Kjetil A. Flatin (1881–1916): Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 10: | Linje 10: | ||
[[Kategori:Seljord kommune]] | [[Kategori:Seljord kommune]] | ||
[[Kategori:Telemark]] | [[Kategori:Telemark]] | ||
[[Kategori:Slektshistorikere]] |
Sideversjonen fra 7. feb. 2020 kl. 08:46
Kjetil Aslaksson Flatin (1881-1916) var folkeminnesamlar og lærar frå Seljord. Han gjekk to vintrar på Telemark folkehøgskule. Han vikarierte i nokre år i ymse lærarpostar og vart fast tilsett som lærar i heimbygda i 1915.[1] Han var medlem av sogenemnda Seljord frå 1913 til han døydde i 1916.[2]
Han tok tidleg til å samle inn og skrive ned folkeminne. Fyrst vart segnene han samla inn, prenta som utklippsbøker i aviser. Seinare vart dei utgjevne som bøker.[3] Han gav ut Gamle hermennar fraa Telemork, og etter at han var død, kom slektssoga Rokkerova og Ættir fraa Selgjord.[3][1] Knut Liestøl skreiv om Kjetil A. Flatin at han «syner i bøkene sine baade vitskapleg sans og kunstnarhått» og vidare at han «var ein god forteljar og hev ein lett og livfull stil».[1]
Han var bror til folkeminnesamlaren og lokalhistorikaren Tov Flatin.[3]