bygget finns i Landmarkarkivet i Bergen byarkiv. Arkivet viser at Landmark også har teikna privathuset for Sverre Bredal på Tokheim, betre kjent som «Ravn-huset» eller Eitrheimsvegen 139.


Koordinater: 60.0691901° N 6.5443872° Ø