Kjeldearkiv:Norgesbrev fra Sigrid Hangeholmen 1923-04-29

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 15. jan. 2018 kl. 14:17 av Gudmund Harildstad (Samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Norgesbrev fra Sigrid Hangeholmen 1923-04-29
Konvolutt US philatelic 1925.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 1923–04–29
Fra sted: Telemark, Tokke, Åmdals verk
Fra: Sigrid Hangeholmen
Til: Alice
Til sted: USA
Nr. i samling: 1924
Samling: Norgesbrev
Oppbevaringssted: Øyvind T. Gulliksen
Tagger: foto, Nærmiljø, bryllup, Helg og høytid, Værforhold, Årsvekst og avling, Familieforhold, veving, lærerinne, barneskole, 1. mai-feiring, Økonomiske kår, arbeidsløshet, bankfallitter, Kommunikasjon, veibygging, husorgel, håndarbeid, bunadsøm, dansestevne
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kjære Alice!

Ja, no trur De vel at eg hev gløymt Dykk; men det er no ikkje so. Men det hev ikkje vorte noka av med brevskrivinga mi, eg hev venta etter å få tak i eit bilæte og det hev teke slik tid. De veit vel at eg hev 2 krinsar, Midjås og Aamdals verk, som reiser eg i millom og dei er noko langt frå kvarandre, 2 norske mil = 8 engelske mil. So hadde eg tenkt å skrive straks etter jol, men so hadde eg reist frå bilætet og so hev det vorte utdrygt. Eg hev no fen[g]e 2 brev og tvo bilæte frå deg. Tusend takk, nei, kor moro å få sjå Dykk alle! Eg sender deg no eit par bilæte, det eine er frå eit brudlaup som eg var med i i sumar. Det er brudlaupet åt Helga Tveiten, ho som eg hev vore saman med her på verket. Der var mykje folk, 80 menneskje ialt og me hadde det ovleg moro, leika og dansa i 2 dagar.

No hev eg flutt bustad her på verket. Eg hev finare rom no. Den nye jormori her gifte seg og, og so skilde eg lag. Eg bur no ovanpå (upstades) i ein stor bygning (house) eg hev 3 rom, og De skulde sjå kor snålt eg hev det. Det gjeng ellers i sitt gamle gjenge her heime i Norig. I fjor sumar var her noko turt frå våren, og da slåtten tok til vart det mykje regn; men det vart eit tolleg godt år likevel. Her vart mykje høy og jordeple og kornet vart og bra. No i vinter hev her vore mildt og liten snø. Fyre jol var her mest bært. Men etter jol kom her noko snø. No er her bært på slettebygdane men i fjellbygdane er snø endå. Her på Verket som eg bur er snø endå, ja her er bært i solbakkane her og, men heller kaldt; men heime der far og mor bur er bært for lenge sidan. Dei vil snart til med våronni. Far og mor er friske og stukar med det same. Far er for det meste heime. Han hev vore burte nokre dagar av og til. Han hev drive med noko snikkararbeid i vinter. Han hev arbeidt um ein vevstol. De driv vel ikkje med veving i Amerika? Eg skal til å veva eg når eg er ferdig med skulen. Eg vert ferdig um 5 vekor no. No er eg mest hid[?] å gnaga med barni (children). I vinter hev [eg] havt ialt 35 barn i skulen min. Um tysdagen skal her vera fest med barnetog og stas. Det er 1 mai. Festar De 1 mai i Amerika? Her er stas 1 mai, det er socialistanes dag. De hev vel noka av dei i A. og. Her er ikkje so få av deim her i landet no. Helst i byane, på landet er ikkje mange. Bøndane er sjeldan socialistar.

Her er ikkje nett gode tider no. Her er mykje arbeidsløysa og den eine banken etter den andre gjeng fallit. Her i Telemark fylke hev nett gjeng 4 bankar dette året. 3 små og ein stor bank, "Skiensfjordens Kreditbank". Det er mange som vert fatige ved desse bankfallitane, so no hev staten teke seg av sume av dei største bankane og hjelper dei på fot att. Staten tek seg og av arbeidsløysa på mange måtar helst ved vegbygjeng. Her gjenom Skafså held dei på og byggjer ny veg no. Det er 50-60 mann i arbeid, mesteparten av arbeids folket er her frå Verket for her er ingi drift no. Verket hev stade sidan 1919. No er det "Skiensfjordens Kreditbank" som eig det og den er som sagt fallit so no er det ikkje godt å vita korleis det gjeng med Verket. Det er ikkje godt å få selja gruvor i denne tidi då malmen er so billig og arbeidsfolki heller dyre. Dagløni ved verk sviv um 10 kroner dagen, på landet noko mindre. Løni for tenest gjentor er 30-40 kroner månaden på landet, i byane er vel løni noko større for voksne gjentor.

Skulelærarane hev god løn her i landet no. Eg hev 34 skulevekor i året og løni alt i alt er 115 kroner i vika eller 19 kr dagen. So eg angrar ikkje på at eg lærde meg til lærarinne, me hev mykje fri og sluttar skulen kl. 4 um ettermiddagen so hev me heile kvelden fri, ja me må no retta eit og anna skulearbeid men det tek no ikkje so lang tid. So er det matstellet då og huset. Ein må stella upp i huset og so det vert hugnadligt. Eg hev no kaupt meg eit og anna til husbunad (household). Eg hev millom anna kaupt meg eit fint husorgel, det hev eg heime hjå mor og far endå. Men eg kan ikkje større spela endå; eg hev havt det berre ½ år, men eg skal nok læra. Ellers driv eg med saum og hekling um kveldane. Eg saumar alt til meg sjølv og noko for mor og far og so er det eit og anna kunstsaum. Eg hev sauma meg norsk bunad med norsk rosesaum. Det er den bunaden eg hev på biletet men ein ser ikkje rosone der. No held eg på med noko hardangersaum og so hev eg teke til med ein kaffiduk i norsk rosesaum, den skal bli fin trur eg, eg hev 6-7 fargar liter[?] i honom. De driv vel med rosesaum i U.S.A. og?

Eg såg i eit blad at der var eit dansarstemne i f[j]or sumar der dei hadde norske dragter og dansa gamle norske dansar. Det kjem vel på moten med norske dansar og norske dragter i U.S.A. og millom dei norske då. Her er folkeviseleiken so på moten no. I sumar skal det vera eit stort dansarstemne i Gøteborg i Sverike. Hev eg helsa, tenkte eg å taka meg ein tur dit. Det er ikkje so fælt langt herfrå - 2 dagsreisor umlag, med båt og jarnbane. Skulde vera moro koma litt ut i eit anna land og. Til vinteren hev eg tenkt på å reisa på ein skule att men eg veit det no ikkje sikkert endå. Eg er mest lei det same no; eg hev halde skule i 9 år no so eg trur eg vil læra noko meir. Her tek no til å verta noko billigare på alle ting no.

Ja, no hev eg vasa ihop so mykje at eg lyt slutta, eg veit ikkje um du skynar vaset mitt heller. Liv so inderlig vel då! Ver på det beste helsa fra far og mor og fra di Sigrid! Skriv snart!

Hjarteleg hilsing! Frk. Sigrid Hangeholmen. adr. Bandakslid pr. Skien Norway.

Her i Telemark vert mykje festar i sumar. Ungdomstemne i Vinje 15-17 juni, fylkeslærarmøte 6-8 juli, her på Dalen. Ungdomstemna[?] plar samla 4-5000 menneskje. Lærarane skal ha biltur til Fyrsdal umkring St.Hans.